Endringane som skjer med nettsidene er ganske omfattande. Det vært nokre mindre justeringar på utseende, men ikkje dei heilt store endringane her.
Den store endringa kjem på innhald og tilknyttning. Sidene vært linka opp mot fleire nettsamfunn som origo og facebook, der lokallaget også vil ha eigne sider. Fleire av menyane vil linkast direkte opp mot desse nettsamfunna. Blant anna vil kalenderfunksjonen bli flytta til origo. I tillegg vil det knyttast opp ein eigen blogg til Førde og omegn FrP, der tillits- og folkevalde vil legge ut blogginnlegg. Det vert og ein eigen meny for omtale av FrP i andre medier.
På sjølve sidene vil det bli mykje meir innhald. Det vil ligge både informasjon om lokalaget og politisk regnskap som før, men i tillegg vil det bli eigne menyar for politiske tema som gjer det enkelt å finne fram til kva Førde FrP meiner om forskjellige saker. Det vil også bli lagt ut meir praktiske dokument som årsmøtereferat, lokallagsprogram etc. Meininga er at både medlemmar og sympatisørar enkelt kan finne det dei treng av informasjon på nettsidene.
Oppgraderinga vil ta ca 2-3 veker, og dei nye nettsidene vil bli presentert på lokallagsårsmøtet 15. september.

