Eit samrøystes Kommunestyre sa eit rungande NEI til områdevern av Stødleterrassen, sendte med det overordna mynde eit tydeleg signal om å la eksisterande lovverk ta hand om automatisk freda fornminne i dette området. Med dette håpar ein at ei mangeårig sak snart ser sin ende.
Etne FrP har vore heilt klare på at me ikkje ynskjer eit landskapsvern som overordna mynde vil setja i verk på Stødleterrassen. Me møter heile tida eit lovverk som i praksis vernar spesielt om det aller meste av kommunen vår, og det er slett ikkje naudsynt med eit sterkare og meir båndleggjande vern i dette området.
Me er difor glade for at saka nå kan gå mot ein slutt, og me håpar at overordna mynde lyttar til kva lokaldemokratiet seier - trass i kva me vanlegvis opplever frå den kanten. Eit grundig arbeid frå sakshandsamar ligg til grunn for det omfattande vedtaket som blei fatta, som også tar høgde for at nokon skal finne på å tvinga områdevernet på oss trass alle motsegner.

