Ordførar.
Eg veit at mange her meiner at kommunestyret gjorde eit vedtak basert på god bakgrunnsinformasjon, men eg vil likevel rekapitulera dei siste åra sin utvikling i denne saka som ei påminning om kva både Etne kommune og Etne Kulturhus BA har gjort:
Juni 06: Kulturhusprosjektet blir framlagt og vedtatt slik: 4376 kvm og 59,4 mill – minus 15%. Auke i kommunale driftskostnader blir 1,2 mill årleg.
Vedtaket seier at økonomien i Etne Kulturhus må justerast som følgje av at EK bygger eigne lokalar. Bortfall av leigeinntekter og redusert direktetilskott vil krevje monalege tilpassingar i høve til dette, truleg og arealmessige kutt og justeringar.
Desember 08: 5306 kvm og 90 mill – auke driftskostnader 1,8 mill årleg
Ikkje 3700 kvm og 50,5 millionar og driftskostnader på 1,2 mill årleg.
Svarar til ei auke på ca 43% i areal i forhold til kva redusert areal skulle vera, og ca 80% kostnadsauke enn kva ein skulle landa på i følgje vedtaket i -06. Driftsutgiftene aukar med 33%. Men fleirtalet i kommunestyret synes dette er greit, trass i dei formidable aukane. Likevel blir det i vedtaket spesifisert at «Det må framleis arbeidast med å redusere den store kostnadsauken prosjektet har hatt». Vidare seier vedtaket at «Etne kommune vil ta endeleg stilling til prosjektet når kostnadane etter anbodsinnhenting ligg føre»
Våren 09: Anbod ca 70 mill, men tidlegare utsett innhald blir tillagt prosjektet som får ny og høgare totalpris på 91 millionar. Anbodssummen er i så måte i tråd med føringane i vedtaket frå -08, men ny totalpris er høgare enn den vedtaket i -08 sa at måtte jobbast med for at den skulle reduserast.
Juli 09: EKBA gjere tala for prosjektet offisielt tilgjengelege for EK mindre enn ei veke før ekstraordinært kommunestyremøte. 91 mill, auke driftskostnader 2,8 (2,3) mill. - i beste fall ei dobling av kommunale driftsutgifter i løpet av tre år, og ei auke på ein halv million på seks månader. EKBA har ikkje foretatt dei naudsynte tilpassingane i driftsbudsjettet, og har ikkje teke omsyn til at EK, alt for 3 år sidan, har sagt at dei bygger eigne lokalar. Grunnlaget for EKBA sitt budsjett speglar ikkje realitetane i prosjektet. Ein viktig føresetnad i vedtaket er at EKBA må inngå spegelavtale mot kommunen sitt ansvar i samband med gjenkjøpsavtalen mot fylkeskommunen. Saksutgreiinga er til dels sterkt kritisk til fleire moment rundt økonomien i prosjektet.
Primo August 09: Rådmannen sender brev til EKBA og ynskjer avklaring på om økonomien i prosjektet no er fundamentert i realitetane, eller om EK kan venta seg fleire avklaringar eller overraskingar.
Ultimo August 09: EKBA svarar på rådmannen sitt brev med klar melding om at alt no er iorden og at EKBA tar ansvaret for gjenkjøpsavtalen.
Primo September 09: EKBA får ikkje finansiert gjenkjøpsavtalen. EK og EKBA besøker fylkeskommunen for reforhandling av avtalen, utan hell.
Idag 22. september 09: Etne kommunestyre skal bekrefta at dei står ved sitt vedtak om å delta i Skakkeprosjektet, og på ære og samvit bekrefta at all naudsynt informasjon har vore tilgjengeleg på det tidspunktet vedtaket blei gjort. Punktet angåande gjenkjøpsavtalen har i tida frå vedtaket blei gjort og til i dag ikkje blitt oppfylt, og Skakkeprosjektet står no på ei skjer – tilsynelatande utsett til etter nyttår, i første omgang. Krøllgrasbanen er ikkje bygd, noko som vedtaket i 06 gav sterke føringar for at skulle gjerast før bygging tok til.
