Kalender Sogn og Fjordane

05.03.10 13:52

Fylkesleiar i FrP, Frank Willy Djuvik, lovar at partiet skal ha ein brei behandling av det framlagde strategidokumentet til Helse Førde. - Dette vert den største omstillingsprosessen av spesialisthelsetenestene i fylket nokonsinne, og då må vi sikre at alle har fått delta i behandlinag, seier han

Frank Willy Djuvik var til stades på møtet, då styreleiar og nestleiar i Helse Førde la fram forslaget til strategiplan for helseføretaket. På møtet var Helseministeren, ordførarar, fylkespolitikarar, aksjonsgrupper, Helse Vest, Helse Førde og ei stor skare med journalistar til stades.

Djuvik vil ikkje konkludere i nokon retning i forhold til det som vart presentert på møtet før partiet har hatt ei brei behandling av saka. - Eg registrerer det som styringsgruppa legg fram, og eg stiller meg ein del store spørsmålsteikn ved det. Men no må vi vente til vi får ut høyringsdokumenta på mandag, der vi kan sette oss inn i dei forskjellige modellane og vurderingane som er gjort, seier han.

Fylkesleiaren seier at fylkespartiet vil sende ut høyringsdokumenta til alle lokallaga i fylket for at dei skal få uttale seg om saka. I tillegg vil det verte arrangert eit rådsmøte der fylkespartiet tek endeleg stilling til korleis Sogn og Fjordane FrP sitt alternativ til strategidokumentet vil sjå ut.

- Det er ikkje slik at vi nødvendigvis vil vurdere nokon av dei skisserte alternativa som gode nok, og då vil vi sjølvsagt komme med vårt eige innspel i høyringsprosessen. Alle kommunar og fylkeskommunen kjem til å få dette til handsaming, og då skal vi spele dette inn frå alle dei hald vi kan, avsluttar han.

Les også Djuvik sine betraktningar frå "Helse-møtet" på www.fylkesleiarbloggen.vgb.no