Kalender Hordaland

Oppdatert 15.07.09 02:41

 

Etne FrP, kommunestyregruppa

v/ gruppeleiar Roger Nilsen

Enge

5590 Etne                                                                  Etne 14.07.09

 

 

Etne kommune

v/ Rådmann Elling Hetland

Postboks 54

5591 Etne

 

 

 

UTFYLLANDE INFORMASJON OMKRING KRAV OM LOVLEGHEITSKONTROLL AV BYGGEVEDTAK – SKAKKESENTERET, K-SAK 055/09

 

I kommunestyret den 01.07.09 fremja kommunestyregruppa til Etne FrP krav om lovlegheitskontroll av vedtaket i K-sak 055/09. Bakgrunnen for kravet er fleirdelt og me vil med dette gi ei meir grundig forklaring på dei momenta me finn kritikkverdige.

 

 

Kort informasjon om kommunens økonomiske situasjon

 

Det er ei kjent sak for dei fleste kommunar at ein kvart år må gjennom meir eller mindre tøffe prioriteringar i budsjettsamanheng grunna marginal kommuneøkonomi. Etne kommune har dei siste åra hatt små overskot i rekneskapen, men dette skuldast for ein stor del auke i skatteinntekta, uoppnådde gjennomføringar av budsjettpostar, vakansar i stillingar og stram budsjettdisiplin. Overskotet i rekneskapen for 2008 var på 1,44%, noko som svarar til i overkant av 3 millionar kroner. Siste informasjon me har mottatt frå Rådmannen visar totale fondsavsetningar på omlag 28 millionar kroner. Med eit så lite handlingsrom ser Etne FrP det som naudsynt at ein greier ut dei rimelegaste løysingane som kan dekka innbyggerane sine behov til ei kvar tid, slik at ein kan få mest mogeleg ut av kvar krone.

 

 

Behov innan lovpålagt kommunal tenesteyting

 

Statistikkane viser at Etne kommune innehar ein desidert jumboplass i Hordaland fylke når det kjem til ressursbruk i eldreomsorga, både når det gjeld pengar og personale. Dette gjeld også i gruppe 2, som er samanliknbare kommunar, på landsbasis. Kommunestyret har i den siste tida vedteke noko meir ressursar, men det er ytterlegare behov for satsing innan denne sektoren. Mellom anna ligg det føre planar om oppgradering av den eldste delen av Etne Omsorgssenter, som ikkje lenger har tilfredsstillande standard, noko som vil verta eit økonomisk kjempeløft for ein allereie hardt pressa kommuneøkonomi.

 

Innan psykisk helseteneste er ikkje behovet for investeringar mindre. Etne kommune har ikkje eit heilskapleg psykiatrisk tilbod, og treng som eit minimum psykiatriske bustader med kvalifisert bemanning – i tillegg til ei styrking av den generelle tenesta. Dette vil også verta eit økonomisk kjempeløft for ein allereie hardt pressa kommuneøkonomi.

 

Kommunen har eit velfungerande og mykje brukt bibliotek som har lite tilfredstillande lokalitetar. Dette vil verta betre gjennom Skakke-prosjektet, men truleg til ein høgare pris enn naudsynt. Eit nytt bibliotek vil kunna etablerast i ein ny fleirbrukshall.

 

Grunnskulen har tilsynelatande gode kår i Etne kommune – trass i store omorganiseringar i form av eit meir sentralisert tilbod gjennom skulenedleggingar dei siste åra. Unntaket er lokalitetane for fysisk fostring ved Enge skule som er særs kritikkverdige. Dette skal løysast gjennom Skakkesenteret, trass i at ein ikkje har greidd ut bygging av ein rimelegare fleirbrukshall som kan dekka behova til grunnskulen, idretten og den vidaregåande skulen. Fleirbrukshallar blir reist i omkringliggande kommunar med prisanslag på omlag 15-20 millionar kroner. Behovet for ein fleirbrukshall i Etne sentrum er stort, og vil etter vår meining dekka det behovet som ligg føre, nå og i framtida.

 

Kulturskulen treng betre kår, noko ein vil løysa gjennom Skakkesenteret, trass i at kulturskulen framleis skal ha lokalitetar i det eksisterande kulturhuset.

 

 

Behov innan anna  kommunal tenesteyting

 

Eininga for drift og vedlikehald har lite tilfredsstillande lokalitetar og investeringar til mange millionar kroner for å bøta på denne situasjonen er nært føreståande.

 

Det er vedteke å innføra elektronisk kundehandsaming innan kommunal tenesteyting, og dette vil kosta mykje pengar i investeringar, i tillegg til årlege driftskostnader på fleire hundre tusen kroner. IKT-sektoren må også styrkast med nye stillingar.

