Kalender Sogn og Fjordane

Fylkeslogoweb.jpg

24.01.12 14:53

Det nye Fylkesstyret

Her kan du sjå oversikt over det nye Fylkesstyret som vart vald på Fylkesårsmøtet i helga

Les mer
Fylkeslogoweb.jpg

16.01.12 09:57

Resolusjonar på Fylkesårsmøtet

Her kan du lese alle resolusjonane som er fremja og skal handsamast på Fylkesårsmøtet

Les mer
Fylkeslogoweb.jpg

16.01.12 09:40

Valkomitéen si innstilling

Her finn du valkomitéen si innstilling på val av nytt Fylkesstyre, samt andre val som skal gjennomførast på Fylkesårsmøtet.

Les mer
Fylkeslogoweb.jpg

16.01.12 09:15

Fylkesårsmøte 2012

Her finn du dagsorden og tidsskjema for Fylkesårsmøtet på Skei Hotell 21.-22. januar

Les mer
Pres-John-Kare-Larsen.jpg

21.12.11 23:21

Politikarar som har sove i 100 år

Varaordførar i Solund, John Kåre Larsen (FrP), reagerer sterkt på raud/grøne politikarar som hevdar at konkurranse og anbod ikkje fungerer i Sogn og Fjordane. Etter eit oppslag i Firda, om førdepolitikarar som ikkje ville ha konkurranse skreiv han dette innlegget.

Les mer
oldeninnvik.jpg

12.12.11 13:28

Statens Vegvesen skjuler kostnader

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane FrP, Frank Willy Djuvik, meiner at Statens Vegvesen skjuler kostnader på 150 millionar kroner på det "indre" E39-alternativet. Dette begrunnar han i at Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa seier at Statens Vegvesen sitt estimat på 300 millionar for opprusting av Olden-Innvik er i tillegg til dei 150 millionane som ho føreset at Fylkeskommunen brukar på vegen.

Les mer
flor_linje_pay.gif

12.12.11 11:52

Framlegg til Bystyret

Flora FrP fremjer 5 verbalforslag til Bystyret si handsaming av Budsjett 2012 og økonomiplan 2012-2015. Dette gjeld innføring av kommunal kontantstøtte, konkurranseutsetting av kommunen sine reinhaldstenester, utarbeiding av årleg eigarmelding, fritak frå eigedomsskatt for private barnehagar, og tilsetjingsstopp.

Les mer
bjarne-ingress.jpg

12.12.11 11:33

Liten kontroll på eigarskap

Flora FrP vil ha betre kontroll på selskapa som kommunen eig, og foreslår difor at det skal leggast fram ei årleg eigarmelding til Bystyret der ein vurderer overordna eigarskapsprinsipp og kvart enkelt selskap og føretak. Leiar i kontrollutvalet og bystyrerepresentant, Bjarne Holme (FrP), Meiner at ei årleg eigarmelding er viktig for at politikarane skal være bevisste på kva dei ynskjer med alle selskapa sine, og at politikarane idag har liten kontroll på det kommunen eig.

Les mer
Mor og barn

12.12.11 11:09

Foreslår kommunal kontantstøtte

Framstegspartiet foreslår å utgreie innføring av kommunal kontantstøtte i Flora kommune frå hausten 2012. – Dette vil føre til både ei økonomisk innsparing for kommunen, men endå viktigare at vi får frigitt barnehagekapasitet og foreldra får behalde sin valfridom, seier Gruppeleiar i Flora FrP, Frank Willy Djuvik.

Les mer
fwdi1.jpg

09.12.11 12:48

Vil konkurranseutsette reinhald i Flora

Flora FrP fremjer i neste veke framlegg i Bystyret om å konkurranseutsettje reinhaldstenestene i kommunen. Basert på ein rapport frå NHO-Service tidlegare iår kan dette føre til besparingar opp til 5 millionar kroner i året for Flora kommune. - Det er viktig at vi finn effektive måtar å løyse oppgåvene våre på, slik at vi frigjer ressursar til det vi verkeleg ynskjer å satse på, seier Gruppeleiar i Flora FrP, Frank Willy Djuvik.

