Kalender Sogn og Fjordane

20.01.07 11:43

Innefektiv drift av bomstasjonane

 

Som Firda og Vegen og vi har sett fokus på i det siste, er innkrevinga ved bomstasjonane i Sogn og Fjordane svært innefektive. I Naustdalstunnelen vert 9,16 kroner, eller over 20%, av dei 45 kronene bilistane betalar i bompengar brukt på drift og administrasjon av bomstasjonen. I Fjærlandsbommen er det ikkje betre, der vert over 15 kroner brukt til drift og administrasjon.

 

For Framstegspartiet er prinsippet heilt klart. Vi vil ikkje ha bompengar, og meiner at staten skal bevilge nok pengar til samferdsle, slik at vegprosjekt kan fullfinansierast med statlege midlar eller gjennom OPS (offentleg-privat samarbeid)-ordningar. Desverre vert våre forslag på stortinget gong på gong nedstemt av dei andre parti, som tydelegvis har gjort det til ein sport å flå bilistar utan å gje noko igjen i form av betra vegstandard.

            Næringslivet på vestlandet, og spesielt i Sogn og Fjordane har allereie mykje høgre transportkostnader enn andre delar av landet, og dette fører til ei konkurransevriding som gjer det vanskeleg å få bedrifter som er avhengige av å få transportert varene sine til å etablere seg i fylket. Samstundes som Staten går med meir overskot enn nokonsinne.

            Sjølv om FrP i utgangspunktet vil nedbetale alle bomvegane i landet og fullfinansiere nye prosjekt må vi desverre innsjå at dei andre partia ikkje er med oss på dette, og då er det viktig at vi er med å sjå på løysingar som gjer kvardagen litt lettare for billistar og næringsliv. Viss ein legg drifta av bomstasjonane ut på anbod vil ein kunne få ei mykje meir effektiv drift av stasjonane. Forskjellige selskap lyt då konkurrere om kven som kan gje det beste tilbodet til brukarane, anten gjennom kortare nedbetalingstid eller billegare takst.

            Framstegspartiet i Sogn og Fjordane vil freiste å få til ei slik ordning på bomstasjonane i fylket, og vil fremmje nødvendige endringar for at billistane og næringslivet i Sogn og Fjordane ikkje skal måtte betale meir enn nødvendig i bomstasjonane i fylket.

 

Frank W. Djuvik

Fraksjonsleiar for samferdsle

Sogn og Fjordane FrP