Kalender Hordaland

15.08.07 22:00

Næringspolitikk i Radøy

 

For at Radøy kommune skal kunne oppretthalde det tenestenivået vi har pr i dag, er vi avhengig av at fleire bedrifter ønskjer å etablere seg i kommunen og at dei eksisterande bedriftene fortsett å vere her. Dette vil gje kommunen auka inntekter, noko som vil komme alle til gode.

 

Radøy FrP seier:

  • Ja til ein offensiv næringspolitikk

Radøy skal assosierast med vilje til å satsa på næringslivet og legge forholda til rette for eksisterande og nye bedrifter.

  • Ja til å stille kommunale areal til rådvelde for næringsutvikling

Når bedrifter treng areal, må kommunen vere forberedt. Då er det viktig at planar allereie er utarbeidd og at vi har tilgjengelege areal å tilby.

  • Gode rammevilkår er ein forutsetnad

For at bedriftene skal vere konkurransedyktige i ein hard marknad, er det viktig med forutsigbare og gode rammevilkår. Stabile økonomiske rammer og planar, og ei forutsigbar politisk styring kan vere med å gjere nettopp våre bedrifter til vinnarar i marknaden.

  • Ja til eit tett samarbeid mellom kommunen og næringslivet

Det er i kommunen si interesse å vere i tett dialog med næringslivet for å leggje forholda til rette for ei positiv utvikling, både for bedriftene og lokalmiljøa rundt.

  • Ja til like konkurransevilkår mellom offentleg og privat sektor

Målet er at den som kan utføre den beste jobben til rimelegaste pris, skal få mogelegheit til å gjere det. Det er kommunen som definerer innhaldet, dermed kan ein ikkje seie at kvaliteten vil gå ned.

  • Ja til å styrkje marknadsføringa av Radøy som ein turistkommune, og leggje forholda til rette for idear og aktivitetar som gjer kommunen meir attraktiv

Radøy har mykje å by på og det er stort potensiale til å gjere enda meir ut av det. Vi skal marknadsføre kommunen utad både som turistkommune, men og som ein god stad å bu. Private som driv med turisme eller har planar om det, skal ikkje møte anna enn velvilje og oppmuntring hjå kommunen.

  • Vi ønskjer å gradvis redusere eigedomsskatten, for på sikt å fjerne den heilt

Eigedomsskatten har auka år for år sidan den vart innført, og dersom ikkje det politiske landskapet endrar seg etter valget, vil den nok aukast med den siste promillen også. FrP meiner at bedriftene skal sleppe denne skatten, då dei allereie har betalt sine skattar og avgifter. Det vil og vere eit viktig signal til bedriftene om at vi treng dei i kommunen, både for inntekta dei bidreg med og for arbeidsplassane sin del.

 

Vil du vite meir om Radøy FrP, besøk heimesida vår www.radoy.frp.no

Godt val 10. september!

 

for Radøy FrP

Lena Bø Nilsen

Ordførarkandidat