Kalender Hordaland

19.04.09 20:36

 

Etter 18 år på «toppen» i skuffa ligg planen om ein ny gang- og sykkelveg i Skånevik framleis i skuffa, og nok ein gong er det eit tema i Grannar. Mange av politikarane i Etne drøfter saka titt og ofte i både formannskapet og kommunestyret, men ein ting er å meine, ein annan ting er å handle.

 

For å realisera ein gang og sykkelveg i skånevik så snart som mogeleg må kommunen forskotera, men saka er viktig, og må handsamast før liv går tapt.

 

Berre for å betala rentene årleg for ei slik forskotering vil koste kommunen 600.000 kroner, og det er hardt å svelge for ei slank kommunal lommebok. Og når ein tenker på andre hasteprosjekter som Skakkesenteret med sine driftskostnadar som er estimert på 1.800.000 kroner årleg som det er fleirtal for blant kommunale politikarar, gang- og sykkelvegen frå sentrum i Etne til Håfoss og renovering av Etne omsorgsenter ser det mørkt ut for Skånevik med det sittande kommunestyre.

 

Etter ei omorganisering i skulen var det frigjort omlag 1.000.000 kroner årleg som kunne vore brukt til forskoteringa av sykkel og gangstien i Skånevik. Etne FrP fremja forslag om å bruke denne «millionen» til å disponerast om til frie midlar i håp om at prosjektet i Skånevik kunne realiserast. Fleirtalet i kommunestyret (v/ AP, V, SP, KRF og H) stemde imot.

 

Det er ei kjent sak at Etne FrP er imot Skakkesenteret slik planane ligg føre, og meiner at dei to millionane saman med den millionen som vart frigjort frå skulebudsjettet kunne vore brukt på noko meir livsviktig, som ein god vei for våre mjuke traffikantar.

 

Arve Sørheim

Partisekretær, Etne FrP