PRESSEMELDING I SAMBAND MED UTSETJING AV SKAKKESENTERET
Etne FrP har gjennom to år sett med bekymring på den økonomiske sida av Skakkeprosjektet, og advart mot ei gjennomføring med grunnlag i at rimelegare løysningar burde ha vore greidd ut når Skakkesenteret over tid har teikna til å bli så dyrt. Dette har fleirtalet i kommunestyret ikkje sett på som relevante argument, sjølv ikkje med meir enn ei dobling av driftsutgiftene det siste året.
At Skakkeprosjektet, med Kulturhuset BA i spissen, no ikkje har fått ordna den naudsynte finansieringa visar at Etne FrP si bekymring har basis i realitetar. Realitetar som finansieringsinstitusjonane sannsynlegvis har basert sine avslag om finansiering på.
Dersom Kulturhuset BA i tida som ligg føre oss likevel skulle få på plass ei alternativ løysning på finansieringsproblema sine, er det framleis grunn til bekymring for den økonomiske framtida til dei involverte partane, både Etne kommune og dei frivillige organisasjonane.
Etne kommune har, som me har peikt på gjentatte gonger, store utfordringar innan lovpålagd tenesteyting som for ein stor del også må lånefinansierast. Mykje kan gjerast med dei millionane som årleg blir til overs om ein ikkje bygger Skakkesenteret. Dei frivillige organisasjonane legg overskotet ifrå Etnemarknaden til grunn for store deler av finansieringa av sine utlegg. Dette har til ei viss grad vore tilstrekkeleg til handteringa av forpliktingane i samband med dagens kulturhus. Framtidige overskot frå Etnemarknaden kan ingen spå om, særleg ikkje med den nye flotte profilen Marknaden har fått med si konsertsatsning.
Etne FrP meiner framleis at det ansvarlege vil vera å bygga ein fleirbrukshall som vil innehalda det same tilbodet til lokalsamfunnet som Skakkesenteret. Det vil nok ikkje verta like godt å kvila augene på ei slik alternativ løysning, men tilbodet vil ikkje bli svekka. Viktigast av alt er det at Etne kommune i samarbeid med dei frivillige organisasjonane kan få dette til innanføre ansvarlege økonomiske rammer for alle partar.
I samband med lovlegkontrollen av Skakkevedtaket (Sak 055/09) har Etne FrP peika på ei alternativ, og etter vårt syn mykje betre, løysning for Etne vidaregåande skule. Dette alternativet har i følgje ordføraren ikkje blitt presentert for Hordaland Fylkeskommune, noko me håpar på at blir gjort snarast råd er.
Utsetjinga av Skakkeprosjektet, og styret i Kulturhuset BA si kritikkverdige handsaming av økonomien i prosjektet, visar at tida er overmoden for at ein no må innsjå at ein må greia ut andre løysningar og eit rimelegare alternativ til Skakkesenteret.
Etne kommune må nå bruka det neste halve året til å få på plass krøllgrasbanen som skal erstatta grusbanen det uansett skal byggast på, slik at fotballen har ein stad å gå til når bygginga kjem i gong.
Grunna lovlegkontrollen er det mogeleg for Etne kommunestyre å gjera om vedtaket den 22.09.09 og satsa på noko som er meir økonomisk løyseleg for Etnesamfunnet.
JA til fleirbrukshall – NEI til Skakkesenteret!
For Etne FrP
Roger Nilsen Audun Namtvedt (sign) Arvid Skoge (sign)
gruppeleiar kommunestyremedlem kommunestyremedlem
Sjå http://etne.frp.no for utfyllande informasjon om våre standpunkt i denne saka.

