Meir pengar til kommunane med FrP!
Den norske staten er ein ekstremt rik stat. Vi har ein kapitalbase som dei fleste andre land misunner oss. Vi har eit oljefond
på godt over 3 000 mrd. kr. Dersom ein skulle fordelt det ut til alle innbyggjarane, frå dei yngste til dei eldste, ville
det utgjort ca 650 000 kr per nordmann. I tillegg til det blir det heile tida overført meir pengar til oljefondet.
Statsbudsjettet for 2012 blir gjort opp med eit overskot på 345,7 mrd. kr. Det betyr at for kvar time som går, blir det overført
ca. 40 mill. kr til oljefondet. Så sjølv om ikkje alle investeringane har vore like bra, tyder alt på at oljefondet også vil
vekse i tida framover.
Når ein har ein slik stor og god nasjonal statleg rikdom, skulle ein kanskje tru at dei fleste problema i landet var løyste. Men slik er det altså ikkje. Dersom ein reiser rundt til landets kommunar og snakkar med lokalpolitikarar og lokale ordførarar og rådmenn, får ein der ei beskriving av ein dagleg kamp for å få pengane til å strekkje til. Det er ein dagleg kamp for å greie å finansiere dei tenestene som innbyggjarane har krav på. Når vi ser på dette statsbudsjettet, er det ingenting som tyder på at jobben rundt omkring i dei 430 kommunane – 429 frå 1. januar 2012 – blir enklare.
Det er altså mindre inntektsvekst i dette budsjettet enn det som var varsla i kommuneproposisjonen. Det er også ein monaleg
usikkerheit når det gjeld finansieringssystemet for Samhandlingsreforma. Det er også vidareføringar av
ein usosial barnehagepolitikk, der det er stor forskjell på finansiering av private barnehagar og offentlege barnehagar. Regjeringa
strammar heller ikkje inn på asylpolitikken, noko som får konsekvensar for kommunane. Alt tyder altså
på at pensjonskostnadene og gjeldsgraden i kommunane også vil halde fram med å vekse markant i 2012.
Det kjem også åtvaringar frå fleire hald. KS viser til at dette budsjettet manglar 800 mill. kr til kommunane for ei rein vidareføring av dagens tenestetilbod. Dersom ein plussar på dei lovnadene som dei raud-grøne politikarane bl.a. har gått omkring og gitt i valkampen, manglar kommunane mange milliardar for å kunne møte dei lovnadene.
Konsekvensane av dette budsjettforslaget betyr derfor mindre lokal handlefridom. Framstegspartiet har teke dette til etterretning. Derfor har vi i vårt alternative statsbudsjett plussa på 2,75 mrd. kr til eldreomsorg, til grunnskule, til kommunalt barnevern, til kommunal rusomsorg og til psykiatri.
For kommunane i Hordaland ville dette betydd følgjande auke:
Bergen |
kr 137 444 000,- |
Eidfjord |
kr 523 000,- |
Askøy |
kr 11 848 000,- |
||
Etne |
kr |
Ulvik |
kr |
Vaksdal |
kr |
||
Sveio |
kr |
Granvin |
kr 672 000,- |
Modalen |
kr 199 000,- |
||
Bømlo |
kr 6 677 000,- |
Voss |
kr |
Osterøy |
kr |
||
Stord |
kr 8 929 000,- |
Kvam |
kr |
Meland |
kr |
||
Fitjar |
kr |
Fusa |
kr |
Øygarden |
kr |
||
Tysnes |
kr |
Samnanger |
kr |
Radøy |
kr |
||
Kvinnherad |
kr |
Os |
kr |
Lindås |
kr |
||
Jondal |
kr 743 000,- |
Austevoll |
kr |
Austrheim |
kr |
||
Odda |
kr 4 987 000,- |
Sund |
kr 3 055 000,- |
Fedje |
kr |
||
Ullensvang |
kr |
Fjell |
kr 9 859 000,- |
Masfjorden |
kr |
I tillegg til det har Frp plussa på 800 mill. kr til ressurskrevjande tenester, 250 mill. kr til auke i lærlingtilskotet og 4 milliardar meir i rentefrie lån utover det som regjeringspartia har foreslått. Framstegspartiet sitt alternative Statsbudsjett ville derfor betydd ein betre kvardag for innbyggjarane og kommunane i Hordaland. Dessverre blei desse påplussingane nedstemt av alle dei andre partia.
Gjermund Hagesæter
Stortingsrepresentant
Frp

