Nytt Statens Hus vil rasere eigedomsnæringa i Førde
Den siste tida har det vore mykje snakk om at det vert planlagt eit Statens Hus i Førde, der ein skal samle dei statlege byråkratane i eit bygg.
Slik situasjonen er i dag med eit overskot på kontorlokaler på 15.000 kvm, vil dette kunne ha store negative konsekvensar for eigedomsnæringa i Førde, der leigeprisen på gode lokaler allereie er nede i 500 kr pr kvm. Det finnst i dag rikelig med lokaler der staten kan utføre si verksemd utan eit slikt bygg.
I forbindelse med at Førde kommune planlegg bygging av nytt rådhus i tillegg, vil dette føre til minimum 25.000 kvm tomme lokaler.
Med bakgrunn i at ein heller ikkje veit kva konsekvensar regionreforma får for fylkesmannsembetet ber Sogn og Fjordane Framstegsparti om at stortingsgruppa ber fornyingsministeren stogge planane om bygging av eit Statens Hus i Førde.

