Kalender Sogn og Fjordane

25.08.09 17:13

Regjeringa prioriterar innvandring framfor sjukehus

Vi i FrP har i denne perioden kome med mange forslag for å styrke helsesektoren og sjukehusa. Dette har dei raud/grøne regjeringskameratane
røysta ned med den begrunning at dei har løyvt nok pengar til helse, og at sjukehusa får ikkje meir.

Når pengane til innvandring som dei har løyvt i budsjettet er brukt opp, vert det automatisk løyvt meir pengar til desse.

Sektoren som har ansvaret for innvandrarane, UDI, var budsjettvinnaren i år. Dei fekk auka sine løyvingar med 150 %.

Dette viser at SV er budsjettvinnaren og slik vi kjenner SP er dei taparane.

Under behandlinga av statsbudsjettet fremja vi forslag i vårt alternative budsjett om meir pengar til helse, sjukehus, kommunar, politi og samferdsle. Då vart vi stempla av Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen og Liv Signe Navarsete som totalt uansvarlege.

Kva har vi sett i denne valkampen?

Dei raud/grøne har no reist land og strand rundt og lova ekstramidlar til mest alle sektorar. Dette viser med all tydelegheit at dei løyvingane som dei skrytte hemningslaust ved budsjettbehandlinga, innrømmer dei no var altfor dårlege.

Det er berre sjukehussektoren som må klare seg med smulande dei fekk løyvt av dei raud/grøne.

Det einaste sjukehussektoren har fått er ei ny reform, som sannsynlegvis vil gjere det vanskelegare for sjukehusa i distriktsfylke som Sogn og Fjordane.

Åge Starheim
Stortingsrepr. FrP