Kalender Sogn og Fjordane

Oppdatert 12.04.11 13:22

19 år gamle, Kristine Lie frå Sogndal, vann i helga Sogn og Fjordane FrP sitt Elitekurs 2011. Etter ei hektisk helg som inneholdt både taletrening, utspørring om politiske tema, TV-intervju og ei rekkje andre testar, var det Kristine Lie som drog i land seieren, tett fulgt av Hogne Bleie frå Vågsøy og Marius Reiakvam frå Naustdal.

kristine lie ingress

 Kristine Lie, FpU

Det var totalt 40 deltakarar på Elite- og kandidatkurset til Sogn og Fjordane FrP, som vart avholdt på Loenfjord Hotel 9.-10. april. 14 av desse vart førehandsutplukka til å gjennomføre eit Eliteprogram, som også var ein konkurranse for å kåre det største talentet i Sogn og Fjordane FrP. Fylkesleiar, Frank Willy Djuvik, stortingsrepresentantane Bård Hoksrud, Gjermund Hagesæter og Åge Starheim, samt rådgjevarane Jon Georg Dale og Reynir Johannesson gjennomførde ei rekkje testar på kandidatane for å velgje ut vinnaren.

Kandidatane vart testa på tale- og debatteknikk, i tillegg til at dei gjennomgikk ei rekkje med utspørringar om FrP sin politikk. Det vart også gjennomførd TV- og radiointervju for å sjekke korleis kandidatane takla media. Kommunikasjonsavdelinga på Stortinget bidrog med å intervjue kandidatane på telefon tidleg søndag morgon, og det var også denne øvelsen som avgjorde vinnaren.

Vinnaren, Kristine Lie frå Sogndal, er fylkesstyremedlem i Sogn og Fjordane FpU og har ikkje vore aktiv i partiet meir enn i eit halvt år. Ho står på 9. plass til kommunelista i Sogndal, og har elles ikkje noko politisk erfaring. Fylkesleiar i FrP, Frank Willy Djuvik er både overraska og glad for at Lie vart vinnaren. - Det var svært overraskande at ein ukjend 19-åring frå Sogndal skulle overgå politikarar med mange års erfaring i både partiet og folkevalde organ. Samstundes er det svært gledeleg at unge talent som Kristine får høve til å markere seg, og syner at vi har unge mennesker som kjem til å utfordre oss i åra som kjem. Dette løfter heile fylkespartiet fleire hakk framover, seier han.

Djuvik fortel at representantane frå stortingsgruppa var meget imponert over Kristine. - Fleire påpeika at ho har eit enormt politisk potensiale, og nokre framheva at ho var eit politisk naturtalent. Ho sette faktisk fast eit par stortingsrepresentantar i nokre av utspørringane. Det at ho no også har gjort seg bemerka for fleire sentrale personar i partiet, vil nok være ein fordel for ho seinare. Ho har søkt på ei trainee-stilling i stortingsgruppa, der sjansane hennar antagelig har stege nokre hakk no, seier Djuvik.

Ordførarkandidat for FrP i Vågsøy, Hogne Bleie, vart nummer to på Elitekurset. Sjølv om han var med i partiet på slutten av 80-talet og byrjinga av 90-talet, har heller ikkje han vore på FrP-kurs tidlegare. - Hogne framsto som svært stødig både i framføringane, og utspørringane. Det var rett å slett nesten umuleg å vippe han av pinnen, fortel Fylkesleiaren.

Hogne

Hogne Bleie, Vågsøy FrP

3. plassen gjekk til endå ein ung FpUar, 22 år gamle Marius Reiakvam, som er ordførarkandidat for FrP i Naustdal. - Marius har tidlegare vist at han har talent, men at han skulle komme heilt i toppen i denne forsamlinga vart eg veldig positivt overraska over, seier Djuvik. Også fjerdeplassen gjekk til Sunnfjord, den var det ordførarkandidat i Førde, Ove Håkonsen, som stakk av med.

Djvuik fortel at nivået på kandidatane var svært høgt, og at det var svært tøff kamp om plassane. - Vi gjennomførde om lag 15 både skriftlege og praktiske testar som kandidatane fekk poeng i, likevel var det svært små marginar mellom dei fleste deltakarane, seier han. - Nivået på kandidatane våre er høgare enn det nokonsinne har vore før, og eg er ikkje bekymra for at desse kandidatane ikkje skal markere seg fram mot valet i haust. Eg er svært stolt av å være ein del av eit slikt mannskap som Sogn og Fjordane FrP no har, avsluttar Frank Willy Djuvik.