Kalender Hordaland

01.06.08 17:36

Interpellasjon om revisjonsplikt for små føretak

 

 

Det er viktig med konkurransedyktige rammebetingelsar for små føretak for å leggje grunnlag for vidare vekst i næringslivet. Eit omfattande regelverk med skjema og rapporteringsplikt er ei større utfordring for små føretak enn for store bedrifter og det er derfor no viktig med særskilt merksemd knytta til byrdene offentlige myndigheter pålegg desse føretaka.

 

Dagens regelverk fører med seg ein uheldig forskjellsbehandling av selskapstypar når det gjeld  rapporteringsplikter, der små aksjeselskaper kjem dårleg ut.  I dag har alle norske aksjeselskap revisjonsplikt. På den andre sida er utanlandske selskap med NUF-etablering unnateke frå revisjonsplikt i Noreg dersom årleg omsetnad er under fem millionar kroner. Det er viktig at selskapsformer vert likestillt og at regelverket vert forenkla.

Finansdepartementet har no nedsett eit utval som skal gjennomgå regelverket om revisjonsplikt for små føretak men interpellanten mener dette er et arbeid som haster. I våre naboland som Danmark, Finland og Sverige er det allereie innført eller ein er i ferd med å innføre unntak frå revisjonsplikt for dei minste aksjeselskapa.

 

På grunn av dagens revisjonsplikt for små aksjeselskap har det dei seinare åra vore ein utvikling i retning av at norske småbedrifter driv verksemda si gjennom norskregistrerte utenlandske selskap (NUF).

 

Forslagstillarane meiner det er viktig at det snarast mogeleg vert gjennomført fritak for revisjonsplikt for små føretak i Norge. Dette vil gje ei likebehandling av selskapsformer samt rammebetingelser for små føretak i Norge som er på linje med våre naboland.

 

Forslag:

 

Radøy kommune ber regjeringa snarast mogeleg fremmje forslag om å avvikle revisjonsplikta for små føretak for å skape likeverdige og gode rammebetingelsar.