Kalender Hordaland

06.06.07 23:56

Ordførar-Kandidat: Roger Nilsen

Vyrde Veljar!

   Den 10. september 2007 er den viktige dagen der du kan gje ditt bidrag til korleis Etne kommune skal styrast i åra som ligg føre oss. Me i Fremskrittspartiet ynskjer å spela på lag med innbyggjarane for å skapa ein livskraftig og god kommune å bu i, og for å klara dette treng me nettopp di stemme i kommunevalet. Etne FrP har sett saman eit program som skal syta for vekst i heile kommunen, der målet er å snu fråflyttinga, knytta grendene nærare saman og gjera Etne kommune til ein attraktiv stad å setja bu og etablera næring. Me har stor tru på at dei rike kulturhistoriske og naturgjevne ressursane skal setta oss i stand til å byggja ei rik framtid saman. Ikkje minst har etableringa av Etne Senter vist at innbyggjarane er i stand til å skapa positive tilbod som trekkjer sitt publikum ifrå heile distriktet. Eit godt valresultat for Etne FrP vil leggja grunn for at kommunen vil sjå meir til slike vellykka etableringar, og me ser fram til å samarbeida med dei øvrige partia i å skapa eit betre Etne.
 
Som ordførarkandidat har eg eit sterkt ynskje om å verta din egen ombodsmann, verta den du kjem til for hjelp når du føler deg motarbeida av det offentlege, eller treng assistanse i handsaminga av saka di. Eg ynskjer å syta for at kommuneadministrasjonen vert endå meir tilgjengeleg og imøtekomande, slik at kvar og ein innbyggjar og etablerar i Etne kommune skal motta så god handsaming som råd er. Meir enn noko meiner eg det er nødvendig å lytta til kva innbyggjarane i bygdene og grendene våre synest er viktig for deira nærmiljø når prioriteringar skal gjerast.
 

Eg er ingen hardbarka politikar som er låst i mine meiningar, men ein 38-årig sjukepleiar som synest Etne kommune er ein flott kommune å bu i og som vil gje alt for at innbyggjarane skal trivast ytterlegare. Det er mitt mål at heile kommunen skal bløma til eit vitalt samfunn i åra som kjem, og bli Noregs beste kommune å veksa opp, bu, arbeide og bli gamal i. Arbeidserfaringane mine strekk seg innom administrasjon, kvalitetssikring, informasjonsteknologi, ambulanse og sjukepleie. Eg har leiarerfaring som områdeleiar og offiser i Sjøheimevernet, som leiar i frivillige organisasjonar og som instruktør.

For litt over to år sidan flytta eg til Etne med min sambuar, som også er sjukepleiar, og hennar born. Me kjøpte oss eit eldre hus på Enge som me framleis renoverer til moderne standard. Her trivest me og har berre gode ord å seia om skule, fritidstilbod, folk og fe. At eg er relativt nyinnflytta, og ukjend for dei fleste, kan kanskje gjera deg usikker på om du vil bruka stemma di på meg? Sjølv ser eg det som ein fordel at eg kan møta alle med eit ope sinn, upåverka av kven du er. Om du kjem med ei sak frå Skånevik, fjorden, Etnesjøen eller andre grender kan eg lova deg lik handsaming og same gode service. Saman kan me bringa Etne kommune til nye høgder.
Framtida er i DINE hender - GODT VAL den 10. september 2007.
Beste helsingar;

 

Roger Nilsen,

Ordførarkandidat

Etne Fremskrittsparti