Radøy FrP og ny riksveg over Radøy
Svar til Meinert Helland.
Som fleire har påpeika i det siste, både vi i Radøy FrP, andre politikarar og på leiarplass i avisa Nh, dett Radøy mellom to stolar når det gjeld å auke folketal og få større industri til øya. Det er her vi har utfordringar frametter, som Radøy sin nye rådmann og påpeikar. Dette gjer at det er naudsynt å tenkje i litt større perspektiv enn kun Radøy som eigen kommune. Vi i Radøy FrP meiner det vil vere ei større samfunnsnytte i å bruke pengar på ein veg som vil komme langt fleire til gode, og som har potensiale til å betre Radøy kommune sine moglegheiter som aktuell lokaliseringsstad for framtidig industri og busetting. Som kommune er vi heilt avhengig av å få dette til. Årsaka til at vi har havna i denne stoda, er kanskje at ein tidlegare ikkje har makta, eller hatt vilje til, å sjå langt nok fram i tid. Dette prøver vi no å gjere noko med.
Så svar på spørsmåla som vert framsett er som følgjer:
1. Meiner Lena Bø Nilsen at den planlagte nye riksvegen mellom Tolleshaug og Soltveit, med stikkveg til Manger, ikkje skal byggjast?
Svaret her er Ja. Grunngjevinga for dette er delvis gjeven i tidlegare innlegg og ovanfor, men eit viktig moment her er og at stikkvegen til Manger ikkje ligg inne i Nasjonal transportplan(NTP) og etter all sannsynlegheit vert for dyr. Dermed vil den aldri verte realisert. Dette er det få andre som snakkar høgt om, men vi meiner at dette bør folk vere obs på. Vi meiner det vil vere gunstigare å utbetre dei eksisterande vegane frå Marås til Sletta, og vegen frå Manger via Helland til Sletta. Dette er ikkje så kostnadskrevjande og bør kunna gjerast i løpet av ikkje alt for lang tid. Vi har ikkje gløymt denne sida av Radøy, sjølv om vi kjem med nye tankar!
Alle er og svært opptatt av kulturlandskapet på Radøy, og ein kan lure på kva ei stor bru over Hallandsvatnet, eller eit svart tunnelhull, vil gjere med det visuelle inntrykket av ein av dei flottaste stadane vi har på øya...
2. Om svaret er ja, er det også Radøy FrP sitt syn og eit mål partigruppa vil arbeida mot i komande valperiode?
Svaret her vert og Ja. Dette vert ei valkampsak og noko vi både arbeidar med og vil halde fram å arbeide med. Så lenge arbeidet med vegen ikkje er sett i gong og kommuneplanen skal rullerast i 2008, ser vi det som mogeleg å få til. MEN: Det krev at det vert eit politisk fleirtal i kommunen for å endre trase-valget og då må velgjarane støtte dei partia som jobbar for dette.
Vi forstår godt at folk er bekymra for at dette vil øydeleggje alt, men kan trøyste med at vi ikkje er intressert i å gjere noko som vil føre til at Radøy sit att utan vegmidlar. Det vi ser som ein stor fare, er derimot at om Radøy får den planlagte vegen Tolleshaug-Soltveit, har vi ikkje moglegheit til å få fleire vegmidlar i all overskueleg framtid. Vi er redde for at dette vil føre til at Radøy kommune går glipp av framtidig industri og auke i folketal. Det er noko vi treng sårt for å oppretthalde det vi alt har i dag. Større industri kan og føre til meir vegmidlar på sikt. Vi har og fått klare signal frå Stortinget at pengemidlane som er avsett i NTP ikkje vert fjerna, sjølv om ein endrar traseval. Det som vil skje, er at prosjektet vil ta litt lenger tid, sidan det er andre prosjekt som er klare til igangsetting og vi må få det inn i den nye kommuneplanen. Men alle prosjekt som ligg i NTP, har ei målsetting å vere ferdig innan 2016, OG: i den planen ligg vi!
Vi har tatt vårt standpunkt med tanke på heile Radøy og regionen sitt beste, og meiner det er ærleg og redeleg å gå ut med dette no.Dette vert og drøfta i heile regionen samt på Sotra og i Øygarden. Askøy har vore lunkne til no, fordi dei som Radøy er redde for at det vil øydeleggje allereie planlagde prosjekt, men næringslivet sine talsmenn i Nordhordland og i resten av regionen, som representerer vel 500 bedrifter, har og gått ut og sagt at dette må realiserast. Dette og det at Bergen kommune og har vorte ”instruert” om å leggje press på Askøypolitikarane, gjer at det ser ut til å vere breid semje om at ytre ringveg, og kalla ”Gullvegen”, pressar seg fram.
Det vert opp til velgjarane å avgjere kva dei meiner er til deira, kommunen og framtidige generasjonar sitt beste. Så får vi berre håpe og tru at folk flest ser kva potensiale som ligg i å få ein veg som er framtidsretta. Vi ser det uansett som vår plikt som politikarar og prøve å sjå for oss ei utvikling som strekkjer seg lenger enn neste valperiode, slik at Radøy og får ta del i den utviklinga som våre nabokommunar allereie har del i.
Vonar dette var avklarande, både for Meinert Helland og andre.
Med venleg helsing
Kommunestyregruppa i Radøy FrP
Lena Bø Nilsen, gruppeleiar
Ole Kristoffer Tveiten
Bodil Sjursen
Ruth Myking
Tore Martin Hamre

