Kommunestyret og Formannskap
Margrete Dysjaland
Hvem er jeg?
Eg er ei odelsjente frå Tjelta, 1980 årgang.
Driv Inn på Tunet garden Dysjaland Gard, med ridesenter tilrettelagt for terapi- og handikapriding. Å kunne bruke dyra og garden for å tilrettelegge for ein betre kvardag og gje positive opplevingar for både store og små, er noko av det eg arbeider mest for.
At ein kan finne dei gode ressursane i kvar einskild, og nytte dette, gjev store og gode meistringsopplevingar som kan gjere kvardagen litt lettare og lysare.
Er elles med i Rogaland Westernklubb og Turglede med Hest i Naturen, og ser heilt klart ein samanheng med friluft, riding og fysisk aktivitet som eit positivt tiltak for folk flest.
Kva vil eg?
• Eg vil auke fokus på betre tilrettelegging av tilboda til funksjonshemma.
• Eg vil sjå til at ressursane vert bruka riktig på dei forskjellige tilboda kommunen gjev.
• Eg vil tilrettelegge for ein verdig rusomsorg.
• Eg vil jobbe for ein betre landbrukspolitikk.
• Eg ynskjer å ha ein open dialog med innbyggarane i kommunen. Mine prioriteringer:
• Psykisk helse
• Rusomsorg
• landbruk

