Kalender Sogn og Fjordane

15.03.11 15:13

Stortingsrepresentant, Åge Starheim (FrP) er rysta over eit offentlege system som medfører at foreldre med funksjonshemma born ikkje får støtte til å utføre det beste overfor borna sine. Dette skriv han i eit lesarinnelgg.

Regjeringspartia røysta i går ned eit forslag som ville ha gjeve foreldre til funksjonshemma born framleis stønad til å vere heime med borna.

Familien Aabrekk på Sandane var mellom dei som opplevde at pleiepengane frå NAV vart stoppe av Regjeringspartia si stemmegjeving i går. Ifølgje foreldra har det vore ein avgjerande faktor for at femåringen deira har gjort store framsteg, etter at han vart fødd med ein alvorleg hjerneskade.

Eit tverrfagleg spesialistteam har sagt at det treningsprogram som foreldra er med på vil ha stor betyding for borna si framtid. Så opplever ein det utrulige at Regjeringspartia og den såkalla ekspertisen i NAV seier at ingen ting hjelper for at desse borna kan verte betre.

Regjeringspartia si negative haldning til å gje stønad til desse foreldra, som har opptreningsprogram litt utanom det tradisjonelle, vil no få store problem. Det ein ser er at mange med desse treningsprogramma, og med foreldra sin initiativ, vil få eit langt betre habiliteringstilbod enn det dei villa ha fått gjennom det offentlege systemet. Habilitering og rehabilitering syner Regjeringspartia og det sentrale byråkratiet i denne saka ikkje er prioritert frå deira si side.

Dette føyar seg inn i rekka av det vi er vitne til i det offentlege hjelpeapparatet, og som no også er støtta av den raud/grøne regjeringa.

Vi i FrP er rysta over eit offentlege system som medfører at foreldre med funksjonshemma born ikkje får støtte til å utføre det beste overfor borna sine.

Vi oppfattar dette som rein kynisme og avtalebrot frå Regjeringspartia.

Åge Starheim

Stortingsrepr. FrP