Radøy FrP om Skule og barnehage
Radøy FrP seier:
- Ja til å oppretthalde dagens skulestrukrtur
Skulen ein viktig del av grunnlaget for levande bygder, for at barn og unge skal ha trygge og gode oppvekstvilkår og for at bygda skal ha ein samlingsstad til ulike aktivitetar også på fritida.
- Ja til å bruke meir pengar på skulemateriell
I eit kunnskapssamfunn der utviklinga går fort, er det nødvendig for kvaliteten i opplæringa at skulemateriellet held dagens standard.
- Ja til meir IT-utstyr og IT-kompetanse i skulane
I dagens samfunn vert data og datakunnskapar meir og meir viktig for å halde tritt med utviklinga. Difor er det viktig at skulane har godt IT-utstyr og at vi ligg til rette for god og oppdatert kompetanse hjå lærarane, for å rusta borna til møta samfunnet seinare. Særskild viktig er det for dei borna som ikkje har tilgang til slikt utstyr heime.
- Ja til å sørgje for at undervisningsmateriell og undervisningslokaler til ein kvar tid er vedlikeholdt og oppdatert
Borna er framtida og det er vi som har ansvaret for å gje dei den best mogelege start. Då treng dei nye bøker og anna nytt skulemateriell. Borna tilbringer store delar av kvardagen på skulen, dette er deira arbeidsstad. Difor må vedlikeholdet ikkje nedprioriterast. Då vil vi unngå at borna må opphalde seg i skadelege og sjukdomsfremjande innemiljø.
- Ja til full barnehagedekning
Samfunnet i dag er slik at dei fleste er nødt til å ha to inntekter, og dei er avhengige av å ha ein ein trygg plass der borna kan vere når dei er på arbeid.
Barnehagedekninga i Radøy er god, sjølv om ikkje alle får sine førsteprioriteringar innfridd. Vi må fortsette med å gjere dekninga betre, slik at alle kan få eit tilbod dei er tent med.
- Ja til dei som ønskjer å byggje private barnehagar, og til likebehandling mellom kommunale og private barnehagar
Om det melder seg private interessentar til å byggje eller drive private barnehagar i Radøy skal desse møtast med ei positiv haldning. Eit godt tilbod kan då verte enda betre.
- Nei til mobbing og vold. Skulane skal ha eit strengt ordensregelverk
Skulane skal driva haldningsskapande arbeid og slå ned på uønska åtferd. Diverre har nokre born ein traumatisk skulekvardag pga mobbing og vold. Slik skal vi ikkje tolerere i Radøy.
- Vi ønskjer å kunne tilby fri skuleskyss til dei som har trong for det
Vegane på Radøy har ikkje vorte utbetra i takt med trafikkauken. Dette gjer at strekningar som var rimeleg trygge før, ikkje kan seiast å vere det lenger. Staten har sine fastsette grenser. Men om den økonomiske stoda skulle opne for det, vil vi sjå på mogelegheitene for å tilby skuleskyss ut over dei fastsette minimumsgrensene.
Ønskjer du å vite meir om Radøy Frp, besøk oss på heimesida www.radoy.frp.no
Godt val 10. september!
for Radøy FrP
Lena Bø Nilsen
Ordførarkandidat

