Etter vel gjennomført helg kan vi konstaterte at det var ein svært god konferanse med stor mediadekning. Både Nrk, TV2, og dei største norske avisene var tilstades.
FrP vil høyre på alle som kan bidra i debatten,også dei som har andre forklaringar enn FN sitt klimapanel. Å påstå at all forskning og debatt er over og konklusjonane er tatt, er ein farleg veg å gje seg inn på. Kun ved debatt og vidare forskning vil verda gå vidare, vi kan ikkje sei at vi har funne sanninga ein gong for alle. Og så må vi ikkje minst handle. Og det er akkurat når det kjem til handling at FrP kan vise til tiltak som vil vere med på å minske CO2-utsleppa. Der dei andre partia i dette spørsmålet driv symbolpolitikk kjem FrP med konkrete tiltak som vil ha verknad på både klima,miljø og energi.
Og til slutt: Dei andre partia prøver å latterleggjere FrP. Men dei må skjelve litt i buksene når både Noregs statsminister og utenriksminister rykker ut i media ein laurdags kveld for å kommentere ein konferanse FrP har i Bergen.

