Kalender Sogn og Fjordane

12.12.11 11:33

Flora FrP vil ha betre kontroll på selskapa som kommunen eig, og foreslår difor at det skal leggast fram ei årleg eigarmelding til Bystyret der ein vurderer overordna eigarskapsprinsipp og kvart enkelt selskap og føretak. Leiar i kontrollutvalet og bystyrerepresentant, Bjarne Holme (FrP), Meiner at ei årleg eigarmelding er viktig for at politikarane skal være bevisste på kva dei ynskjer med alle selskapa sine, og at politikarane idag har liten kontroll på det kommunen eig.

Holme meiner at ei eigarmelding bør innehalde både overordna eigarskapsstrategiar med kriterier for kva som skal til for at kommunen skal eige i selskap, samt prinsipielle utfordringar, og kvalifikasjonskrav og habilitet for kommunen sine representantar i styra. – Viss Bystyret er tydelege på kva formål dei har med eigarskapen på eit overordna nivå, så er det også lettare å sikre at dei formåla vert oppfylt, seier han.

Flora FrP ynskjer også at kvart enkelt selskap, stifting og føretak skal omtalast i eigarmeldinga, slik at ein gjer ei årleg vurdering på kvart enkelt av dei, basert på dei overordna prinsippa. – Ei slik melding vil og gje ei god totaloversikt over kommunen sitt eigarskap, der ein har definerte mål og status for kvart enkelt selskap. Det er viktig å være bevisst på om eigarskapen skal stette eit økonomisk formål eller eit samfunnsansvarleg formål, eller andre formål som Bystyret måtte ville definere, avsluttar Holme.

Flora FrP fremjer følgjande framlegg i Bystyret:

Rådmannen får i oppgåve å utarbeide ei årleg eigarmelding. Meldinga skal innehalde minimum følgjande:

- Overordna eigarskapsstrategiar som for eksempel: prinsipielle utfordringar, samfunnsansvar, etikk, retningslinjer for utøving av kommunalt eigarskap, kvalifikasjonar og habilitet.

- Omtale av kvart av selskapa, føretaka og stiftingane kommunen har eigarskap i, med ei vurdering av eigarskapen.

Eigarmeldinga skal politisk handsamast kvar haust, første gong hausten 2012.

For meir info eller kommentar:

Bjarne Holme
Lokallagsleiar Flora FrP
Tlf 915 19 168
e-post: leiar@flora.frp.no
bjarne-ingress.jpg