Les mer
oldeninnvik.jpg

29.11.11 12:44

Vil ha finansieringsgaranti frå Staten

Framstegspartiet ber om at Samferdsleministeren sikrar attendebetaling til Fylkeskommunen for Olden-Innvik, viss det indre E39-alternativet vert vald. Fylkesleiar, Frank Willy Djuvik, seier at ham ikkje er villig til å betale for Staten sine vegar

Les mer
starheim_002.jpg

16.11.11 15:17

Vil gje 65 millionar meir til kommunane i fylket

I sitt alternative statsbudsjett, som vart lagt fram i dag, føreslår FrP å øyremerke over 65 millionar kroner ekstra til kommunane i Sogn og Fjordane neste år. Stortingsrepresentant, Åge Starheim, seier at styrking av primærtenestene i kommunane er det viktigaste for å sikre likeverdige velferdstilbod til innbyggjarane.

Les mer
fwdi1.jpg

16.11.11 15:14

Kraftig auke i samferdslemidlane til Sogn og Fjordane

I sitt alternative statsbudsjett, som vart lagt fram i dag, føreslår Framstegspartiet å bruke over 2 milliardar kroner meir enn regjeringa i årlege investeringar på E39. Fylkesleiar i FrP, Frank WiIly Djuvik, seier og at partiet i tillegg set av 76,3 millionar i årlege fylkesveginvesteringar, 188,3 millionar til rassikring og 32 millionar til trafikksikringstiltak i Sogn og Fjordane.

Les mer
kristine lie ingress

14.11.11 12:37

Generasjonsskifte i Sogndal FrP

Kristine Lie (19) overtek leiarklubba i Sogndal FrP, som er det største FrP-lokallaget i fylket. Tidlegare i haust overtok Stig Ove Ølmheim (22) vervet som gruppeleiar i kommunestyregruppa.

Les mer
fwdi1.jpg

08.09.11 12:00

Oppfordrar til å stemme for fornying

I ein video på Youtube, oppfordrar Fylkesordførarkandidat for Sogn og Fjordane FrP, Frank Willy Djuvik, til å nytte stemmeretten. - Viss innbyggjarane vil ha ein ny kurs, med fokus på betre vegar, betre næringsutvikling og fleire innbyggjarar, så må dei stemme på FrP, oppfordrar han.

Les mer
hakonsen ingress

11.08.11 22:39

Til kamp mot avgiftsbyen!

Ordførarkandidat for Førde FrP, Ove Håkonsen, meiner at Førde er i ferd med å verte ein avgiftsby. Med allereie høge kommunale avgifter og eigedomsskatt fryktar han for tilflytting og næringsutvikling når det også kjem bompengar og ein uavklara situasjon når det gjeld parkeringsavgift.

Les mer
Pres-John-Kare-Larsen.jpg

08.09.11 11:18

Vil tilbake i ordførarstolen

“Gamle-ordføraren” i Solund, John Kåre Larsen har gjerne lyst tilbake i ordførarstolen. – Eg har mykje ugjort i kommunen, og no er det viktigare enn nokon gong at vi har nokon med handlekraft og nye tankar ved roret i Solund, seier han.

Les mer
Pres-Lars-Svein-Drablos.jpg

08.09.11 11:18

Samhandlingsreforma er distriktsfiendtlig

For å gjennomføre samhandlingsreforma vert det overført midlar frå helseføretaka til kommunane. Dette medfører at både sjukehusa og kommunane, med sin allereie dårlege økonomi, må sentralisere tenester for å klare det økonomisk. – Dette ser vi no resultatet av i Sogn og Fjordane, seier ordførarkandidat for Eid FrP, Lars-Svein Drabløs.

Les mer
talent.jpg

30.08.11 13:26

Det er vi som er framtida!

