Av Joar Grindheim, 27.08.07
Etne Frp meiner kommunen ikkje bør byggja nytt kulturhus no. Til det er økonomien i prosjektet for usikker. Difor vil partiet ha saka opp på nytt.
|
|
| Framstegspartiet sin ordførarkandidat i Etne har mange ting han ønskjer å få gjort. — Å gjennomføra alt det me vil utan meir inntekter blir vanskeleg, seier han. |
Roger Nilsen
Alder:
38
Sivil status:
Sambuar
Yrke:
Sjukepleiar
Parti:
Ordførarkandidat for Etne Framstegsparti��
— Me ønskjer å frigje midlar frå det som er sett av til kulturhuset. Me veit ikkje godt nok kva det vil kosta kommunen, og
me fryktar det vert mykje dyrare enn det me ser no. Leigeavtalen med fylket er høgst usikker på sikt, og kva gjer me visst
dei ikkje vil leiga lengre, seier partiet sin ordførarkandidat i Etne, Roger Nilsen.
Partiet vil heller ha fokus på dagens samfunnshus, og ønskjer å byggja ein fleirbrukshall i tilknyting til det. Noko partiet
trur vil gje større inntekter og mindre utgifter for kommunen.
— Eit samfunnshus med fleirbrukshall vil ikkje medføra like store investeringar som det planlagde kulturhuset. For oss er
det viktig å konsentrera oss om det me har. Dersom me skal investera i kulturhus, må bruksmønsteret og grunnlaget endrast.
Me fryktar dei økonomiske belastningane eit kulturhus kan føra med seg for kommunen, seier han.
Fleire sjukeheimsplassar
Og partiet ønskjer også å overføra pengar frå kulturhuset, mellom anna til å byggja ei ny sjukeheimseining. Kvar den skal
liggja, har ikkje partiet tatt stilling til.
— Stadig fleire vert skrivne tidleg ut frå sjukehus og kommunehelsetenesta må følgja opp pleia. Me ønskjer å auka denne kapasiteten
og vera i framkant, også med tanke på demensomsorg og å skaffa avlastingsplassar. Å få pasientane heim meiner me er rimelegare
for kommunen enn å ha dei lenger på sjukehus. Det må bli lågare terskel for å få sjukeheimsplass, seier han.
Men ei ny sjukeheimseining krev også meir personell, og partiet ønskjer å auka grunnbemanninga i kommunen. Det betyr også
ekstra utgifter. Partiet vil også vurdera bonus til tilsette både for å få folk til å bli samt å få tak i kvalifisert arbeidskraft.
— Førsteprioritet er uansett å få orden på det som er. Innan helse og omsorg ønskjer me å tilby kjøkkendrift alle dagar. Fagpersonell
skal tilbake til å fokusera på det dei er trena til. I dag må pleiepersonell laga til måltida, medan kjøkkenpersonell får
pleierelaterte oppgåver. Slik kan me ikkje ha det, meiner han.
Må auka inntektene
— Korleis skal omsorgssatsinga finansierast?
— Me ønskjer ikkje å innføra eigedomsskatt slik som Arbeidarpartiet. Å kutta i ordførarstillinga, slik Høgre ønskjer, er heller
ikkje aktuelt. Ordføraren skal tvert om gjerast tydeleg som innbyggjarane sin ombodsmann. Men kommunen må få auka inntekter
for at me skal få ting til. Det skal skje ved å få fleire til å flytta hit. Etne er i dag ein god plass å bu og vekse opp,
men me må bli flinkare til å marknadsføra kommunen vår slik at fleire vil busette seg her. Me har nær full barnehagedekning,
men treng attraktive bustadtomter. Me må difor sjå på reguleringsplanane og gjerna bruka landbruksareal i sentrumsnære områder
dersom det er der folk vil bu. Det må i så fall også skje i samarbeid med bonden, seier Roger Nilsen.
— I tillegg må det skapast fleire arbeidsplassar. På sikt vil me då få meir pengar å rutte med sjølv om kostnadane våre også
vil gå opp. For næringslivet vil me først og fremst syta for at kommunen er positive og effektive når det gjeld å tilby næringsareal.
Vil nokon omregulera eksisterande areal, skal dei få lov til det.
Infrastruktur
For å gjera kommunen meir attraktiv meiner Nilsen betre infrastruktur er viktig.
