Kalender Hordaland

10.09.06 00:13

Kjøkkendrift konkurranseutsatt i Os

 

 

Os formannskap vedtok i dag med 7 røyster (4 FrP, H, KrF, TvS) mot 2 røyster (AP) å konkurranseutsetja kjøkkendrifta ved Luranetunet pleie og omsorgsenter.

 

I anbudsprosessen kom det i alt inn fire tilbod, og firmaet Beredt AS leverte det totalt gunstigaste tilbodet. Deira pristilbod er mellom anna kr 667 000 rimelegare pr år enn tilbodet levert frå kommunen sitt eige kjøkken. Skildnaden er 15,2% i favør beredt AS, og over ein avtaleperiode på fire år utgjer dette ei innsparing på kr 2,7 mill for Os kommune.

 

- Vi er svært nøgd med resultatet av konkurranseutsettinga. Nivå og kvalitet på tenesta vert vidareført, og kommunen sit at med 2,7 mill kroner som kan nyttast til andre god formål , uttalar ordførar Terje Søviknes som framhevar at konkurranse er eit viktig virkemiddel i offentleg tenesteproduksjon.

 

- I tillegg er det viktig å presisera at alle ansatte ved dagens kommunale kjøkken er sikra jobb i Beredt AS, og at pensjonsordninga i selskapet er tilfredstillane. For dei eldre og andre som får mat frå kjøkkenet er det nok også avgjerande at produksjonen framleis skal skje i eksisterande kjøkken knytt til Luranetunet pleie og omsorgssenter, avsluttar Søviknes.

 

 

For ytterligare info, ring ;                         Ordførar Terje Søviknes , tlf. 90 61 15 03