Eldreomsorg
Etne FrP vil at dei eldre i kommunen skal ha ein best mogeleg alderdom med livskvalitet.
Etne FrP vil tilby valmogelegheiter i matvegen på sjukeheimane, med bemanna kjøken sju dagar i veka.
Etne FrP vil syta for å auka til ei meir høveleg bemanning på sjukeheimane der det er behov for det.
Etne FrP vil utvida talet på sjukeheimsplassar ved å byggja ei ny eining som heilt eller delvis kan drivast i privat regi,
slik at me er førebudde på framtidige behov.
Etne FrP vil leggja til rettes for rekruttering av fagpersonell innan helse og omsorg.
Ungdom
Etne FrP vil støtta frivillige lag og organisasjonar med fortsatt å gje barn og unge eitt breitt og variert fritidstilbod.
Etne FrP vil byggja ein stor fleirbrukshall i staden for det planlagde kulturhuset.
Etne FrP vil byggja ein innandørs ridehall.
Etne FrP vil gje born og unge ein best mogeleg skule.
Vegar
Etne FrP vil syta for sikker ferdsel mellom grendene og bygdene ved å byggja sykkel- og gangvegar både i Skånevik og i tilknytning
til Etnesjøen.
Etne FrP vil betra vedlikehaldet av kommunale vegar.
Etne FrP vil utbetra Mørkelikrysset.
Etne FrP vil arbeida for at ei utbetring av E134 mellom Ølen og Kyrping blir høgare prioritert i Nasjonal Transport Plan.
Etne FrP vil arbeida for ei framskunding av byggjinga av tunnel mellom Skånevik og Etnesjøen.
JA-kommunen
Etne FrP vil stå for ein "open dør"-politikk, der kommuneadministrasjonen skal tena innbyggjarane og ordførar og rådmann skal
gjerast meir tilgjengelege.
Etne FrP vil syta for ei raskare kommunal sakshandsaming, og hindra at saker "druknar" i forvaltninga og arbeida for større
sjølvråderett på eigen eigedom.
Etne FrP vil stimulera til auka tilflytting ved å leggja til rettes for barnefamiliar, med mellom anna attraktive tomter og
eit godt barnehagetilbod.
Etne FrP vil arbeida for at etablerarar skal møtast med ei positiv haldning og rask handsaming frå kommuneadministrasjonen, og syta for attraktive næringstomter i heile kommunen.
Etne FrP vil arbeida for at etablerarar skal møtast med ei positiv haldning og rask handsaming frå kommuneadministrasjonen, og syta for attraktive næringstomter i heile kommunen.

