Nordhordlandspakken.
Nordhordlandspakken, ei av vår tids største politiske saker var oppe i Lindås Kommunestyre den 11.12.08.
Ettersom lokalavisene våre ikkje har referert kommunestyret si behandling av denne saka, så vil Lindås FrP gjerne informere litt. Den “gamle” Nordhordlandspakken med maksimum 50% bompengebidrag har versert i distriktet i ei årrekke, men vart som kjent avliva av styret i selskapet Nordhordlandspakken AS i høst.
No er det 100% bompenger som gjeldt. I kommunestyremøtet den 11. Desember hadde Lindås FrP ein del forslag som dessverre vart nedstemte av fleirtalet.
Vi foreslo:
Ÿ At ordlyden i pakken skal endras ifrå det negative ordet bompengepakke til det meir nøytrale ordet vegpakke. Ikkje den heilt store endringen. Innhaldet i pakken ville nok sikkert vore det same. Fleirtalet stemte dette ned. Dei ville ha ordet bompengepakke.
Ÿ At det skulle jobbast for finansiering uten bompenger. Nedstemt.
Ÿ At det skal haldast folkeavstemming om ei eventuell bompengefinansiering. Nedstemt.
Ÿ At det skal vera innkreving på ferdig veg, med alternativ for gratis omkjøring. Nedstemt.
Ÿ At Nordhordlandspakken AS kvalitetsikrar arbeidet sitt før dei legg det fram. Nedstemt.
Det siste punktet uroar oss. Det virkar som om det er viktigere å stemme mot FrP sine forslag enn å kvalitetsikre produktet Nordhordlandspakken.
Sveinung Valle, leiar i Nordhordlandspakken AS erklærte seg for øvrig ugild i denne saka. Han gjorde det med begrunnelse at han ville ha ein ryddig prosess, og det er bra.
Senterpartiet skulda i debatten FrP for å vera motstandarar av vegar.
La oss gjerne presisere: FrP er ikkje motstandarar av vegar. Vi vil helst ha gode vegar. Vi er ikkje eingong imot bilar, og støtta også SV sitt forslag om å bruka elektriske/hybrid bilar i kommunen dersom det er mogeleg.
G. Husdal, Lindås FrP.

