Kalender Hordaland

23.03.11 03:26

Det har lenge vore klart at noko må gjerast med omsyn til modernisering av Etne Omsorgssenter, og etter ei lang sakshandsaming og utsetjing fekk me i dag ei avklaring på korleis ein skal dekka framtidige behov for mellom andre eldre pleietrengande, demente, alvorleg sjuke og innbyggjarar som er "ferdig behandla" ved sjukehus.

 

Tilrådinga frå Rådmannen gjekk i korte trekk ut på at den eldste delen av noverande omsorgssenter skulle rivast (24 plassar) og erstattast med to nye avdelingar med til saman 20 plassar samt omgjering av 12 plassar til bufellesskap. I tillegg blei det tilrådd ei omgjering av bufellesskapet ved Skånevik Omsorgssenter slik at ein får totalt 16 plassar til mellom anna rehabilitering. Ei løysing Etne FrP ikkje meinte var framtidsretta nok.

 

Omstilling og spesialisering ved Skånevik Omsorgssenter vil nok verta ei eiga sak på eit seinare tidspunkt, me ser for oss ei styrking av tenestetilbodet også i Skånevik for å dekkja framtidige behov - slik som me ser behov for ei framtidsretta satsing på Etne Omsorgssenter.

 

Difor tok Etne FrP initiativ til at det blei jobba hardt med eit meir framtidsretta alternativ til Rådmannen si tilråding, noko som enda opp i eit fellesforslag frå Etne FrP og Etne Ap om nybygg og samordning av tenestetilbodet i Etne. Dette forslaget blei fremja i Komité Folk, men blei stemt ned av Etne Sp og Etne Krf ved at komitéleiaren brukte dobbeltstemma si.

 

Det blei jobba vidare med å skaffa til veie eit fleirtal for nybygg, og Etne H blei med på laget. Dette resulterte i at 12 av 21 representantar i Kommunestyret stemte for at ein skal gå vidare med arbeidet for å få på plass eit heilskapleg helsetilbod i eit moderne og framtidsretta nybygg.

 

Det endelege vedtaket ser slik ut:

 

Etne Kommunestyre tilrår at ein byggjer eit nytt bygg med samordning av helsetenestene og PLO framfor riving av eldste delen av eksisterande sjukeheim, og nytt tilbygg på same tomta.

 

Nybygget bør liggja på området søraust for eksisterande sjukeheim, eller anna areal nær eksisterande omsorgssenter.

 

Nybygget skal, mellom anna, ha plass til tenestetilbodet helsesenteret gir i dag, og dagsenter. Det skal byggjast til saman fire avdelingar, kvar med plass til 10 bebuarar. Med ei forventa levetid for bygget på 40+ år, må bygget utformast slik at ein har mogelegheit til ytterlegare utbygging med inntil 20 plassar, og slik sjå fram mot varsla auke i behov fram mot 2060, jamfør tala frå Fylkesmannen. Nybygget skal dekka framtidige behov for demensplassar, plassar for fysisk funksjonssvake, alvorleg sjuke/personar som treng lindrande behandling og personar med kroniske lidingar. Den endelege utforminga av plassane bør vera etter helsefaglege føringar.

 

Ei slik løysing vil sikra kontinuitet i pleie- og omsorgssituasjonen gjennom heile byggjeperioden, og gir større fridom med omsyn til å forma ut eit heilskapleg, moderne og framtidsretta Helse- og Omsorgssenter.

 

Kommunestyret tilrår at det også blir gjort ei vurdering med omsyn til at eksisterande omsorgssenter etter flytting vert nytta til å gje brukarar med andre behov, til dømes innan psykisk helseteneste, eit styrka tenestetilbod.

 

For å få eit bilete av den totale kommunale tenesteytinga som kan trekka vekslar på bygging av eit nytt Helse- og Omsorgssenter på ny lokalitet, vil Kommunestyret også be om ei vurdering på om eksisterande helsesenter kan dekka behov som Enge skule har, til dømes for eigen SFO.