 

Planarbeidet i kommunen er i ein særs vanskeleg situasjon med omsyn på ressursar, både økonomisk og ut frå at det er vanskeleg å skaffa nok spesialisert personale i ein pressa marknad. Skal dette arbeidet legga grunnen for vekst og ekspansjon i Etne kommune, vil det måtta tilførast midlar. Næringslivet pressar på med ynskje om attraktive areal for relokalisering eller nyetableringar.

 

Sikker skuleveg for borna har blitt eit heitt tema etter prosessen med sentralisering av skulane, i fyrste rekke til Enge skule, men også i andre delar av kommunen. I Skånevik har kommunen fått tilsagn frå Fylkeskommunen om at det kan forskoterast ein parsell med vegutbetring og gang-/sykkelveg. Prisen for kommunen vil vera omlag 600.000,- i året inntil forskoteringa blir løyst ut av fylket. Tilsvarande er det eit skrikande behov for forskotering av gang-/sykkelveg frå Etne sentrum langs E134 til Håfoss/Vad/Grønstad. Planane for denne utbetringa ligg ute til høyring i desse dagar, og vil sikra skulevegen for fleire grender. Den årlege prisen er førebels ukjent. Eit ulykkesbelasta vegkryss som gir tilkomst frå E134 til eit ekspansivt og relativt sentrumsnært område, Sørstranda, treng snarleg utbetring før det går liv tapt. Skal dette vegkrysset, kjent som Mørkelikrysset, bli utbetra må også dette forskoterast. Planane ligg ute til høyring i desse dagar. Prisen er førebels ukjent.

 

 

Fylkeskommunen og Etne vidaregåande skule

 

Fylkeskommunen har vedteke at dei skal kjøpa skuledelen som skal husa Etne vidaregåande skule i Skakkesenteret, under føresetnad om at kommunen, dersom fylkeskommunen krev det, skal løysa ut investeringa tidlegast om seks år, seinast om 10 år. Ei slik utløysing vil krevja så store ressursar at det er utopi å tru at kommunen skal klara dette innanføre dei gitte rammene, det same gjeld for Kulturhuset BA (eigarselskapet bak Skakkesenteret). Det har den siste tida blitt kjent at lokala til ei verna verksemd, Øyane Asvo, som ligg omlag 200 meter unna dagens kulturhus, vil bli ledige. Desse lokala, med tilhøyrande utvidingsmogelegheiter, bør etter vår meining greiast ut som eit rimelegare alternativ til seksjonen i Skakkesenteret. Det vil her truleg bli høve til å samla heile Etne vidaregåande skule under eit tak, - også avdelinga på Tesdal. Lokala har ei prisantydning på i underkant av 4 millionar kroner, og det er planert ut ei utvidingstomt på omlag eit mål.

 

 

Sakshandsaminga

 

Saka har blitt til gjennom ein lang prosess, og har vore i stadig forandring. Fleire gonger har saka blitt handsama i kommunestyret og det har blitt gitt signal om at prisen må reduserast saman med arealet. Trass i dette har Kulturhuset BA gjentatte gonger auka både pris og areal. Kulturhuset BA har i mange månader hatt anbudsmaterialet utan at Etne kommune, Rådmann eller politikarar har fått innsyn i talmaterialet før mindre enn ei veke forut for det ekstraordinære kommunestyremøtet den 30.juni 2009. Alt som har blitt formidla til politisk nivå er omtrentlege totalprisar for dei ulike seksjonane.

 

Innkallinga til det ekstraordinære kommunestyremøtet var under einkvar kritikk. Den kom for seint etter reglementet, sakspapira blei ikkje distribuert etter vanleg praksis, men måtte avhentast på Etne tinghus. I ei så omfattande sak som dette er det, etter vår meining, ikkje nok med 1-3 dagar til gjennomsyn og opparbeiding av ei kvalifisert vurdering. Saka blei handsama som ei hastesak, trass i at Kulturhuset BA har hatt saksgrunnlaget tilgjengeleg i mange månader. Rådmannen har gjennom saksutgreiinga sagt at det er mange punkt han skulle hatt tid til å greia ut ytterlegare, og han har gjennom saksutgreiinga endra føresetnadene for Kulturhuset BA sitt budsjett, i tillegg til Etne kommune sin økonomiske plan. Med basis i dette er det, etter vår meining, fatta eit vedtak i saka basert på sterkt mangelfull og feilaktig informasjon.