— Både tunnel Etne-Skånevik og sykkel- og gangvegar er viktig å få på plass. Strekninga sentrum til idrettsplassen i Skånevik
er planlagt, så den må me få bygd. I tillegg må me knyte grendene rundt Etnesjøen saman med sykkel- og gangvegar. Å bygga
langs elva vil framheva den, seier han og legg til at det kan leggjast inn stoppeplassar med benker og bord i tilknyting til
kulturhistoriske plassar.
— Dette kan me gjera til noko som lokkar folk til bygda og dei som bur her ut på tur, samstundes som me får trygge skulevegar.
Men kommunen har ikkje dei naudsynte midlane på bok, og me ligg ikkje særleg høgt på nasjonale/regionale prioriteringslister.
Me må difor sjå på andre alternative finansieringsmåtar for å få fortgang i prosessane. Ei løysing er at kommunen kan forskottere,
men det går også an å sjå på samarbeid mellom det offentlege og private. Pengar som vert forskotterte er jo pengar me får
igjen.
— Kva kan kommunen gjera lokalt når det gjeld miljø?
— Det er politikarane på nasjonalt nivå som må setja i verk tiltak som monnar. Klimaverstingane i verda er dei folketette
nasjonane med ei eksplosiv industriell vekst, og ikkje befolkninga i Etne. Det beste me kan gjera for miljøet enn å få betre
vegar som vil føra til mindre utslepp frå biltrafikken. Me har friske vassdrag, ein friske fjordar og frisk luft i Etne, seier
han og legg til at alle har eit ansvar for å tenkja energiøkonomisering og resirkulering.
Effektiv administrasjon
Men utan auka inntekter til kommunen og omprioritering med meir effektiv bruk av pengane ein har, er det lite av dei ønska
forandringar partiet kan få til.
— Me treng å omprioritera dei pengane me har og auka inntektene til kommunen for å få til dei forandringane me ønskjer. Det
må gjerast noko med effektiviteten i kommunen. Om ikkje administrasjonen skal slankast, må me sjå på korleis me kan få gjort
meir med dei som er der i dag, seier Nilsen.
Ein merkbar endring han og partiet ønskjer å få til er å få ned sakshandsamingstida. Kommunen skal som ein regel seia ja til
alt det ikkje er nokon merknadar mot.
— I til dømes byggesakshandsaming er det ingen grunn til at kommunen skal seia nei dersom ikkje naboar har noko imot bygginga
eller fylkesmannen stikk kjeppar i hjula. Dermed bør det gå raskt å få ja, seier han.
Turisme
Framstegspartiet ønskjer også eit sterkare fokus på turisme slik at fleire vegfarande stoppar i kommunen. Indirekte skal dette
gje meir pengar i kommunekassa ved at det private næringslivet får auka inntekter.
— Kommunen si oppgåve er ikkje å driva turisme sjølv, men leggja til rette for private og seia ja når nokon vil noko. Til
dømes kunne Langfoss vore mykje meir utnytta enn den er i dag, og ei satsing der kan vera med på og blesa nytt liv i Fjæra.
Me ønskjer også å få meir fokus på kongesoga i Etne, seier Roger Nilsen.
— Ein annan ting me må få meir fram, er den fantastiske elva som ligg midt i Etnebygda. Dette er ei perle som me må bruka
meir, fastslår han.
Lang horisont
— Kva vil de prioritera vekk for å få råd til det de ønskjer å gjennomføra?
— Dei tiltaka kommunen støttar har me ikkje råd til å mista. Me ønskjer ikkje å ta midlar frå nokon, men kanskje endra på
korleis støtta vert brukt, seier Nilsen som vedgår at det kan bli vanskeleg å få til alt det partiet ønskjer utan auka inntekter.
— Å gjennomføra alt det me vil utan meir inntekter blir vanskeleg. Men me trur jo at me skal klara å skapa vekst i kommunen
ved å leggja til rette for næring og tilflytting heller enn å auka skattertrykket. Me må minst bruka dei neste fire år på
ein prosess for å skapa grunnlag for varig verdiskaping, seier han.
— Kva er den viktigaste saka å få gjennomført no?
— Å få ei god eldreomsorg med fokus på livskvalitet mellom anna ved å auka grunnbemanninga og å få ei kommunehelseteneste
som tar godt vare på dei ulike brukarane, svarar Nilsen.
Som sjukepleiar ved Etne omsorgssenter kjenner han sjølv på kroppen korleis det er å jobba i den tenesta.
