Kalender Sogn og Fjordane

13.02.10 23:15

Les om saken i Firda ved å trykke her 

 Les uttalen frå Førde FrP nedanfor

 Lokalpolitikarane sitt "ekte" engasjement

Torsdag vedtok Formannskapet i Førde ei uforbehalden støtte til dei som ynskjer å omgjere vedtaket til UNE om at Jawana og mor hennar skal sendast tilbake til Sri Lanka. Det er ikkje vanskeleg å være einig med Formannskapet i dette, men ein kan jo stille spørsmålsteikn ved om engasjementet er både lurt og velmeint.

Denne saka vart fyrst fremma i Levekårskomitéen i forrige veke, og ein einstemmig komité med representantar frå alle partia i Førde bystyre bestemte seg for at kommunepolitikarar ikkje skal blande seg inn i enkeltvedtak frå høgare organ som tildels dette vedtaket. Komitéen vart samstundes einig om at hvis ein skal sende inn denne type politiske signal, så må det være på eit generelt grunnlag om regelverket, og ikkje kritikk og krav om omgjering frå dei som håndhevar regelverket. Ei veke etterpå vel altså politikarane i formannskapet å gå imot sine eigne representantar, og gå laus på eit enkeltvedtak.

Formannskapet begrunner støtteerklæringa si med blant anna at norske styremakter må ta konsekvensen av at dei har late Jawana vere i Norge i fire av dei viktigaste åra i livet hennar, og at ho er blitt langt på veg norsk. Då blir spørsmålet: Kor var det engasjementet når desse reglane vart behandla sentralt? Kor var ordføraren i Førde, og dei andre formannskapspolitikarane når FrP foreslo at ein skulle redusere behandlingstida for asylsøknader? Kor var dei same når FrP foreslo løysingar som skulle hindre at asylsøkarar vart integrert i samfunnet før søknaden var behandla? Eg får ein følelse av at desse politikarane heng seg opp i enkeltsaker, når dei burde sett på heilheten. Det syner også at dei ikkje klarer å skjønne si eiga rolle som politisk organ.

Men sidan desse politikarane no har sagt at dei skal ta opp denne saka med sine partikollegaer høgre opp i systemet, så går eg utifrå at dei samstundes vil be sine “sentrale vener” om å sikre at vi får eit system som fungerer, slik at vi unngår slike situasjoner i framtida. Og eg reknar med at dei vil be dei same venene om å stemme for Framstegspartiet sin løysingar på dette, når dei vert fremma.

Eg synes at situasjonen med Jawana er svært beklagelig, og som privatperson vil eg når som helst være med på å gje all den støtte som eg kan. Men som politikar, må eg forholde meg til dei innstansane som skal håndheve eit regelverk som er vedtatt av stortinget. Og det er stortinget som er vald av det norske folk til å lage det regelverket, ikkje formannskapet i Førde, som burde slutte med denne type populisme.