Kalender Sogn og Fjordane

04.02.07 18:41

Det var i laurdagens Firda at rådmann i Førde, Ole John Østenstad, i forbindelse med saka om tyskebrygge-ideen, hevda at ein måtte kunne stole på kommunen i utbyggjingsaker. Frank Willy Djuvik presiserar at Framstegspartiet ikkje støttar denne ideen, men han synst det er umåteleg frekt overfor byggje- og eigedomsbransjen i Førde, at rådmannen prøver å framstille det som at kommunen følgjer ein ”sentrumsutviklingsplan”. Når realiteten er at planane i Førde kommune berre gjeld fram til det kjem ein ny byggjesøknad.

 

Framstegspartiet viser til at plansjefen heilt fram til 2005 fortalde næringa og andre at Førde sentrum skulle fortettast. – Det vart teikna inn ein sirkel der grensa gjekk ved Løken, Hafstad vgs og Førdehuset. Dette var sentrumsområdet plansjefen hevda skulle fortettast. Berre nokre få månader etterpå godkjenner kommunen oprettinga av ein heilt ny ”bydel” på Brulandsvellene. Dette er ikkje forutsigbarheit, og det gjer ikkje til at ein kan stole på Førde kommune, seier Djuvik.

 

- Det som kommunen no held på med, gjennom utbygginga på Bruland, innføringa av eigedomsskatt og bygging av nytt rådhus, vil føre til ei katastrofe for eigedomsnæringa og handelsstanden i Førde, hevdar Djuvik. Desse næringane er ikkje i stand til å takle så store omveltningar over så kort tid, kombinert med null forutsigbarhet.

 

Djuvik meiner det vil stå mange tomme lokaler, og mykje vidu dekka med papp i Førde i åra som kjem. – Det er ei rekkje butikkar i Førde som allereie i dag balanserar mellom raude og svarte tall på bunnlinja, dei vil nok ikkje klare ei slik omveltning som no skjer på veldig kort tid i Førde, med kraftig konkurranse frå den nye ”bydelen” på Brulandsvellene kombinert med auka FTV-kostnader grunna eigedomsskatt. Då blir det patetisk når rådmannen seier at ein må kunne stole på kommunen, avsluttar nestformann i Førde FrP, Frank Willy Djuvik.
Frank Willy