Kalender Sogn og Fjordane

I menyen til venstre kan du finne informasjon om våre organisasjonsledd og våre tillits-og folkevalde på forskjellige nivå.

Fylkeslaget består av alle medlemmar av Framstegspartiet i Sogn og Fjordane. Dei ca 500 medlemmane er organisert i 19 lokallag som dekkar 20 kommunar. I tillegg til Fylkestinget er Framstegspartiet representert i 13 kommunestyrer i fylket. Partiet stiller liste i 20 av kommunane i fylket hausten 2011.

Historie:

Sogn og Fjordane FrP vart skipa i 1983 med Finn Ove Njøsen, Førde, som første formann. Partiet stilte sine første lokale lister til kommune- og fylkestingsvalet same året, og fekk inn Alf Kollseter frå Sogndalsdalen på fylkestinget.

Første stortingsrepresentanten til Frp frå Sogn og Fjordane vart Åge Starheim, Selje, 2005- .

Lars Svein Drabløs frå Nordfjordeid var den første fylkessekretæren i partiet.

Fylkestingsrepresentantar frå Sogn og Fjordane sidan 1984:

  • 1984-1987: Alf Kollseter, Sogndal
  • 1988-1992: Alf Kollseter, Sogndal - Magne Sægrov, Førde
  • 1992-1995: Magne Dvergsdal, Jølster
  • 1995-1999: Audun Muri, Stryn - John Kåre Larsen, Solund
  • 1999-2003: Henning Lem, Sogndal - Jostein Kvalsvik, Førde
  • 2003-2007: Jostein Kvalsvik, Førde - Åge Starheim, Selje - Elin-Merete Førde, Bremanger
  • 2007-2011: Jostein Kvalsvik, Førde (2007-2009) - Svein Hansen, Selje - Elin-Merete Førde, Bremanger - Siri-Bente Fuhr, Luster - Frank Willy Djuvik (2010-2011).