Presisering av saker i media
For dei som fekk med seg radioen i går, så kan ein utifrå korleis NRK vinkla det eg sa på årsmøtet, oppfattast som at FrP vil leggje ned skular. Det er ikkje riktig. Det som er riktig er at på grunn av elevnedgangen, og derigjennom nedgang i finansieringa til skulane så er vi nødt til å gjere grep ganske raskt. Dette vedtok vi også einstemmig i ein resolusjon på årsmøtet, der vi presiserte at vi ønskte å bruke Fritt Skuleval for at elevane skulle styre denne utviklinga. Dette har eg presisert til NRK, men dei har tydelegvs ein eigen agenda. På spørsmål om dette, er det berre å svare at det er ikkje FrP som vil legge ned skular, det er berre ein konsekvens av utviklinga. Vi ynskjer å være i forkant slik at ein får gjort strukturendringane på ein skikkelig måte. Og for dei som høyrde talen min på årsmøtet, så veit dere at nedlegging av skular ikkje var medisinen vi hadde for å rette opp den "rødgrønne skampletten"
Når det gjeld flyplassar er det NRK presenterer idag heilt feil. Eg presiserte ved fleire anledningar at Sogn og Fjordane FrP ikkje har tatt standpunkt i denne saka, og at dette skal vi ha grundige debattar og prosessar i partiet på. Eg presiserte også at mi personlege meining var at hvis vi fekk eit like godt eller betre tilbod ved å leggje ned Anda og Bringeland, så var eg personleg positiv til dette. Då må det likevel kompenserast gjennom gigantiske overføringar til infrastrukturen i fylket, slik at folk ikkje får urimeleg lang reisetid til næraste flyplass. I tillegg må det til fleire avgangar, større fly, og fleire ruter hvis dette skal være aktuelt. Dette har også FrP sagt tidlegare. Seinast for eit år sidan då Per Sandberg sa det.
Dette er vel eit godt døme på korleis media vinklar sakene slik dei sjølv ynskjer, og ikkje nødvendigvis slik det eigentleg er. Dette må både eg og alle andre ta lærdom av.
mvh
Frank Willy
