Etne FrP har programfesta motstand mot det dyre Skakke-prosjektet, og me vil heller at billigare løysningar i form av fleirbrukshall skal greiast ut.
Me fremja derfor utsetjingsforslag for at rådmannen skulle få tid til å kvalitetssikra tala omkring Skakke-prosjektet og greia ut eit rimelegare alternativ. Argumentasjonen kan du lesa her:
Ordførar.
Etne FrP vil med dette fremja utsettingsforslag i saka om Skakkesenteret. I det følgjande skal eg gjere greie for kvifor.
Dette møtet vert for seint kalla inn til. I ei så stor og viktig sak skulle ein i det minste kunne forventa at ordinær innkallingstid på åtte dagar, inkludert utsendingsdagen, vert praktisert slik at politikarane får den naudsynte tida til å setja seg inn i dokumentasjonen.
Saksutgreiinga framstår som balansert, men ikkje lenger i overensstemming med vedlegga. Talmaterialet som er presentert frå Kulturhuset BA visar ikkje lenger den faktiske situasjonen. Budsjettet kan ikkje lenger takast omsyn til då det ikkje er representativt, og dette er særleg alvorleg når Etne kommune er største eigar i selskapet. Me må få på plass korrekte tal for drifta før me kan ta ei avgjerd.
Budsjettet frå Kulturhuset BA inneheld fleire tenkte tal. Som eit døme vil eg peika på at hall-leiga for grunnskulen er satt til 400,- kroner i timen for om lag 1000 timar årleg. Barnehagen skal betala 200,- kroner timen for sine timar, mens idretten skal betala 100,- kroner timen – alt i følgje inntektssida i budsjettet. Som største eigar i selskapet vil det vera naturleg at kommunale institusjonar har samme leigepris som idretten, altså 100,- kroner timen. Sjølv kategorien ”andre lag” slepp rimelegare enn skulen, noko som er heilt absurd. Satsane er dramatisk auka i forhold til tidlegare tal, og det kan sjå ut som at Kulturhuset BA har konstruert prisane for å få til eit budsjett i balanse/pluss, og sender slik rekninga for inndekning av underskot til kommunen. Det ligg ingen avtalar i botn for tala, og det har ifølge rådmannen ikkje vore forhandlingar om prisane. Om ein tek omsyn til at Etne kommune som største eigar framforhandlar same prisar som er gitt idretten, vil det aleine snu eit overskot i budsjettet til eit underskot. Denne trenden blir berre ytterlegare forsterka når ein harmoniserar rådmannen si tilråding mot budsjettet, det er mange hundre tusen kroner som fell bort frå inntektssida til Kulturhuset BA. At kommunestyret skal ta ei avgjerd på grunnlag av fiktive tal og eit budsjett med faktisk underskot er uforsvarleg og i seg sjølv grunn nok til å utsetja saka.
Rådmannen har ikkje fått anledning til ei naudsynt kvalitetssikring av tala i Kulturhuset BA sitt budsjett utover kva driftsutgifter som vil kunne falla på Etne kommune.
Skakkeprosjektet er, til trass for kva som blir sagt av dei som vil byggja for einkvar pris, ikkje lenger det som blei skissert i tidlegare handsamingsrundar – noko som må takast omsyn til når ein nå skal vurdera ei utsetjing. Mellom anna ligg det føre ein gjenkjøpsavtale med Hordaland fylkeskommune som kan bli løyst inn om tidlegast 6 år. Tilrådinga legg til grunn at det skal etablerast ei speilavtale med Kulturhuset BA. Korleis ser Kulturhuset BA for seg at dei skal klara denne store byrda når dei ikkje har sikra budsjettoverskotet sitt med avtalar slik det ligg føre i dag??
Rådmannen har bekrefta overfor meg at eit næringsbygg på Enge vil komma for sal. Denne lokaliteten ligg det føre planar om at eininga for drift og vedlikehald skal etablera seg i dersom kommunen kjøpar bygget. Eininga treng nye lokalar, det er det ingen tvil om, MEN det kan bli ei mykje betre løysing om ein tilbyr akkurat desse lokala til nokon heilt andre. Andre?? JA, Etne vidaregåande skule!! Her kan dei få plass til å samlokalisera HEILE skulen på ein lokasjon som er like god som det Skakkebygget kan tilby, og det til kanskje ein tredjedel av prisen for seksjonen i Skakkesenteret – som ikkje eingong kan tilby samlokalisering. Til alt overmål kan det kanskje komma på tale med innflytting eit heilt semester før det som er planlagt i Skakke. Dette vil etter vårt syn verta eit betre alternativ for Etne vidaregåande skule enn Skakkesenteret, og ingen treng vera redd for at nokon gjenkjøpsavtale skal knekka kommunen økonomisk.
Relokasjon av skulen 300 meter frå dagens kulturhus saman med ein ny fleirbrukshall vil gi eit meir fullverdig tilbod til alle dei aktuelle aktørane enn det Skakkesenteret vil kunna gi, og til ein mykje rimelegare penge. Eit betre tilbod til halve prisen må vera verdt å sjå nærare på, og i seg sjølv gir det grunnlag for ei utsetjing.
Det er eit faktum at blir Skakkesenteret bygga, så vil det belasta den anstrengte kommuneøkonomien vår så mykje at det nok vil setja ein effektiv stoppar for alle andre investeringar i overskodeleg framtid, om dei er aldri så naudsynte. Me vil garantert oppleva kutt i tenestetilbodet i alle einingar, inkludert grunnskulen og pleie- og omsorg. Alternativt, eller i tillegg, må ein innføra eigedomsskatt. Dette i seg sjølv gir grunnlag for å tenkja seg om nokre gonger til før ein tar ei så omfattande avgjerd.
Etne FrP vil alt no varsla at ei handsaming av denne saka, med eit etter vår meining uansvarleg ja til byggestart som resultat, vil verta sendt til lovlegheitskontroll.
Det er Etne FrP sitt håp at representantane i denne salen vil sjå nytta av at Etne kommune, Hordaland fylkeskommune og Kulturhuset BA til saman faktisk kan spara fleire 10-tals millionar om me ynskjer. Det ligg på kvar og ein av oss eit ansvar for å sikra ein stabil kommuneøkonomi og ei sikker framtid for både unge og eldre. Vår bøn til alle representantane i Etne kommunestyre, med ordføraren i spissen, er at de ikkje lar det gå prestisje i at det skal byggast eit monument i stein og glas når me kan få dei same tinga for halve prisen. Bruk sommaren til å tenkja gjennom saka, få fleire detaljar på plass – og ikkje minst få vurdert det rimelegare alternativet som også kan realiserast, kan hende like raskt som eit Skakkesenter. Ingen skal gjera det for mi skuld, eller for Etne FrP si skuld, men for framtida si skuld!! Etne kommune treng pengar til mange gode formål og me bør ikkje låsa alle midlar i Skakkesenteret. Stem JA til ei utsetjing av saka, for ALLE innbyggjarane si skuld!
Takk.