— Ingen eg kjenner i kommunehelsetenesta meiner det i dag er nok folk til å få gjennomført det ein vil utan at ein må ta vekk
noko anna frå dei eldre, seier han.
VALPORTRETTET��
1. Er det aktuelt for ditt parti å innføra eigedomskatt i den neste fireårsperioden?
Nei, det er heilt uaktuelt.
2. Er det aktuelt å gjera vedtak om å leggja ned skular eller byggja nye i løpet av fireårsperioden?
Det er ikkje aktuelt å endra skulestrukturen slik det ser ut no. Dersom behovet melder seg for å byggja nytt, eller utvida
eksisterande skulebygg så vil me gjera det.
3. Vil ditt parti gå inn for å driva institusjonskjøkken etter kok/kjøl-prinsippet?
For Frp er bemanna kjøkken sju dagar i veka viktigast. Kok og kjøl gjer ikkje kvaliteten på maten dårlegare i seg sjølv, men
tillaginga er svært viktig for trivsel og matlyst. Me vil at dei eldre skal få mat dei likar og vil eta, og ynskjer brukarmedverknad
når menyen skal formast, helst med meir enn ein rett å velja i kvar dag.
4. Kva er den viktigaste saka ditt parti vil ha gjennom for dei eldre i løpet av fireårsperioden?
Summen av våre saker skal gje kommunens eldre ein meir meiningsfull og god alderdom, det har dei nemleg krav på og gjort seg
fortent til. Bygging av ei ny eining er den største enkeltsaka, då me ynskjer å vera førebudd på framtidige behov og vil at
terskelen for å få ein sjukeheimsplass skal vera lågare.
5. Kva vil de gjera for å sikra eit godt oppvekstmiljø i kommunen?
Nokre stikkord er: Ein trygg skuleveg, fleirbrukshall, ridehall, MOT-arbeid, ein god skule med gode vilkår, full barnehagedekning
og å støtta frivillige lag og organisasjonar i deira arbeid og vera positive og lyttande når nye tiltak for born og unge vert
føreslått.
6. Kva er den viktigaste saka ditt parti vil ha gjennom for dei unge i løpet av fireårsperioden.
Summen av våre saker skal gje kommunens unge ein aktiv og meiningsfull oppvekst i trygge og positive omgjevnader. Trygge skulevegar
og fleirbrukshall vil nok vera det som viser best igjen.
7. Kva vil ditt parti gjera for å leggja tilrette for nyetableringar i næringslivet?
Frp vil syta for rask og positiv sakshandsaming og syta for attraktive næringstomter. Ein må òg synleggjera dei gode kommunikasjonsmogelegheitene
E134 og sjøvegen gjev næringslivet i kommunen. Det vil òg vera viktig å aktivt søkja potensielle etablerarar, og henta dei
inn til kommunen. Me vil tenkja nytt og vera opne for positive tiltak.
8. Korleis skal det skapast fleire arbeidsplassar i kommunen?
Dette vil Etne Frp gjera ved å profilera kommunen meir med tanke på turisme og fremjing av Etne som eit handelssentrum. Sjå
elles spørsmål 7.
9. Kva vil de gjera for å skaffa fleire bustadtomter og kvar bør dei liggja?
Etne FrP ynskjer nyetablering i heile kommunen, men vil og leggja til rette for bustadetablering i sentrumsnære område for
dei som vil bu sentralt. Me er positive til å gje løyve til bustadfelt både i grender og sentrumsnære område slik at innbyggjarane
sjølv kan velja kvar dei vil bu.
10. Korleis vil de stimulera til at det skal vera mogeleg å driva med eit aktivt landbruk framover?
Etne Frp ynskjer at bonden i større grad skal få bestemma over sin eigen eigedom, og me vil vera positive til nytenking og
effektiviseringstiltak. Å tala bonden si sak overfor fylkesmannen vil vera viktig i så måte.
11. Korleis vil de handheve bu- og driveplikta?
Etne Frp ynskjer letta i krava til bu- og driveplikt, men meiner at kvar sak må vurderast for seg.
12. Vil ditt parti flytta inn eller ut kommunale arbeidsplassar/oppgåver til/frå kommunesenteret, eller bør det vera som i
dag?
Me har ingen konkrete planar om å endra dagens situasjon.
Etne Frp vil auka fokuset på det førebyggjande haldningsarbeidet og fremja Etne som MOT-kommune. Me vil òg arbeida for auka ressursar til lensmannsetaten og samarbeida aktivt med politiet om rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak.


