Regjeringa sin vegbløff
Samferdsleminister Liv Signe Navarsete sin påstand om historisk løft for norske vegar er no avslørt. Av dei 1,2 milliardane som går til vegføremål vil Regjeringa berre nytte 258 millionar til bygging av nye riksvegar. Det held til 2,5 km ny firefeltsveg eller 5 km tofeltsveg.
Det vert ikkje igongsett nye stamvegsprosjekt i 2007,som etter FrP sitt syn er Noregs viktigaste vegar som bind landsselane saman, men desse får altså ikkje nye pengar. Dermed er heller ikkje budsjettramma for Nasjonal Transportplan 2006 – 2015 oppfylt. Her var føresetnaden for forliket i Stortinget om meir pengar til veg at dei auka rammene (1 milliard) o hovudsak skulle gå til investeringar.
Det er anleggsstart på seks nye riksvegprosjekt. Dei fleste av desse prosjekta er finansiert med stor andel bompengar. Stoltenberg-regjeringa innkasserer meir bompengar enn noko anna Regjering. Innkrevjing av bompengar i 2007 vil truleg overstige heile 5,5 milliardar, og for første gong i historia vil bompengar utgjere like mykje som statens eigen satsing på nye vegar.
Signal frå den komande Regionalmeldinga kan tyde på at Statens Vegvesen skal få både regionale oppgåver og regional myndigheit. Kva kan vi då venta oss frå Statens Vegvesen i framtida. Her skal de høyre: Statens Vegvesen har i ein høyringsuttalelse til Transportplana for Trondheim 2006-20015 sagt at man vurderar å innføre ein eigen avgift på bensin i Trondheim og nabokommunane fordi trønderane har fjerna bomringen. I Stamnettutreninga, som vart framlagt 9. oktober 2006, tek Statens Vegvesen til orde for at bilistane ”toler” 80 milliardar meir i bompengar. Dette er synspunkt ifrå det statlege organet som Stoltenberg-regjeringa kan kome til å tildele meir makt og mynde, ei makt som kan kome til å koste vegbrukarane dyrt.
Kjære vegbrukarar, nok er nok. Galskapen med å pålegge næringslivet og folk endå større transportutgifter må stoppast. 100 nye bompengestasjonar er under planlegging. Dette saman med høge drivstoffprisar og miljøavgift (NOx) vil ta livet av mange arbeidsplassar rundt i landet. Ut ifrå ovanståande er det min påstand at Stoltenberg-regjeringa vil måtte ta hovudansvaret for den største sentraliseringa i vår tid, og det med Senterpartiet i Regjering.
Åge Starheim
Stortingsrepresentant FrP