Dei seinare åra har det dukka opp fleire unge politiske talent i Sogn og Fjordane FrP, nokre av dei har vore med lenge, andre er relativt ferske. Felles for dei alle: Dei har ambisjonar om å verte framtidas toneangivande politkarar i fylket!

Les mer
Hogne

30.08.11 13:26

“Den ferske veteranen”

Hogne Bleie er nykommar i det politiske landskapet i Vågsøy, samstundes er han ein veteran med ei politisk karriere som strekkjer seg heilt tilbake til 1981. No er Hogne klar til å overta styringa i kommunen.

Les mer
fjord1.jpg

22.08.11 16:58

Bruk forkjøpsretten på Fjord1

Blogg: Torsdag 25. august skal Fylkestinget avgjere om Sogn og Fjordane Fylkeskommune skal nytte forkjøpsretten på aksjane i Fjord1, eller om Havila skal få kjøpe 41% av Møre og Romsdal Fylkeskommune. Etter FrP sitt syn er det berre ein fornuftig ting å gjere, å det er å nytte forkjøpsretten for å sikre verdiane, arbeidsplassane og framtida for Fjord1.

Les mer
fwdi1.jpg

22.08.11 16:08

Nye løysingar på gamle problem

Det store spørsmålet 12. september er: ”Skal ein gå seg djupare ned i allereie opptråkka spor, eller skal ein finne nye spor i ei ny retning?” Sogn og Fjordane FrP har dei nye løysingane på dei same gamle problema, og vi har handlekraftige fylkespolitikarar som står klar til å gjere jobben.

Les mer
SivIngr.jpg

15.08.11 17:00

Valkampopning med Siv Jensen

Siv Jensen deltek på Sogn og Fjordane FrP si valkampopning i Førde, onsdag 17. august. Jensen skal også vitje verksemder og institusjonar i både Florø og Førde. Sjå heile programmet her

Les mer
sandberg002.jpg

15.08.11 16:48

Per Sandberg til Sogndal

Nestleiar i Framstegspartiet og leiar i Justiskomitéen på Stortinget, Per Sandberg, Kjem til Sogndal tirsdag 16. august. Sjå heile programmet her.

Les mer
skeival.jpg

14.08.11 20:07

FrP sin politikk står fast!

Blogg: 14. august holdt Frank Willy Djuvik følgjande innlegg om å drive valkamp etter 22. juli, innvandringspolitikk og demokrati, på Sogn og Fjordane FrP sin valkonferanse på Skei

Les mer
Valtv.jpg

13.08.11 20:37

VALTV.NO – Valkampen i lyd og bilete

Søndag 14. august vert Sogn og Fjordane FrP sin eigen TV-kanal på internett, www.valtv.no lansert. Her kan veljarane følgje valkampen tett i lyd og bilete utan å gå ut av huset. Sjå Videoinnslag frå arrangement og debattar, sjå videopresentasjonar av kandidatar og følg våre livesendingar.

Les mer
Lys

23.07.11 16:40

Ein frykteleg tragedie

Sogn og Fjordane FrP vil utrykke sin medfølelse med alle både offer, pårørande og andre berørde etter gårsdagens fryktelege hendingar.

Les mer
Klasserom

11.07.11 11:02

Visjonslaus skulepolitikk i Flora

Ordførarkandidat for Framstegspartiet i Flora, Frank Willy Djuvik, meiner visjonslaus skulepolitikk og tiltakslause politikarar er årsaka til at Floraskulane kjem heilt ned på ein 337. plass på dei nasjonale prøvane. Han meiner at fokus på skulen er den beste framtidsinvesteringa ein kan gjere.

Les mer
fordestand1web.jpg

11.07.11 09:24

Stand på Førdefestivalen

Førde FrP hadde stand i forbindelse med Førde Internasjonale folkemusikkfestival, og det var mange som tok turen innom standen. Det vart steikt opp 20 liter vaffelrøre og gjekk med ein god del liter kaffi på dei 2 dagane standen varte. Folk var svært positive og tok villig med seg både brosjyre og vaffel, og slo av ein prat med dei 6-7 FrParane som deltok.

