Kalender Sogn og Fjordane

Oppdatert 03.04.11 10:27

Blogg: I dag tidleg høyrde eg på NRK Sogn og Fjordane at Ordførar i Selje, Gunn Helgesen frå KRF, og nestleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Arve Mjømen, sa at sentersatsinga i fylket går på bekostning av utkantana. Hvis ein trur at det er satsa på sentera i Sogn og Fjordane så har ein store problem med si eiga verkelegheitsoppfattning. Årsaka til at utkantane slit med nedgong i folketalet er jo nettopp den manglande satsinga på regionale og fylkesdekkande vekstsenter.

Eg skal prøve å leggje godviljen til, å prøve å tolke dette som noko anna enn sutring, men uansett har dei feil. No må eg seie at eg er heilt einig med Mjømen i at ein kan ikkje vedta at ein stad skal vekse, og senter utviklar seg naturleg, men det finnst nokre atterhald på akkurat det. For eksempel vil det være umogeleg for eit senter å utvikle seg hvis infrastruktur i form av både vegar, transportmiddel, straum, fiber ol. ikkje vert utbygd å satsa på. Desse tinga er offentlege oppgåver, og dermed må desse tinga ligge i botn for ei eventuell "naturleg utvikling" av sentera.

Problemet i Sogn og Fjordane er at dette ikkje skjer. Samferdslekronene vert i stor grad brukt rundt om i bygdene på småprosjekt som ikkje betrar dei totale kommunikasjonane i fylket i det heile. Og når ein først skal byggje store prosjekt, så vel ein å bruke 1 milliard på ei bru som knytt saman to bygder, i staden for å betre kommunikasjonen mot sentra og for å skape dei store bu-og arbeidsregionane.

Når folk skal busette seg eller fortsette å bu ein stad, så er det i dei aller fleste tilfella ein del ting som må liggje til grunn: Jobb, barnehage/skule, fritidstilbod, tryggleik og trivsel. Dette er dei grunnleggjande, så kjem sjølvsagt ein god del individuelle vurderingar i tillegg som natur, kostnader, slekt/vener, kvalitet på tenester ol.

For å ta jobb først. Det er faktisk ikkje mogeleg å nesten tenkje seg idag at ein familie kan leve av berre ei inntekt. Det betyr at det ikkje berre må være ein jobb, men faktisk to jobbar, i ein relativ kort reiseavstand frå heimen. Dette vert i utgangspunktet umogeleg hvis ein ikkje knytter utkantane mot sentera og ikkje mot kvarandre. Det har ikkje vore satsa på dette i Sogn og Fjordane, og det er ein av grunnane til at vi no er i ferd med å verte utryddningstrua.

Når det gjeld barnehage/skule, så er det også ein trend at fleire og fleire grandaskular vert lagt ned. Dette treng ikkje være negativt hvis det ikkje er eit elevgrunnlag til å oppretthalde den pedagogiske kvaliteten, men nærleik til barnehage/skule betyr mykje, spesielt hvis ein har lang reise til jobb i tillegg. Og når då alle kommunar i fylket har elevstyring på elevane, som gjer at foreldra ikkje kan velje skule som er nær for eksempel jobben sin eller i nærleiken av slekt etc, då vert det ikkje mykje attraktivt å bu i utkantane.

For at ein skal ha eit mangfald i fritidsaktivitetar, og ikkje berre kunne velje mellom fotball og bokbåt, så treng ein igjen gode kommunikasjonar til sentra. Og jo fleire som reiser inn til dei same sentra for å ta del i fritidsaktivitetar, dess større utval og mangfald får vi i dei. Hvis ein ser på handelen i Førde for eksempel, så ville det ikkje være mogeleg å tilby innbyggjarane i Sogn og Fjordane det mangaldet i både utval, pris og kvalitet, hvis det ikkje hadde vore for at "alle" reiser til Førde for å handle. Betre kommunikasjonar ville førd til fleire og oftare besøk, og endå større mangfald.

Ein kan ikkje forvente at folk skal busettje seg, eller fortsette å bu, ein stad der dei føler seg utrygge. Det har ein no klart å gjere med å heile tida truge med å ta frå folk sjukehus og andre viktige helsetenester i ei årrekkje. Dette er ein viktig faktor for kvifor utkantane heller trekkjer mot sentrale strok, der kan dei være tryggje på at det er eit sjukehus i det minste.

At folk trivast er ein kombinasjon av alle desse, i tillegg til dei individuelle faktorane.

I Sogn og Fjordane må ein snart slutte med småskalatenkinga, og heller faktisk satse på sentra og store bu- og arbeidsregionar. Dette gjer ein best ved å realisere 45-minuttsregionen, ruste opp innfartsvegane til Førde og Sogndal, og slutte å misunne andre.