Radøy FrP om Helse og Eldre :
”Eit samfunn sitt velferdsnivå vert først og fremst målt ut i frå korleis det tek vare på dei eldre og dei svakaste”
Radøy FrP seier:
- Ja til forebyggjande tiltak i heimen, slik at dei som ønskjer det skal få mogelegheit til bu heime så lenge dei sjølv vil.
Det er ikkje alltid det er så mykje som skal til for at kvardagen vert enklare. Ei sklimatte i dusjen, eit handtak på ein vegg, tidsur på komfyren o.l kan hindre lårbeinsbrot, ulykker o.a med dei problem og smerter det fører med seg. Dei fleste eldre i dag har hus som gjer at dei kan bu heime med litt tilretteleggjing, dersom dei vil det.
- Vi ønskjer å tilby enkeltrom til dei som ønskjer det.
Det skal ikkje vere slik at dersom ein må flytte på institusjon mister ein alt som heiter privatliv.
- Ja til å auke grunnbemanninga og styrkje heimetenesta.
Det er krevande og tungt å arbeide innan eldreomsorga. Mange tunge løft, mangel på tid og dårleg samvit fordi ein ofte føler at ein har det for travelt til å gje anna enn den nødvendige pleien slit på mange. Ved å auke bemanninga kan ein gje dei ansatte i denne sektoren ein arbeidsstad som ikkje går på helsa laus.
- Ja til sjølvstyrte institusjonar med brukaren med i styret.
Eit større samarbeid her vil gjere kvardagen betre for både ansatte og brukarar.
- Radøy må ha tilstrekkjeleg med korttidsplassar til avlastning for dei som påtek seg omsorgsoppgåver.
Dei som påtek seg omsorg for sine eigne må få mogelegheit til pusterom i kvardagen. Kommunen må legge til rette for at dei som påtek seg slike oppgåver kan ha eit liv utanom.
- Alle med trong for heildøgns omsorg skal sikrast plass på Velferdsenteret eller i omsorgsbustad.
Når ein ikkje lenger maktar å bu heime, må det vere sjølvsagt at det offentlege har plassar tilgjengeleg slik at ein vert sikra ein verdig og trygg alderdom.
- Eldrerådet er ein ressurs med viktig kompetanse innan spørsmål som angår kommunen sine eldste.
Eldrerådet gjer ein fantastisk jobb, dei er dei eldres talerør. Vi som politikarar skal lytta til dei signal og råd eldrerådet kjem med.
- Ja til privat initiativ til byggjing og drift av seniorbustadar og eldreinstitusjon.
Dersom private vil byggje og drifte institusjonar og seniorbustadar, skal dette sjåast på. Det er kommunen som definerer innhaldet og kvaliteten på tenestene, og då kan ein ikkje seie at kvaliteten vil bli dårlegare. Om det er kommunalt eller privat speler ingen rolle, så lenge ein får dei beste tenestene til ein best mogeleg pris.
- Ja til helse- og trivselsreiser.
Det starta med organiserte reiser for seniorane. I andre kommunar har dei utvida dette til også å gjelde langtidssjukemeldte og andre. Dette må vi kunne leggje til rette for også i Radøy.
Godt val 10. september.
For Radøy FrP
Lena Bø Nilsen, Ordførarkandidat