Les mer
Fagforbundet.jpg

10.07.11 19:19

Kunnskapslause frå Fagforbundet

Blogg: I eit lesarinnlegg i Firdaposten, syner Fagforbundet med all tydelighet, at dei ikkje har kunnskap om det norske velferdssystemet og heller ikkje anar forskjellen på privatisering og konkurranseutsetting. Er det på denne måten Fagforbundet skal opptre i debatten?

Les mer
fwdepleweb.jpg

08.07.11 19:14

Det betyr noko å stemme FrP

I eit kort videoklipp på YouTube, oppfordrar Fylkesleiar og Ordførarkandidat i Flora, Frank Willy Djuvik, veljarane til å stemme på FrP fordi det betyr noko. - Det betyr noko for borna, det betyr noko for dei eldre og det betyr noko for den einskilde, seier Djuvik i klippet.

Les mer
nordfjordsjuk.jpg

30.06.11 00:23

Nei til offentleg utdeling av Heroin

"Når sak om Heroinassistert behandling var på høyring i forbindelse med Stoltenbergutvalet sin rapport, var det berre Høgre og Framstegspartiet i Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane som sa nei til ei prøveordning der heroin vart ein del av LAR-programmet. Nettopp fordi den einaste metoden å få dei som har denne sjukdomen, som rusavhengiheit er, friske på, er å gjere dei rusfrie! Ikkje å la dei få tilført meir av den gifta som kroppen febrilsk arbeidar imot for å kvitte seg med.", skriv Fylkestingsmedlem, Elin-Merete Førde i eit lesarinnlegg. Les heile innlegget her

Les mer
fwdi1.jpg

28.06.11 10:39

-Utidig politisk korrupsjon

Fagforbundet har invitert nærare 600 av medlemmane sine til “Valkampopning” og konsert med Åge og Sambandet i Førdehuset 4. august. Her har dei også invitert fylkespolitikarar frå AP, SV og SP til å halde politiske appellar. Ingen frå dei borgarlege partia er invitert. – Utidig politisk korrupsjon, seier Fylkesleiar i FrP, Frank Willy Djuvik

Les mer
Jente med bøker

24.06.11 09:21

FrP vil ha ein skule for alle!

Medlem i Hovedutval for Opplæring og Fylkestinget for FrP, Elin-Merete Førde, skriv i eit lesarinnlegg kvifor FrP sin skulepolitikk er best i Sogn og Fjordane. Dette er eit svar til Karianne Torvanger, som ved fleire høve har skrive lesarbrev og uttalt at ho og AP er best egna til å velje for elevane. Les heile innlegget her.

Les mer
soogkl.jpg

02.06.11 17:32

Skal jobbe for Siv på Tinget

Dei unge FpU-politikarane Stig Ove Ølmheim (22) og Kristine Lie (19), begge frå Sogndal, har fått sommarjobb som trainee for Stortingsgruppa til Framstegspartiet (FrP). Partiet hadde lyst ut 6 trainee-stillingar, og i sterk konkurranse med mange søkjarar frå heile landet har dei to ungdommane frå Sogn og Fjordane FrP fått tilbod om, og takka ja, til stillingane.

Les mer
mgp-ingress.jpg

01.06.11 13:41

Skivebom frå BRAK

Blogg: Stig Ese Eliassen i musikkinteresseorganisasjonen BRAK, går hardt ut i NRK Sogn og Fjordane, å seier at han er ekstremt provosert over at Fylkespolitikarane løyver 750.000 kroner til å arrangere MGP-delfinale i Florø. Han seier at organisasjonen skal samle musikkmiljøet i fylket til å gå saman om å overtyde Fylkestinget om at dette er heilt feil pengebruk. Dette er skivebom frå BRAK!