I denne saka om lovlegkontroll skal kommunestyret altså stadfesta at vedtaket i sak 055/09 var eit godt vedtak, basert på godt fundamenterte, fullverdige og korrekte opplysningar. Det kan argumenterast for at det ein har lært siden vedtaket blei gjort ikkje skal påverka denne saka, noko som er uforståeleg. Noko revidert driftsbudsjett har ikkje blitt lagt fram frå EKBA slik at me kan vurdera økonomien i prosjektet etter at endringane er ajourførte. Heile vitsen med at kommunestyret, grunna krav om lovlegkontroll, skal stadfesta at dei meiner vedtaket står seg, er at dei skal kunna gjera om på vedtaket slik at det ikkje treng sendast til fylkesmannen. Lovlegkontrollen har gitt kommunestyret ein angreknapp, og den må i så fall nyttast i dag!
Det blir sagt til meg frå ein sentral lokalpolitikar at fallhøgda er for stor for dei involverte Skakkeforkjemparane til at ein kan gå bort frå prosjektet no. Kva med fallhøgda for Etne kommune sin økonomi? Kva med fallhøgda for kvar einskild innbyggjar ifrå Vintertun til Fiksefjell sin økonomi? Kva med fallhøgda for idretten og dei frivillige laga sin økonomi, som skal forrenta mange 10-tals millionar, kanskje utan dei store overskota Etnemarknaden har gitt dei i mange år?
I avisene kan me no lesa om gigant-fleirbrukshallen som skal byggast i Haugesund til ein prislapp på 39 millionar. Den rommar 200-meters ringbane, 8 60-metersbanar, diskos/sleggekast, kulestøyt, treningsbane, stavhopp, tresteg og lengdehopp. Den skal jamvel kunna brukast til handball, basketball, volleyball osb. I tillegg er det 500 kvm med ikkje-sportslege lokalar. Nå synest eg 39 millionar også er altfor mykje pengar, men me treng ikkje ta så hardt i – og me kan ha fokus på litt andre ting enn berre friidrett som er hovudfokuset for HIL-hallen. Haugarhallen i Haugesund rommar ein fotballbane til ein pris av 18 millionar. Me burde kunne hamna ein plass midt i mellom, det kan me nok klara økonomisk. Uansett illustrerer dette eksempelet kva ein kan få for 10-15 millionar mindre enn det tilsvarande nybygg i Skakkesenteret vil gje. 20-25 millionar mindre å betala tilbake på ein fleirbrukshall til kanskje 25-30 millionar, er umåteleg mykje pengar for Etnesamfunnet – det kan svara til sjukeheimsutbygginga me har føre oss og i tillegg kanskje gje rom for bygging av psykiatribustader om ein skal halda det opp mot noko av dei mange tinga me har behov for i kommunen av lovpålagte tenester.
Rådmannen har sagt til meg at kommunestyret er i sin fulle rett til å gjera vedtak som fører kommunen ut i eit økonomisk uføre – ein annan oversette det til meg slik: Det er ikkje ulovleg å gjera dårlege vedtak. Det blir jo først ugunstig når ein må kutte i tenestetilbodet og ikkje lenger får styra sin eigen økonomi fordi ein er på Robek-lista. Nå trur ikkje eg at nokon i denne salen er interessert i å gjera dårlege vedtak, uansett kva de røyster, men eg ber dykk om å ta ein tur inn i tenkjeboksen før avrøystinga. Vurder kva som er den ansvarlege måten akkurat du skal røysta på. Slik eg ser det handlar det ikkje lenger om prestisje og partitilhørsel, dette kan jamvel vera det eine vedtaket som fører oss, Etne kommune og Etnesamfunnet, ut i ei økonomisk hengemyr me ikkje kjem oss ut av på fleire 10-år. Frå mitt standpunkt vil eg sjølvsagt be dykk om å vera ansvarlege og søka rimelegare løysningar, og derfor stemma nei til Skakkesenteret og ja til prosjektering av fleirbrukshall med plass til biblioteket.
Takk.

