Kalender Hordaland

14.07.09 19:33

Etne FrP lykkast ikkje med utsetjingsforslaget, det blei nedstemt med 7 mot 14 røyster. Dei sju som røysta for ei utsetjing var Etne FrP si gruppe (3), Etne Krf si gruppe (2), ein frå Etne Sp og ei frå Etne Ap. Saka gjekk derfor vidare til såkalla realitetshandsaming, kommunestyret skulle handsama saka og gjera eit endeleg vedtak etter ein debatt.

 

Etne FrP argumenterte for eit nei til Skakkesenteret og ja til ein rimelegare fleirbrukshall slik:

 

Ordførar.

 

I dag, i denne salen, står me foran eit vegskille. Me skal ta ei avgjerdsle i ei sak som har i seg investeringar i hundremillionarsklassen totalt og eit par 10-tals millionar for kommunen sin del. Auken i driftsutgifter for kommunen sin del vil overstiga, med god margin, eit par millionar – trass i omdisponering av midler frå skulen ,idretten og kulturen.

 

Me skal ta ei avgjerdsle som vil få konsekvenser for kvar einskild innbyggjar i all overskueleg framtid – på godt og vondt. Me skal seie ja, eller nei, til byggjestart av Skakkesenteret. Eit flott og innhaldsrikt bygg som mange ser på som redningen for den fantastiske kommunen vår.

 

Det er ei kjent sak at Etne FrP, og meg som gruppeleiar, er advokat for eit NEI i denne saka. Mange, også av representantane i denne salen, har si eiga meining om kva som ligg bak denne motviljen.

 

Eg høyrer me er imot Etne vidaregåande skule, at me vil ta knekken på det frivillige arbeidet, at me er anti idrett og i alle fall anti kultur! Dette er sjølvsagt det reinaste SLUDDER!!! Me er FOR alt dette, pluss at

 

me er FOR styrking av pleie- og omsorgssektoren,

 

me er FOR at me skal kunne realisera ei sårt tiltrengt fornying av Etne Omsorgssenter,

 

me er FOR ei styrking av psykisk helseteneste og byggjing av psykiatriske bustader,

 

me er FOR at me skal kunne forskotera viktige trafikksikringstiltak i heile kommunen,

 

me er FOR ei forsering av planarbeid,

 

me er FOR byggjing av ein rimlegare fleirbrukshall, og ikkje minst

 

er me FOR at kommunen skal ha ein sunnast mogeleg økonomi som kan sikra vekst for kommunen og eit sunt og livskraftig næringsliv!!

 

Dessverre er det slik at me i dag har svært avgrensa økonomisk handlefridom i Etne kommune. Dette betyr at me må prioritera mellom alle dei gode formåla. Etne FrP vil derfor nytta høvet til og seie litt om alt det me er FOR, og til slutt kva me er MOT.

 

  • Etne vidaregåande skule er eit særs viktig tilbod til lokal ungdom, det er det ingen tvil om. Det skapar tryggleik og gode rammer om ungdomen kan bu heime nokre år til etter endt grunnskule. Utfordringa ligg i at ein vidaregåande skule her i Etne kommune er Hordaland fylkeskommune sitt ansvar. Etne kommune kan i beste fall håpa at ei tilretteleggjing vil gjera sitt til at skulen består. MEN – tilretteleggjing for ein fylkeskommunal skule er ikkje nok for fylkeskommunen, som krevjer at Etne kommune stiller som økonomisk garantist for investeringa deira. Snakk om å snu ting på hovudet! Fylkestinget har – UTAN DEBATT – vedteke at grunna skulen si usikre framtid må Etne kommune vera budd på og kjøpa skulebyggjet tilbake om 6-10 år for så mykje som 36 millionar kroner – eit vedtak som er eineståande i sin natur. Ut frå saksframleggjet til fylkesrådmannen kan ein lesa at Kulturhuset BA ikkje får lån til skulebyggjet i Skakkesenteret, og kvar Etne kommune skal ta midlane til denne omvendte forskoteringa ifrå er per i dag ukjent. Eg har likevel ein teori som eg vil komma tilbake til.

 

  • Eg har nasegrus respekt og beundring for det fantastiske arbeidet som blir lagt ned i lag og organisasjonar i denne kommunen. Me har eit særs rikhaldig tilbod. Etne FrP anerkjenner viktigheita av det formidable arbeidet som blir gjort med beskjedne tilskot frå kommunen. Utfordringa ligg i kva som må ytast frå, eller til, dei frivillige og interesserte når eit lån på fleire ti-tals millionar skal betjenast. Rådmannen har i saksutgreiinga varsla kutt i tilskota.

