Kalender Hordaland

19.04.08 21:33

Radøy FrP seier NEI til eigedomsskatt!

Det går mot innføring av eigedomsskatt også på hus og hytter i Radøy. Etter sigande skal dette falle alle parti hardt for brystet, men det er ikkje andre utvegar vert det sagt.

Radøy FrP har i kvar budsjettsamanheng sagt at vi må sette bremsene på. Vi har peika på at ved å bruke ostehøvelen kvart år, i staden for å gjere harde prioriteringar, klarar vi ikkje å opparbeide oss ein nødvendig buffer mot framtidige utgifter og at vi ville ende opp her vi no står. Vi har peika på områder der det var mogeleg å gjere innsparingar og betre utnytting av dei midlane vi har til disposisjon. Vi har og sagt at dette er tiltak som må gjennomførast over fleire år før vi kan sjå resultat i andre enden. Vi har tala for døve øyrer.

Når vi no manglar millionar på å få balanse i drifta, vert FrP delvis skulda for ikkje å ta ansvar når vi seier nei til eigedomsskatt utan å ha inndekning for dette. Det får no så vere. Vi har vist ansvar kvart einaste år ved dei alternativa vi har kome med, det er meir enn kva nokon av dei andre kan vise til . Vi har sett litt lenger enn kvart budsjettår isolert og vi klarar ikkje å hente inn gapet i ei handevende no. Difor meiner vi det er vel så ansvarslaust å seie at ein blir ”tvinga” til å innføre ein skatt ein er i mot, når ein tidlegare ikkje har vist vilje til å prøve å unngå å hamne i ein slik situasjon.

Det er gjort vedtak om store investeringar i Radøy dei siste åra, med ny skule på Sæbø og utviding av Velferdsenteret.  Men situasjonen vi er i no kan ikkje eine og aleine skuldast på desse. Dersom vi ikkje tek lån til desse prosjekta, men finansierer det ved aksjesal, manglar vi framleis + - 10 millionar årleg dei neste 4 åra. Dette til tross for at f.eks samanslåinga av institusjonsplassane skal gje oss ein utgiftsreduksjon på ca 2,5 millionar årleg. Då må det vere innlysande for dei fleste at vi har større pengeproblem enn kva utbyggingane fører med seg.

Denne pengemangelen må takast alvorleg. Alle politiske parti i Radøy vert nøydt til å ta inn over seg at vi er tvungen til å gjere prioriteringar som vil få konsekvensar for tenestetilbodet i Radøy. Vi kan ikkje fortsette slik vi gjer no, og det løyser ikkje mykje å kvelve rekninga over på innbyggjarane i form av eigedomsskatt. For kor lenge rekk desse pengane før vi igjen er i knipe pga at ingen vil prioritere vekk noko? Kor skal vi hente pengar då? Det er jo ei kjensgjerning at ein brukar alle dei pengane ein har tilgjengeleg dersom ein ikkje er villeg til å redusere på noko.

Sidan regjeringsskiftet i 2005 har renta auka monaleg. Folk med huslån på 1 million har fått auka dei månadlege utgiftene sine med 3-4000 kroner, og som kjent er det vanskeleg å ha noko særleg mindre enn dette i lån, og desto verre vert reknestykket. Det er ofte barnefamiliar i etableringsfasen, der ein har billån, studielån og andre høge utgifter  på toppen. For desse vert ein eigedomsskatt på toppen kanskje den siste spikaren i kista for at økonomien ikkje lenger går rundt. For ikkje å snakke om minstepensjonisten med 8.000 kr utbetalt i månaden, som sit på eit stort hus dei har jobba og skatta for  heile livet. Truleg vil mange av desse føretrekkje eit lågare kommunalt tenestetilbod framføre å måtte avstå frå middag halve veka, eller i verste fall måtte gå frå hus og heim. Radøy FrP nektar å kvelve rekninga over på desse, og meiner vi må sjå på alle områder som ikkje er lovpålagt for å finne pengar.

Argumentet om privat overflod og offentleg armod er kanskje i ferd med å ta vekk gangsynet overfor dei i samfunnet som ikkje lever i sus og dus. Ikkje alle er lånefrie, godt løna folk  i 40, 50 og 60-åra. Dette viser kanskje for dårleg att på dei som sit som  folket sine representantar i styre og stell?

Og berre for å ha nemnt det om nokon skulle lure: AS Noreg har meir pengar enn nokon gong, kommunane har mindre pengar enn nokon gong. Kanskje på tide å krevje handling frå ei fleirtalsregjering som har makt og mynde til  gjere akkurat som dei lystar?

For Radøy FrP

Lena Bø Nilsen,gruppeleiar