Mykje prat/lite handling
I eit lesarinnlegg skriv Samferdselsminister Liv Signe Navarsete at samferdslesektoren i Noreg kan gle seg over dei måla Regjeringa har sett seg for dei neste 4 åra. Ja, Navarsete, det må nok vere det som skal kome i framtid folk kan gle seg til. Eg trur eg har dei fleste med meg når eg påstår at det som den nye Regjeringa har medverka med til vegsektoren i statsbudsjettet for 2006 og no i revidert ikkje på nokon måte står i forhold til dei vallovnadane som Ingrid Heggø og Liv Signe Navarsete kom med på paneldebatten i Olden før valet, og som vart gjenteke mange gonger fram til valet i september. Då viste Heggø og Navarsete til at det var inngått ei avtale om at det skulle påplussast 2,2 mrd. kr. kvart år framover til samferdsle, berre veljarane sytte for at det raud/grøne regjeringsalternativet fekk fleirtal. Dette trudde fleirtalet av veljarane på, og landet fekk ei ny Regjering, men vallovnadane til samferdsle har dei same veljaren ikkje sett stort til enno.
Navarsete unnskyldar seg no med at det vil ta tid å snu ei skute, men om fire år skal norske vegar vere i vesentleg betre stand enn dei er i dag. Til dette er det berre å vise til utredningar som viser at sjølv med den auken som Navarsete lovde veljarane før valet, vil slitasjen på vegane vere større enn dei lovde påplussingane.
Navarsete skryt av at den nye Regjeringa har satsa stort på rassikring. Sanninga Navarsete, er at når det totale behovet til rassikringsmidlar er ca. 15 mrd. kr., vil det med dykkar løyvingar ta uendeleg lang tid før arbeidet er gjort.
Navarsete skriv også at i dei siste ti åra har midlane til asfaltering blitt halvert av dei sitjande regjeringar. Dette er direkte usant, Navarsete. I forrige periode, der FrP støtta et budsjett frå Bondevik-regjeringa under trussel av kabinettsspørsmål, der FrP inngjekk to budsjettavtaler og AP inngjekk ei budsjettavtale, vart rammene til vedlikehald og til vegsektoren totalt auka kvart år. Som Samferdsleminister trudde eg at du var klår over at Stortinget vedtek rammer til samferdsle, men at det er fylkespolitikarane som bestemmer kor mykje som skal nyttast til for eksempel asfaltering. Navarsete veit også godt kven som har hatt fleirtal i Sogn og Fjordane fylkesting, det er SP og AP. Dermed er det fylkespolitikarane frå desse to partia som har bestemt kva pengane skal nyttast til i vårt fylke, og det er desse som må ta skulda dersom løyvingane til asfaltering har blitt redusert.
Navarsete påstår at den nye Regjeringa er godt i gang med å oppfylle vallovnadane. For 2006 manglar det langt over 1 mrd. kr. før vallovnaden for dette året er innfridd. Det vert spennande å sjå om dette etterslepet vert teke inn att dei komande åra.
Det Navarsete ikkje nemner med eit einaste ord i sitt innlegg er at den nye Regjeringa legg opp til at brukarane av vegane skal betale ein vesentleg del både av vegvedlikehaldet, rassikring og vegutbygging sjølve, i form av rundt 100 planlagde bompengestasjonar rundt i landet.
FrP plussa på Bondevik-regjeringa sitt budsjettframlegg for 2006 med heile 5,3 mrd. kr. til vegsektoren. I tillegg vil FrP no i revidert nasjonalbudsjett føreslå å ytterlegare auke løyvingane til samferdsle med 676 millionar kr. Dette viser at FrP tek på alvor at vegane våre er i ferd med å gå i oppløysing.
Vegane vert ikkje betre med berre mykje prat, Liv Signe Navarsete, det må også handling til.
Åge Starheim
Stortingsrepresentant FrP

