Lommeboklogikk og anna logikk med eigedomsskatt i Radøy
Nh har på leiarplass laurdag nokre interessante tankar om eigedomsskatt kontra andre avgiftsauker som fortener kommentar. Som underteikna sa i kommunestyremøtet 29.5: Vi i FrP ser på det å ha eit hus å bu i som ein menneskerett. Alle må ha tak over hovudet enten dei eig eller leigar og dette er ikkje noko som kan veljast vekk om ein har lite pengar. Eigedomsskatt satt opp mot andre kommunale gebyr som t.d. byggjesak eller eigenbetaling i t.d. Radøyhallen eller Musikk- og Kulturskulen (MKS) kan enkelt framstillast slik: Om foreldre har valet mellom å betale 7 kroner meir for badeturen eller 300 kroner meir for semesteret i MKS kontra det å betale 7000 kroner årleg i eigedomsskatt, vil dei fleste innsjå kva alternativ som grev djupast i lommeboka. Enkelt framstilt vil ein pålagt eigedomsskatt føre til større skilnader mellom dei som har råd og dei som ikkje har det. Vår logikk tilseier at det er dei partia som gjekk inn for eigedomsskatt som byggjer opp under skilnadane mellom ”fattig og rik” i Radøy, fordi dei fråtek innbyggjarane valet å velje vekk det dei eventuelt ikkje har råd til. Eigedomsskatten kan IKKJE veljast vekk! Dette vil til sjuande og sist råke barna i familiar med dårleg råd.
For dei som treng tekniske tenester, og vi understrekar at kommunalt vatn og kloakk ikkje er med i denne auken, vil dette stort sett vere eingongshendingar. Skal ein byggje nytt i Radøy ville ein med vårt forslag måtta betalt 20 % meir for byggjesøknaden, men ein hadde sleppe den årlege eigedomsskatten. Logikken her? Ein betalar berre ein gong, for ei teneste ein nyttar seg av. Pr i dag ligg Radøy godt under både Lindås og Austrheim når det gjeld dei kommunale byggjesaksgebyra, men vi slår dei ned i skoa når det gjeld samla gebyr ved innføringa av eigedomsskatt. Vi kjem faktisk inn på lista av dei 25-30 dyraste kommunane å bu i på landsbasis.
Den kuttlista FrP i Radøy kom med var ikkje enkel for oss. Mange av forslaga svei langt inn i sjela, men når situasjonen er som den er må vi sette tæring etter næring. Vi klarte å unngå kutt innanfor skule, pleie og omsorg. Det var våre prioriteringar, og vi måtte svelgje nokre kamelar for å få det til. Slik er politikken.
Når det gjeld enkelte av postane vi hadde på vårt alternativ er det verdt å merke seg at i staden for kutt, er det mogeleg å auke innteninga. Ein treng ikkje nødvendigvis leggje ned kommunale tilbod, det er fullt mogeleg å sette opp eigenbetalinga utan at prisane vert ublue av den grunn. 20 kroner for ein time i bassenget kontra 7000 kroner i eigedomsskatt: Det vert 350 badetimar det! Men då fekk folk velje sjølv…
Lena Bø Nilsen, gruppeleiar Radøy FrP

