Kalender Sogn og Fjordane

21.10.06 00:47

NOx-avgift avfolkar kysten

 

I årets statsbudsjett føreslår Regjeringa å innføre ei avgift på utslepp av NOx frå motorar større enn 1.000 hk. Dette vil etter mitt syn få dramatiske følgjer for både fiskeflåten og fiskeindustrien, og vil dermed også få dramatiske negative følgjer for busetnaden langs kysten vår.

 

For fiskeflåten kan innføring av NOx-avgift bety ei belastning på nær 300 millionar. Fiskarlaget har gjort berekningar som viser at enkeltfartøy kan verte belasta med frå 75.000 kroner til 4 millionar. I tillegg vil dei fleste iflg. Fiskarlaget måtte skaffe seg eit NOx-sertifikat frå sine motorleverandørar, noko som også vil koste titusenvis av kroner.

 

Paradokset er at om ein båt går til utlandet og leverer fisken, slepp den NOx-avift. Grunnen til dette er at då vert det definert som utanriks sjøfart. Kva dette vil få som følgjer for norsk fiskeindustri på land vil alle skjøne. Denne industrien vil straks få ein skrikande mangel på råstoff, noko som vil bety rasering av arbeidsplassar i landbasert fiskeindustri. For kysten i Sogn og Fjordane vil dette verte katastrofalt.

 

At det er ei Regjering som kallar seg for Distrikts-Regjering, der også  Senterpartiet seier at dei har ei sterk hand på rattet, som føreslår innføring av denne avgifta er ganske forunderleg, og uforståeleg. Denne avgifta vil ramme fiskerinæringa både på sjø og land, og den vil, dersom den vert innført, medvirke til ei drastisk avfolking av kysten. At Senterpartistatsrådane ikkje allereie har stilt kabinettsspørsmål viser med all tydeligheit at for dei er taburettane viktigare enn politikken.

 

Åge Starheim

Stortingsrepr. FrP