Kalender Sogn og Fjordane

14.08.10 22:58

Djuvik trekkjer seg frå styret i Sunnfjord Energi AS

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane FrP, Frank Willy Djuvik, informerte fredag styreleiar i Sunnfjord Energi AS, Harry Mowatt, og Ordførar i Førde, Nils Gjerland om at han trekkjer seg frå vervet som styremedlem i selskapet.

Som både Fylkesleiar i FrP, Gruppeleiar i Fylkestinget og medlem av Fylkesutvalet, meiner Djuvik at han ikkje kan sitte som styremedlem i kraftselskapet. - Innbyggjarane i fylket må være sikker på at Framstegspartiet behandlar alle saker, også dei som vedkjem kraftbransjen, på ein objektiv måte, seier han.

Her er den fullstendige grunngjevinga frå Djuvik:

Etter at eg vart vald inn i Fylkesutvalet i april, har eg ved fleire høve følt meg ukomfortabel med å handsame forvaltningssaker som involverer kraftbransjen og kraftinteresser. Sjølv om eg er habil til å handsame desse sakene etter gjeldande lovverk, og vil hevde at eg ikkje har tatt spesielle hensyn til kraftselskapa sine intersser i desse sakene, meiner eg at truverdet mitt vert svekka ved at eg behandlar forvaltningssaker der kraftinteresser er involvert så lenge eg sit i styret i eit av selskapa.
 
Den siste tida har det vorte stillt spørsmål ved om blant anna saker om fylkesplanar for vindkraft og vasskraft, samt traséval for ny 420kv-linje. har fått ei objektiv behandling i Fylkesutvalet. Sjølv om eg trur at politikarane i Fylkesutvalet har gjort sine vurderingar uavhengig av sine styreverv, så skjønner eg at folk flest kan stille spørsmål om habilitet i desse sakene. Som politikar er eg avhengig av å ha tillit til at innbyggjarar i Sogn og Fjordane veit at eg og FrP har ei objektiv vurdering av sakene som kjem til politisk handsaming.
 
Eg kan desverre ikkje sei meg innhabil i behandling av slike forvaltningssaker i Fylkesutval og Fylkesting, sidan eg er habil etter lova. I tillegg er det opp til det enkelte organ å vurdere habiliteten til medlemmane av organet. Hvis Fylkesutvalet hadde godtatt at eg var innhabil i saka, ville det skapt presedens for store deler av resten av medlemmane i utvalet. Så lenge eg er habil i saka, er eg også pliktig til å delta i handsamminga av den.
 
Sjølv om dagens lovverk seier at eg er habil, kjem det også nye reglar etter kommunevalet neste år som kjem til å skjerpe inn på medlemmer av bedriftsstyre sitt høve til å delta i handsaming av saker som vedkjem selskapet. Dette betyr at sentrale myndigheter allerereie idag meiner at eg er innhabil i slike saker, men vil vente til etter kommunevalet for å gjere det litt "enklare".
 
Når eg vart vald inn i styret i Sunnfjord Energi, var eg berre vararepresentant til Fylkestinget, og såg då ikkje at eg kunne komme i ein konfliksituasjon. Eg tenkte heller ikkje over kor feil denne samanblandinga er i forhold til folk si vanlege rettsoppfatning, før dette vart ei sak i media. Utover hausten skal Fylkeskommunen handsame ei rekkje med saker som får innverknad for kraftbransjen i fylket, og eg føler at det svekkjer mitt truverde som objektiv folkevald når eg skal handsame desse sakene, samstundes som eg sit i styret i Sunnfjord Energi AS.

 

For ytterlegare kommentar eller info:

- Fylkesleiar, Frank Willy Djuvik, tlf 458 14 156, e-post frank.willy.djuvik@gmail.com

Bilde av Frank Willy Djuvik utanfor Sunnfjord Energi på www.flickr.com