 

 

Kulturhuset BA og dokumentasjonen vedlagt saka

 

Etne kommune er største eigar i Kulturhuset BA. Like fullt har ikkje dei andre eigarane i Kulturhuset BA forhandla med, eller inngått (intensjons-)avtalar med Etne kommune om element i driftsbudsjettet til Skakkesenteret. Derimot kan det sjå ut som om Kulturhuset BA har brukt fingerte tal for at budsjettet skal gå i pluss. Eit døme er leigeprisane for bruk av idrettshall-seksjonen i Skakkesenteret. Ved siste endring seier Rådmannen at leigeprisane er nær dobla. Kommunen, som største eigar, skal betala 400,- pr. time for omlag 1000 timar årleg til grunnskulen i høve budsjettet frå Kulturhuset BA. Barnehagen skal betala 200,- pr. time for omlag 250 timar årleg, og idretten 100,- pr. time. Kategorien «andre lag» skal betala 300,- pr. time i halleige. Dersom kommunen, som største eigar, forhandlar fram same timepris som idretten har, vil dette aleine føra Kulturhuset BA sitt driftsbudsjett over i eit relativt stort underskot. Tar ein omsyn til endringane i drifta og eigarskapet som Rådmannen har føresett i saksutgreiinga og tilrådinga som blei vedteke, vil driftsunderskotet til Kulturhuset BA bli betydeleg større. Slik bakgrunnsmaterialet for saka ligg føre sett opp mot saksutgreiinga, stiller Etne FrP spørsmål med vedtakets gyldigheit. Kan Etne kommune med opne auge gå inn i eit prosjekt som i utgangspunktet er underbudsjettert? Bør Etne kommune som største eigar akseptera at Skakkeprosjektet er budsjettert med driftsoverskot basert på filosofien om ”tenk-på-eit-tal-inntekter” utan nokon form for avtalar i botn? Særleg når ein ser at rekninga for dei altfor høge kostnadene blir sendt til kommunen under dekke av 400% høgare leigeprisar for kommunen kontra idretten!

 

 

Andre moment

 

Ein føresetnad for at Skakkeprosjektet skal kunna gjennomførast er at det kjem på plass ein erstatningsbane for den fotballbanen som Skakkesenteret skal byggast på. Utan dette har ikkje det rike fotballmiljøet plass til å trena. Det er varsla byggestart primo august 2009, og krøllgrasbanen som skal erstatta grusbanen som er byggetomt er ikkje eingong prosjektert eller budsjettert, noko som i lang tid vil forringa føresetnadene for eit framleis rikt fotballmiljø i sentrumsbygda i Etne .

 

Rådmannen har varsla at bygging av Skakkesenteret vil krevja kutt i mellom anna lovpålagt kommunal tenesteyting. Etne FrP meiner at kommunens førsteprioritet skal vera at desse tenestene skal ha ein best mogeleg kvalitet ut frå dei gitte økonomiske føresetnadene.

 

Vedtaket i saka har også auka dei årlege utgiftsrammene for kommunen på ein slik måte at ein får eit negativt resultat i den økonomiske planen som ligg føre. Etne kommune sin økonomiske plan visar marginale overskot som med dette vedtaket vil bli gjenspeila som underskot før ein eventuelt får korrigert planen gjennom budsjetthandsaming. ROBEK blinkar alarmerande i horisonten.

 

 

Samandrag

 

Det er underteikna kommunestyrerepresentantar sitt syn at vedtak i saka om bygging av Skakkesenteret er fatta på eit feilaktig og oppkonstruert grunnlagsmateriale, der det ikkje er samanheng mellom saksutgreiinga og den informasjonen den er basert på, så lenge saksutgreiinga legg føresetnader som vil endra grunnlagsmaterialet. Grunnlagsmaterialet kan ikkje sjåast på som reelt så lenge det ikkje ligg føre nokon form for avtalar som basis for dei kommunale utgiftspostane i talmaterialet. Rådmannen peikar også, i saksutgreiinga, på at teikningane som ligg føre ikkje er i samsvar med prosjektet slik det skal realiserast.

 

Auken i driftsutgiftene overstig det som det er rom for i den økonomiske planen. Driftsbudsjettet for prosjektet går i realiteten i minus om ein tek omsyn til endringar grunna vedtaket, og at det ikkje ligg føre avtalar som støttar opp om inntektspotensialet.

 

Etne kommune har ikkje økonomisk handlingsrom for innløysing av den Fylkeskommunale gjenkjøpsavtalen.

 

Det tenestetilbodet som Skakkesenteret skal løysa problema for, kan løysast på ein mykje billegare måte gjennom andre løysingar som fleirbrukshall og separat vidaregåande skule. Med rimelegare løysingar vil ein kunna unngå kutt i lovpålagt tenesteyting og behalda eit visst økonomisk handlingsrom for Etne kommune. Desse alternative løysningane må derfor greiast ut slik at alle utfordringane Etne kommune står føre kan løysast innanføre dei rammer som ligg i den økonomiske planen.

 

Skulle noko vera uklart i vårt syn på realitetane som ligg bak kravet om lovlegheitskontroll, svarar me gjerne på utfyllande spørsmål.

 

 

Vyrdsamt

 

 

 

Roger Nilsen                             Arvid Skoge               Audun Namtvedt

kommunestyrerep./gruppeleiar     kommunestyrerep.      kommunestyrerep.

Etne FrP                                  Etne FrP                   Etne FrP