Kva har me råd til i Etne kommune?
13.12.07
Budsjetthandsaminga for dei neste fire åra er i den avsluttande fasen og budsjetta skal godkjennast i kommunestyret den 18.
desember.
Det vil ikkje vera ei overdriving å sei at den kommunale økonomien er relativt trong, med kr. 43,- på botnlina i 2011 - og
ikkje særleg mykje meir å rutta med dei åra føre heller. Kommunen ser ikkje ut til å ha noko som helst handlingsrom i overskueleg
framtid, ikkje noko budsjettoverskot for å ha ei sikring mot uføresette utgifter og ein buffer som kan gje rom for raske inngrep.
Det er ikkje funne midler til nødvendig vedlikehold av kommunale bygg, ikkje til stillingsauker i pleie og omsorg, ikkje til
fornying av skulebøker på Enge skule eller kompensering av prisauke for bokinnkjøp ved biblioteket. Det er heller ikkje noko
til auke i tilskota til lag og organisasjonar, ikkje til sårt tiltrengt oppussing av gymsal-garderobane på Enge skule, ikkje
offentleg symjing i kommunal regi (bassenget på Enge skule er kveldsope på dugnad no). Nei, sjølv ikkje penger til ei ny sag
til uteseksjonen er det funne budsjettdekning for. Stoppar det der? Nei! Frå og med 2009 skal spesialundervisninga ved skulane
spara kr. 900.000,- årleg, og innsparinga skal skje i eit jafs heller enn stegvis over tid. Nå kan det sjå ut for at det er
semje om å freda Fjæra skule i to år til, men skulle det vera grunnlag for å halda skulen open lenger enn det, må pengane
hentast frå andre einingar – 43 kroner kjem ein ikkje langt med, ikkje 17.602 kroner i 2010 heller. Slik er altså stoda, og
verre ser det ut om ein føyer til heile lista av ønske og særs nødvendige tiltak for perioden.
Alt dette, og meir til, kan ein byte mot ein enkelt, men relativt stor utgiftspost dei neste åra. Det jo ei kjent sak at me
i Etne FrP meiner at kommunen ikkje kan sjå seg råd til å støtta byggjing av det planlagde nye kulturhuset slik den økonomiske
situasjonen no er. Eit, etter vår meining, beskjedent anslag over meirutgifter til drift av dette kulturhuset beløper seg
til 1,2 millionar årleg i budsjettet, og med auka i kostnader og renter siden vedtaket blei gjort må ein kutta ytterlegare
i budsjettet for å dekka auka inn. I tillegg er det budsjettert med 4 millionar i tilskot og investeringar i same høvet.
Eg er heilt sikker på at det vil bli eit flott bygg, kan hende det til og med blir praktisk. Men spørsmålet alle innbyggjerane
og ikkje minst politikarane må stilla seg er: Er me viljuge til å berre ha råd til EIN ting i Etne kommune, mens det me allereie
har råtnar på rot?
Etne FrP vil mana til fornuft og realisme når budsjettet skal godkjennast. Utfordringane står i kø i alle sektorar av den
kommunale drifta, og då passar det seg ikkje å gje seg ut for å vera ein rik kommune med pengar til å byggja ei fin storstue
– det har me nemleg ikkje!
Roger Nilsen
Etne Framstegsparti
http://www.grannar.no/nyhet.cfm?nyhetid=3355
17.12.07 16:42

