Kva er god eldreomsorg?
Eg trur at dei aller fleste meiner at når dei sjølv blir pleietrengande grunna alder eller sjukdom ein gong i framtida, så ynskjer dei å bli behandla med respekt og av kompetente pleiarar i omgjevnader som er trygge, og som har livskvalitet i fokus. Det er dét som beskriv ei god eldreomsorg.
I dagens situasjon er det dessverre slik at innsette i norske fengsel får betre vilkår enn våre eldre. Dette er ikkje på noko som helst vis dei tilsette i omsorgssektoren sin feil – dei yter ei formidabel innsats basert på dei knappe ressursane dei blir tildelt, og mange slit seg ut i prosessen slik at dei blir sjukemeldte eller finn seg anna arbeid. Dette er ikkje eit godt utgangspunkt for ein god eldreomsorg, og FrP både sentralt og lokalt synest det er ein uverdig situasjon både for dei eldre og pleiepersonellet. FrP står for ein politikk som skal syta for at våre eldre og pleietrengande skal få ein fullverdig alderdom sjølv om dei ikkje lenger er stand til å klara seg på eiga hand.
Stadige krav til innsparingar har pressa fram ein omstillingsprosess i omsorgssektoren. I Etne kommune er denne omstillinga berre i startgropa, og ein må fortløpande analysera korleis dette går. Etne FrP vil lytta til dei erfaringane pleiepersonellet gjer seg undervegs, og setta faglege vurderingar om tilpassingar framfor politisk staheit omkring dei vedtaka som er gjort. Me vil at fagpersonell skal jobba der dei har sin styrke, rett fagperson på rett plass er best for alle partar.
Etne FrP vil derfor at institusjonskjøkkena skal vera bemanna sju dagar i veka for å sikra velsmakande mat og god ernæring for dei eldre. Det er ei kjensgjerning at god ernæring er sjølve grunnlaget for ei god helse, og gir overskot til å fremja livskvalitet og rekonvalens. Måltida er òg basis i den sosiale omgangen med andre bebuarar, og det er viktig at dette er ei positiv oppleving.
Omstillingar og nedskjeringar i omsorgssektoren er ikkje eit lokalt fenomen, men ein kontinuerleg prosess både i stat og kommune. Nedskjeringar og effektivisering i sjukehusa resulterer i tidlegare utskrivingar, og dette fordrar høgare kompetanse og kapasitet i kommunehelsetenesta. Etne FrP vil at terskelen for å få plass på sjukeheim skal senkast, enten det er fast- eller avlastingsplass. Me vil derfor auka talet på sjukeheimsplassar ved å byggja ei ny eining, slik at ein er førebudd på framtidige utfordringar. Auka pleiebehov vil resultera i behov for fleire pleiarar. Mangel på kvalifiserte søkjarar på utlyste stillingar i helsesektoren er eit problem i distrikts-Noreg, også i Etne. Kva kan me gjera for å bøta på dette?
Etne FrP meiner at det vil verta naudsynt å auka grunnbemanninga og redusera talet på deltidsstillingar, og slik gje dei som har sitt virke i kommunehelsetenesta ein trygg og økonomisk forutsigbar kvardag. Dette er første skritt på vegen til at fagpersonellet me treng veljer å søkja arbeid i Etne kommune heller enn å tilby sine tenester ein annan stad.
Tilfredse tilsette vil yta meir og sjeldnare bli sjuke, noko både dei eldre og kommunen tener på.
Etne FrP vil at kommunen aktivt skal søkja midler og tilskot, på alle felt der dei finns.
Etne FrP ynskjer ein tett dialog med grasrota i åra som kjem, og me vil med dette oppfordra til at det blir meldt tilbake til oss om behov og forslag til løysingar slik at me kan ta det opp i kommunestyret.
Roger Nilsen
ordførarkandidat Etne FrP