 

  • Idretten treng ein HALL!!! Dette er ingen ueinige i! Enge skule treng også moderne fasilitetar. Etne FrP trur at idretten vil få minst like gode vilkår med eit rimlegare alternativ, ikkje minst økonomisk. Også innen idretten blir det lagt ned eit beundringsverdig og formidabel frivillig arbeid. Utfordringa ligg i kva som må ytast frå, eller til, dei frivillige og interesserte når eit lån på fleire ti-tals millionar skal betjenast. Rådmannen har i saksutgreiinga varsla kutt i tilskota.

 

  • Me har eit fantastisk kulturtilbod i det eksisterande kulturhuset, og nettopp der skal det fortsetja og bløma også om Skakkesenteret blir realisert. Det er ingen som er ueinige i at det sårt treng til ei renovering, men faktum er at det er i den gamle delen kulturlivet skal halda fram. Biblioteket treng sjølvsagt betre lokalitetar, men det trur med dei kan få for ein mykje rimlegare pris.

 

  • Statistikkane frå dei siste åra visar at Etne kommune ligg på ein klokkeklar jumboplass i Hordaland fylke når det kjem til ressursbruk i eldreomsorgen, både når det gjeld pengar og personale. Dette gjeld også i gruppe 2, som er samaliknbare kommunar, på landsbasis. Me har i den seinare tida vedteke nokre meir ressursar, men me har dessverre langt igjen før PLO-sektoren skin og me kan møta framtidige utfordringar og krav. Eit økonomisk kjempeløft ligg i oppgradering av Etne Omsorgssenter, og PLO er ei lovpålagt tenesteyting som etter Etne FrP sitt syn MÅ prioriterast føre det ambisiøse Skakkeprosjektet.

 

  • Utan å seie eit vondt ord om det arbeidet som blir lagt ned i psykisk helseteneste i dag – ein får gjort umåteleg mykje godt med svært avgrensa midlar! Det er dessverre slik at den psykiske helsetenesta lider grunna at, der andre kommunar har hatt ei satsing på psykiatrien med øyremerkte statlege tilskot, har Etne kommune tatt del i eit eksperiment der psykiatripengane har kome som frie rammetilskot frå staten. Uansett årsak så treng me ei styrking av lovpålagt tenesteyting innan psykiatrien, og behovet for ei utviding av tilbodet med byggjing av bemanna psykiatriske bustader MÅ etter Etne FrP sitt syn prioriterast foran Skakkesenteret.

 

  • Etne FrP trur på at vekst for Etne kommune i fyrste rekkje vil komma frå ei satsing på annan infrastruktur enn Skakkesenteret. Me trur at eit vitalt næringsliv som skapar fleire arbeidsplassar er grunnsteinen for samfunnsvekst lokalt. Etne kommune er idag i ferd med å befesta posisjonen som nærings- og handelssentrum på det indre Haugalandet, tala er klare i så måte. Det vil derfor vera naudsynt med store økonomiske satsingar innan forsering av planarbeid slik at næringslivet kan ekspandera slik det ynskjer. Det samme gjeld for bustader slik at alt ligg til rettes for tilflyttnad. Vegmessig infrastruktur, som trafikksikringstiltak er ein stor del av, treng midlar til planarbeid og forskotering av tiltak som til dømes gang- og sykkelvegar og utbetring av Mørkelikrysset. Etter Etne FrP sitt syn MÅ dette prioriterast føre det kostbare Skakkeprosjektet.

 

  • Etne FrP trur at ein rimlegare fleirbrukshall med seksjon for bibliotek og rom for lag og foreiningar vil verta ei vel så god løysing, ikkje minst grunna storleiken på den økonomiske belastninga både for kommunen og dei frivillige aktørane.

 

Etne FrP fryktar at kvar einskild innbyggjar vil få rekninga, og den økonomiske belastninga, i form av eigedomsskatt dersom ein idag seier ja til Skakkesenteret på bekostning av alle dei store lovpålagte og/eller særs naudsynte investeringane me har føre oss i nær framtid. I TILLEGG fryktar me at eit ja til Skakkesenteret uansett vil føra til dei varsla kutta – i ALLE kommunale sektorar, inkludert grunnskulen.

 

Me oppmodar derfor dei folkevalde om, på sjølvstendig grunnlag, å ta ansvar på lovpålagt og grunnleggjande tenesteyting framfor det Maslow kallar sjølvrealisering gjennom Skakkesenteret. VER ANSVARLEG, PRIORITER RETT OG STEM NEI TIL SKAKKE!!!

 

Takk.

 

Skakkesenteret blei etter debatten vedteke mot Etne FrP og Etne Krf sine røyster.

 

Etne FrP sendte vedtaket til lovlegheitskontroll hos Fylkesmannen då me meinar at saksutgreiinga og grunnlagsmaterialet ikkje speglar saka på ein rett måte.