Nok eit lureri frå Liv Signe Navarsete
Samferdsleminister Liv Signe Navarsete måtte løyve midlar til rassikring i Kjøsnesfjorden, noko anna ville vore politisk sjølvmord for ministeren. Måten Navarsete gjorde dette på, var umåteleg frekt og simpelt, og er etter mitt syn direkte lureri.
Liv Signe Navarsete har sjølv, då ho var medlem av fylkestinget, vore med å vedteke prioriteringa av midlane som Sogn og Fjordane skal nytte til rassikring. Navarsete er dermed også som samferdsleminister fullstendig klar over kva rassikringsprosjekt som fylket har bestemt skal påstartast fyrst og kva kostnadar desse har.
I valkampen gjekk Liv Signe Navarsete høgt på bana med store og mange lovnadar om både det eine og det andre, ikkje minst på vegsida. Alle som var tilstades då aksjonsgruppa for rassikring av Kjøsnesfjorden samla politikarane på Søgnesand hugsa kva Navarsete lovde denne dagen. Etter mitt syn ville det vore politisk sjølvmord om ikkje Navarsete sytte for løyving til rassikring av Kjøsnesfjorden når ho vart samferdsleminister. Løysinga som Navarsete har valgt for å kunne hauste politisk vinst på dette er etter mitt syn både sleipt og simpelt, når ho i statsbudsjettet for 2007 sette av berre 10 mill. kr. til prosjektet, og spelte vidare finansieringsansvar på dei resterande 190 mill kr. over på fylkespolitikarane. Nokon verre måte og setje fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane i gapestokken skal ein leite lenge etter. Men etter mitt syn er dette i tradisjonell Liv Signe stil. Navarsete er fullstendig klar over at fylkespolitikarane ikkje har midlar til både dei allereie prioriterte rassikringsprosjekta og til Kjøsnesfjorden.
Eg vil kome med følgjande påstand: dersom Liv Signe Navarsete og Senterpartiet i framtida skal ha noko politisk truverde, må ho syte for at det i revidert nasjonalbudsjett til våren vert avsett ekstraordinære midlar til fullfinansiering av rassikring i Kjøsnesfjorden.
Åge Starheim
Stortingsrepr. FrP

