Kalender Sogn og Fjordane

21.03.11 13:36

Blogg: I revideringa av fylkesvegprogrammet for Sogn og Fjordane innstiller fylkesrådmannen på at den manglande strekninga på Bremanger2-sambandet og Torheimsvegen ikkje bør prioriterast no, men at pengane heller bør settast av til opprusting av Olden-Innvik. Men når ein les saka, så ser ein at det eine ikkje utelukkar det andre. For det rådmannen gjer er faktisk å sette av ganske mykje pengar for "trongare tider" i framtida. Spørsmålet då vert: Skal ein prioritere å byggje vegane så fort ein kan, eller vente til om 4 år for å byggje dei samme vegane?

Det er fleire grunnar til at det er fornuftig å prioritere den manglande strekninga Leirgulen-Bortnen i utlysinga av anbodet på resten av strekninga. Først og fremst fordi det vil spare fylkeskommunen for 9 millionar kroner, fordi ein kan ta det som ein del av det eksisterande prosjektet med alt det innebær av anleggskostnader og andre innsparinger. Men viktigast vert det likevel å prioritere strekninga fordi det gjer ein trafikktryggleikseffekt. Statens Vegvesen meinar det er uheldig med så mange standardsprang på ei så kort strekning, fordi slike standardsprang ofte fører med seg høgare ulukkesrisiko. Slik det er planlagt no, vil ein køyre 2100 meter på ny veg, 500 m på einfeltsveg, 400 m ny veg, 600 meter einfeltsveg, 450 m ny veg, 1100 meter einfeltsveg og til slutt ca. 6,7 km ny veg/tunnel. Statens vegvesen meinar også at det vil vera vanskeleg å forklara trafikantane i ettertid kvifor det er slik og at dette difor kan verte ei uheldig omdømesak for fylkeskommunen. Byggjer vi heile strekninga no, får vi ein tryggare veg utan standardsprang, og med lågare forventa ulukkesfrekvens.

Grunnen til at Fylkesrådmannen ikkje prioriterer prosjektet er ifølge han sjølv: "Etter fylkesrådmannen si vurdering vil det å prioritere nye prosjekt no, sterkt redusere moglegheita for å vidareføre arbeidet med Olden – Innvik i denne planperioden". Dette er eg ueinig med han i! Og det er fleire grunnar til det:

1. Ein har allereie fått ei innsparing på Bremanger2-sambandet på 160 millionar i forhold til det som var føresett i fylkesvegplanen, og det skulle berre mangle om ikkje 40 millionar av desse vert brukt til å fullføre prosjektet.

2. I Fylkesvegplanen vart det sett av 100 millionar som buffer i tilfelle anboda på dei 2 store prosjekta Dalsfjordsambandet og Bremanger2 skulle verte dyrare enn føresett. Denne bufferen foreslår fylkesrådmannen å vidareføre, sjølv om vi allereie veit prisen på Bremanger2, og har nesten klart endeleg pris på Dalsfjordsambandet. Det er ikkje naudsynt å vidareføre ein så stor buffer, når usikkerheita er så liten som den er.

3. Fylkesrådmannen skriv i saksutgreiinga at han ikkje vil auke låneopptaka, fordi ein ikkje veit kva inntektssystem fylkeskommunen får i framtida. Etter mitt syn må eit forvaltningsorgan forhalde seg til dei til einkvar tid gjeldane føresetnadene, og skulle det verte endringar så tek eg det for gitt at desse vil verte kompensert frå det nivået som vedtek endringa.

4. Fylkesrådmannen skriv og at ved å nytte auka investeringsmidlar no, så får ein mindre i neste planperiode(!). Dette er eit svært dårleg argument etter mitt syn. Hvis vi har høve til å byggje vegane no eller i 2015, så vil det vel være både samfunnsøkonomisk og prismessig betre å byggje dei no, sjølv om vi ikkje får bygd ein einaste veg i 2015.

Framstegspartiet vil prioritere Olden-Innvik, og sikre ei framdrift på prosjektet som gjer at "Norges verste veg" vert utbetra. Men dette vil vi gjere samstundes som vi fullfører Bremanger2-sambandet og Torheimsvegen. Det er muleg hvis ein brukar sunn fornuft.