Kalender Hordaland

Oppdatert 31.07.07 14:27

Kommunedelplan for Radøy Sør og industriutvikling

 

Svar til Tore Pedersen og Vetåsbygda.

I Nh 7/2-07 peikar ein på at Vetåsbygda også vil vere med å bestemme over utviklinga i lokalmiljøet. Sjølvsagt skal dei det, og det er dette arbeidet som no vert sett i gong. Det vi snakkar om er oppstart av ein plan for å sjå om ein kan utvikle vidare industrien i området. For å kunne komme med innspel til planar, må det vere ein plan å komme med innspel til... Det som skjer framover no, er at Radøygruppen må komme med sine planar og så må andre kome med innspel for å få denne best mogeleg, slik at alle kan leva med den. Hvis ikkje det skjer, kan planane verte skrinlagde. For øvrig har området vore regulert til industriområde sidan tidleg på 70-talet, og dette må vi ha i tankane og.

Bakgrunnen for at eg sa at Radøy ikkje har råd til å seie nei, ligg i ei tidlegare sak, nemleg planane om ein vindmøllepark på Mjøs. Der fekk Senterpartiet fleirtal for å seie nei til oppstart av planarbeid med den konsekvens at vi ikkje ein gong får ein plan å forhalde oss til. Då kan vi heller ikkje ta ei avgjerd på om vi vil ha vindmøller eller ei. Slik kjem vi ikkje vidare, og det vert umogeleg å få noko til.

Radøy kommune treng å få meir industri, det hjelper ikkje vår økonomi at bedriftene etablerar seg i nabokommunane. Kvaliteten på kommunen sitt tilbod til innbyggjarane er avhengig av at vi klarar å skape inntekter og dette er det bedriftene som kan hjelpe oss med. Difor har vi ikkje råd til å seie nei, før vi har eit grunnlag å ta denne avgjerda på. Som politikarar er det også vårt ansvar å skaffe pengar i kassen, slik at vi kan tilby Radøy sin befolkning det dei har krav på og forventar å få. 

 

Når det gjeld vegen på Vetås er dette ein fylkesveg, og ut i frå det ordføraren har sagt, er det allereie samtalar mellom kommunen og fylket om utbetring av denne.

 

Det som er viktig frametter, er at det vert ein open og god dialog mellom Vetåsbygda og Radøygruppen. Slik eg har forstått det vil det verte bygdemøter der alle får kome fram med sine synspunkt. Så får vi sjå kva som kjem ut av det, i ei slik sak må nok alle gje og ta om ein skal kome nokon veg. Framtida vil vise om det vert utbygd eller ei, men det er på ingen måtar avgjort på noverande tidspunkt, først må vi ha ein plan på bordet å ta avgjerda ut i frå.

 

Mvh

 

Lena Bø Nilsen

Gruppeleiar, Radøy FrP