Les mer
fwd se1

25.05.11 17:54

Utfordrar sjefredaktør til debatt

Blogg: Eit sikkert teikn på at vi nærmar oss valkampen, er alltid når Sjefredaktør i Firda, Jan Atle Stang, som forøvrig også er/var eit aktivt medlem i Arbeidarpartiet, startar sin valkampanje mot FrP. Før Stortingsvalet i 2009, nærare bestemt 15. august, brente han til med ein ”spesial-leiar” over ei heilside der han adopterte alle dei retoriske poenga som han kunne finne i replikkheftet som var utsendt til alle medlemmane i Arbeidarpartiet.

Les mer

19.05.11 03:59

Kan vippe den raudgrøne regjeringa!

- Mitt "take home message" til dåkker e: Kampen for lokalsjukehusa står no!, sa Åge Austheim frå Kristiansund på Landsmøtet til FrP. - Det er ein sak så kraftig at den kan, åleine, vippe heile den raudgrøne regjeringa ut av regjeringskontora i 2011. Sjå heile talen til Austheim.

YouTube
sentsjuk.jpg

19.05.11 03:02

Til kamp for Sentralsjukehuset

Blogg: Kampen for lokalsjukehusa er på ingen måte over, og det ville overraske meg stort om ikkje det framleis vil komme overraskingar frå både helseføretak, storting og regjering, når det gjeld tenester og funksjonar både i Lærdal og på Eid. Samstundes er det no alvorleg viktig at ein starter arbeidet med å sikre funksjonane ved Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane. For det er ikkje tvil om at det er faretrugande tegn, som tyder på at ein kan risikere ein like langvarig og opprivande kamp om Sentralsjukehuset, som vi har sett for lokalsjukehusa.

Les mer
fwdlmweb.jpg

16.05.11 17:55

Vil ikkje betale for hobbybønder

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane FrP, Frank Willy Djuvik, tok eit kraftig oppgjer med feilslått norsk landbrukspolitikk, på Framstegspartiets Landsmøte 13.-15. mai. Han hevda at SP og Bondelaget bevisst fører ein politikk som reduserer bøndene til ein mottakar av offentlege ytingar, og til eit liv som hobbybønder. - Ein kan gjerne drive med landbruk på hobbybasis, men ikkje forvent at skattebetalarane skal betale for det, sa han.

Les mer
kommunekart

10.05.11 09:52

Endeleg fylkesprogram

Sogn og Fjordane FrP sitt Fylkestingsprogram for perioden 2011-2015 vart vedteken på eit ekstraordinært årsmøte i Florø 07. mai 2011

Les mer
ritalmweb.jpg

16.05.11 17:29

- Om det ryke ein rådmann eller to, så får det våge seg

Ordførarkandidat for Sogndal FrP, Rita Navarsete, sparte ikkje på krutet då ho entra talarstolen på Framstegspartiets Landsmøte. Etter å ha først fortald kvifor det var viktig med FrP i posisjon i norske kommunar og verdighet i eldreomsorga, klinka ho til med ei salve mot det kommunale byråkratiet. "Rådmannen står ikkje til ansvar ovanfor innbyggjarane, og då er det ikkje riktig at det er rådmannen og hans byråkrati som skal stikke kjeppar i hjula for utvikling og vekst i kommunane. Kommunen skal være ein service til innbyggjarane, ikkje ein bremsekloss, sa Navarsete til stor applaus frå salen

Les mer
hakonsen ingress

09.05.11 11:58

Innbyggjarane i Førde er misnøgd med Eigedomsskatten

47,5% av dei spurde i ei meiningsmåling, utførd av Infact blant 559 innbyggjarar i Førde kommune, meiner at eigedomskatten er for høg, 30,4% meiner nivået er passe, og berre 3,9% av dei spurde meiner at eigedomsskatten er for låg. Ordførarkandidat for Førde FrP, Ove Håkonsen, er ikkje overraska.

