Kalender Hordaland

06.01.09 18:56

Rådmannen si tilråding i denne saka var å gjera om tre legat som i si tid vart oppretta for og avhjelpa fattige, vanskelegstilte og alvorleg sjuke til eit nytt legat for kultur og idrett. Dette følte me i Etne FrP var så langt frå intensjonen til dei som opphaveleg oppretta legata at me foreslo eit anna legat meir i tråd med giverane sine intensjonar, nemleg å gjera noko godt for dei som ikkje har det så lett:

Legat for førebyggande tiltak innan psykiatrisk helseteneste.

Legatets avkastning skal årleg brukast på tiltak for brukarane av psykiatrisk helseteneste, multifunksjonshemma, rusomsorg og andre med særskilte behov. Tiltaka skal ha ein sosial profil, som t.d. turar, arrangement og kurs/samlingar for brukarar og pårørande.


I formannskapet blei dette forslaget nedstemt til fordel for idrett og kultur, men fleirtalet i kommunestyret ynskte heldigvis å vera tru mot dei opphavelege legata sin intensjon. Det nye legatet har ein kapital på omlag 185.000,- kroner.

Lenke til saka: http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_etne/wfdocument.aspx?journalpostid=2008004801&dokid=58630&versjon=1&variant=P&ct=RA-PDF