Nytt 01.04.11
Saka har fått nasjonal merksemd, sjå denne lenka: http://www.barnehage.no/no/Nyheter/2011/Mars/Slik-ble-minus-til-pluss-/
*****
Det er eit faktum i dagens samfunn at utan dei private barnehagane hadde me ikkje hatt full barnehagedekning - ikkje i Etne, og heller ikkje dei aller fleste andre plassane i vårt langstrakte land. Likevel blir ikkje dei private barnehagane behandla likeverdig med dei offentlege. Ved overgang frå øyremerka tilskot til barnehageplassar til tilskot gjennom såkalla rammeoverføringar bestemte regjeringa at private barnehagar fekk likeverdig finansiering med 88% av det tilsvarande kommunale barnehagar får i tilskot. Maksprisen for barnehageplassar gjeld på lik linje for private og kommunale barnehagar, så inntektsgrunnlaget elles er likt.
Ei stegvis opptrapping av tilskota inntil faktisk likeverdig finansiering er på plass er varsla, men ikkje bekrefta. Difor er det Etne FrP sitt standpunkt at barnehagane i kommunen skal behandlast likeverdig når det kjem til driftstilskot.
Etne FrP fremja difor forslag om likeverdig finansiering i Komité Folk, men framlegget fekk berre vår eiga stemme. Saka blei handsama på nytt i Kommunestyret, og forslaget blei fremja på nytt der. Etter eit kort ordskifte blei det klart at Etne H og Etne V ville gje si støtte til forslaget vårt, og Etne Sp bestemte seg også for å gje si støtte. Forslaget blei difor fremja på nytt som fellesforslag frå desse fire partia. Ved avstemminga stemte også Etne Krf for forslaget, og sikra eit klart fleirtal mot Etne Ap sine stemmer (15-6).
Forslaget var eit endringsforslag til retningsliner for tilskot til ikkje-kommunale barnehagar, og såg slik ut:
Nytt punkt 3. i 'Retningsliner for tildeling av offentleg driftstilskot til ordinær drift til ikkje-kommunale barnehagar i Etne Kommune':
Kommunen skal behandle dei ikkje-kommunale barnehagane likeverdig med dei kommunale barnehagane, og kommunen skal betale ut offentleg tilskot til ordinær drift stort 100% det tilsvarande kommunale barnehagar i gjennomsnitt mottar i offentleg finansiering.
Note:
For inneverande år vert auken i driftstilskot dekka gjennom midlar frå generelt disposisjonsfond, og skal arbeidast inn i budsjetta for komande år inntil den trinnvise opptrappinga gjennom rammeoverføringane er fullført.