Les mer
nordfjordsjuk.jpg

04.04.11 12:04

Senterpartiet og SV sitt svik

Blogg: I Stortinget si handsaming av Datalagringsdirektivet idag vil Senterpartiet og SV gå imot si eiga regjering. I staden står dei saman med størstedelen av oposisjonen og stemmer imot DLD. Men når det kjem til å oppretthalde eit avgjerande tryggleikstilbod, som fødetilbod, på lokalsjukehusa, er ikkje SP og SV villige til å gjere det same. Dette syner at spesielt Senterpartiet farer med tomt prat, og no ofrar tryggleiken til dei fødande i Sogn og Fjordane.

Les mer
bjarne-ingress.jpg

11.04.11 21:52

Vil ha ny barnehage i Flora

Flora FrP fremjer forslag om at det vert etablert ein ny barnehage for å sikre at ungar som ikkje har lovfesta rett til barnehageplass får det. Dette gjer vi for å sikre at kommunen er ein stad der unge menneske i etablererfasen vert ynskt velkommen, og tatt vare på, seier Gruppeleiar Bjarne Holme

Les mer
Partiledelsenliten.jpg

28.03.11 12:48

Full tillit til Siv Jensen

Blogg: Ein kan sei og meine mykje om partileiinga si handtering av Birkedal-saka, og eg har tenkt å sei det. Men eg skal seie det til partileiinga gjennom dei interne organisasjonsledda, og ikkje gjennom media i form av anonyme uttalelsar eller mistillitsforslag mot Generalsekretæren eller Partileiaren. Og for dei som måtte spekulere i om partiorganisasjonen har fått munnkorg? Det har vi ikkje, og eg har ikkje vorte oppringt av verken Siv Jensen eller Geir Mo, så difor har eg tenkt å skrive akkurat kva eg meiner om eigne tillitsvalde med markeringsbehov.

Les mer
anders-magne-ingress.jpg

25.03.11 10:28

Slår eit slag for sentrumsutvikling i Stryn

Formannskapsmedlem Anders Magne Vik (Frp) meiner Stryn kommune må ta grep for å frigjere den mest attraktive tomta i Stryn sentrum.

Les mer
forde.jpg

03.04.11 10:27

Manglande sentersatsing er problemmet

Blogg: I dag tidleg høyrde eg på NRK Sogn og Fjordane at Ordførar i Selje, Gunn Helgesen frå KRF, og nestleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Arve Mjømen, sa at sentersatsinga i fylket går på bekostning av utkantana. Hvis ein trur at det er satsa på sentera i Sogn og Fjordane så har ein store problem med si eiga verkelegheitsoppfattning. Årsaka til at utkantane slit med nedgong i folketalet er jo nettopp den manglande satsinga på regionale og fylkesdekkande vekstsenter.

Les mer
Bremangersambandet__128440c.jpg

21.03.11 13:36

Merkeleg prioritering frå fylkesadministrasjonen

Blogg: I revideringa av fylkesvegprogrammet for Sogn og Fjordane innstiller fylkesrådmannen på at den manglande strekninga på Bremanger2-sambandet og Torheimsvegen ikkje bør prioriterast no, men at pengane heller bør settast av til opprusting av Olden-Innvik. Men når ein les saka, så ser ein at det eine ikkje utelukkar det andre. For det rådmannen gjer er faktisk å sette av ganske mykje pengar for "trongare tider" i framtida. Spørsmålet då vert: Skal ein prioritere å byggje vegane så fort ein kan, eller vente til om 4 år for å byggje dei samme vegane?

Les mer
OvH ingress

15.03.11 12:52

Ove Håkonsen ordførarkandidat for FrP

Ove Håkonsen er av nominasjonsmøtet i Førde FrP vald til ordførarkandidat. med seg på lista har Håkonsen Bjørg Sølvi Refvik, Tony Falkenstein og Rune Fauske på dei neste plassane

Les mer