OM Å TRASSA FYLKESMANNEN
Kva kom først, høna eller egget? Som lokalpolitikar må eg spørja; kva kom først, kommunen eller Fylkesmannen? Kven har nærleik til dei lokale spørsmåla - trassige lokale politikarar eller trassige sentrale byråkratar? I dag set byråkratane hos Fylkesmannen kontinuerleg, og med stor frimodigheit, til side kommunal sjølvråderett og godt skjønn frå lokalpolitikarar som går på synfaring i vanskelege saker. Byråkratane sit heller i avlukka sine og brukar sitt eige skjønn, kikkar på kart og seier nei. Tar dei turen og sjekkar dei faktiske tilhøva? Svært sjeldan - dei ser meir enn godt nok frå avlukket sitt, trur dei. Slik arroganse burde vera straffbar!!
Svært mange er leie av surmaga byråkratisk overstyring! I Etne kommune er eit samla politisk miljø opptekne av gode lokale løysningar. Fylkesmannen derimot lar aldri sjansen gå ifrå seg til å koma med motsegn eller klaga på gode fornuftige vedtak som ingen andre synest noko vondt om.
Plan- og bygningslova opnar for lokalt skjønn, slik at gode vedtak skal vera mogeleg å gjera gjennom dispensasjonar trass i forbodssonar og vernevedtak.
Vernevedtak kan ramma på mange tragiske vis - slik som den sist omtala saka viser, kan dei få konsekvensar i det daglege som eg aldri vil tru var tilsikta då vernet kom på plass. All verning skal ha eit formål, og dette skal me støtta opp om så lenge det er rimeleg og fornuftig. Når byråkratane hos Fylkesmannen får hjørne kvasse nok til å skjera seg på, og handhever vernet av Etne-vassdraget og strandsona til det absurde, - ja så er det ikkje lokalpolitikarane som trassar Fylkesmannen - det er Fylkesmannen som har mista bakkekontakten, eller i det minste fornufta. Det er klart me då må stå på for det me meiner er rett! Me er lei av innblanding i avgjerder det er tverrpolitisk semje om. Me finn oss ikkje i at sentralt byråkratisk skjønn frå eit avlukke skal overstyra godt funderte lokale skjønn! Me er lei av vern utan mål og meining! Me er lei av å vera bundne på hender og føter i saker der det i utgangspunktet ikkje finst taparar, berre glade vinnarar. Heilt til gledesdreparane hos Fylkesmannen har sagt sitt då...
Me krev makta tilbake! Tilbake frå tilsette byråkratar til folkevalde politikarar. Tilbake frå skjønn basert på synsing ut frå kart og papir, til godt funderte skjønn ut frå faktiske forhold. Me vil ha sjølvråderett! Kva er elles vitsen med at ein har val år om anna, dersom det er dei statleg tilsette som sit med makta uavhengig av valresultat?
Det er nokre år sidan kong Sverre talte Roma midt imot, og no er det på høg tid at nokon set foten ned for (over)makta igjen. ME GJERE DET I ETNE!!
Slik obsternasigheit har setjefylkesmannen i Sogn og Fjordane aldri høyrt om - det kan ein lesa seg til i Haugesunds Avis. Nei, kan hende ikkje, men då var det jammen på høg tid! Måtte alle politikarar i Noreg seie NOK ER NOK!
Me som er valde av folket til å styra, må ta makta tilbake frå dei som er tilsett av folket til å vera støtteapparat. Kan henda det er på tide med eit aldri så lite opprør i korridorane på Løvebakken og i Regjeringskvartalet også? Me skal ikkje gløyma kven me er sette til å tena - me er til for FOLKET, det er ikkje folket som er til for oss! Dette gjeld i minst like stor grad for byråkratane, men eg trur det er lenge sidan dei har gløymt kven som betalar løna deira...
Roger Nilsen
gruppeleiar Etne FrP

