Nummer: 1
Fremja av: Åge Starheim, Lars-Svein Drabløs og Svein Hansen
Nedlegging av helseføretaka og makta tilbake til Stortinget
Sogn og Fjordane FrP meinar at Stortinget må få meir makt over strukturelle endringar på sjukehusa.
I dag er det slik at byråkratar kan legge ned viktige funksjonar på sjukehus utan at det kjem opp til politisk behandling på Stortinget.
Sogn og Fjordane FrP meiner at helsebyråkratar har rasert akuttfunksjonane på sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal. Dette har medført at store deler av befolkninga i fylket føler usikkerheit for liv og helse.
Slike omstruktureringar skjer ikkje berre i Sogn og Fjordane. Dette er noko som går føre seg i heile landet, der folk flest føler at dei vert fråtekne viktige akuttfunksjonar ved enkelte sjukehus, som set liv og helse i fare. Grunnen til folk si negative haldning til desse omstruktureringane er at dei medfører mykje lengre veg til akuttsjukehus, som i mange tilfelle må skje på dårlege vegar.
Sogn og Fjordane FrP meinar at det ikkje kan vere slik at det berre er statsråden som kan godkjenne byråkratane sine vedtak om å legge ned livsviktige funksjonar ved sjukehusa. Sogn og Fjordane FrP meinar at inntil ein har fått lagt ned dei regionale helseføretaka og oppretta eit helsedirektorat, som må forholde seg til Stortinget sine politiske vedtak, må helsestatsråden legge fram for Stortinget nedskjeringsforslag som kjem frå byråkratane.
Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane FrP ber Stortingsgruppa til FrP syte for at det snarast vert fremja forslag i Stortinget om å legge ned helseføretaka og at det vert oppretta eit helsedirektorat, slik at det vert ført ein einsretta helsepolitikk i heile landet, under styring av Stortinget.
Nummer: 2
Fremja av: Åge Starheim og Lars-Svein Drabløs
Pasientomboda må styrkast
Samhandlingsreforma har trådt i kraft frå 01.01.12, og den enkelte kommune er no tildelt oppgåver som vil stille krav om auka oppfølging og behandling av pasientar.
Sogn og Fjordane FrP fryktar at kommunane vil ønskje å spare midlar ved å opprette avdelingar for å behandle eldre pasientar sjølve, pasientar som tidlegare har vore behandla på sjukehus.
Sogn og Fjordane FrP vil be stortingsgruppa til FrP om å fremje forslag i Stortinget om å styrke pasientomboda slik at dei har ressursar til og å kunne følgje opp pasientar også i kommunane.
Nummer: 3
Fremja av: Frank Willy Djuvik
Kompensasjon for rasutsette stader
Nyleg vart det lagt fram ei oversikt frå Statens Vegvesen som synte at det berre på Vestlandet er behov for 40 milliardar kroner for å rassikre dagens riks- og fylkesvegnett. Samstundes vert det bevilga berre 1 milliard kroner i året til rassikring der ca halvparten vert brukt på Vestlandet. Med denne løyvingstakten vil det altså ta 80 år å rassikre dagens vegnett, med dagens kjende raspunkt.
Framstegspartiet foreslo i sitt alternative statsbudsjett å auke bevilgningane til rassikring med 600 millionar kroner årleg, noko som hadde gitt Vestlandet ca 300 millionar meir, og «berre» 50 år i gjennomføringstid.
Det er eit offentleg ansvar å sikre at dei som ferdast på vegane er trygge. Dessverre ser dette ut til å være eit ansvar som ikkje er heilt enkelt å oppfylle når det gjeld rassikring. Samstundes som behova aukar på vegsektoren, og meir og meir av midlane vert teken inn i form av bompengar, vert det vanskelegare å få realisert kostbare og samfunnsøkonomisk ulønnsomme prosjekt blant anna i vårt fylke.
Enkelte bygder og samfunn er heilt avhengig av at innbyggjarane nyttar svært rasfarlege veger, sidan dei ikkje har alternative vegar. Fleire og fleire vel å flytte for å sikre tryggleiken til seg sjølv og familien, og mange må forlate eigedommane sine utan høve til å hente ut gevinst av eit eventuelt sal.
Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane FrP ynskjer at Fylkeskommunen utgreier høvet for å innføre ein kompensasjonsordning som sikrar at dei som ikkje har rassikre alternativ får høve til å velje tryggleiken for seg sjølv og familien, utan å måtte gå personleg konkurs.
Fylkesårsmøtet ber vidare om ei utgreiing som syner kor mange rassikringsprosjekt som gjeld vegar til stader med under 20 innbyggjarar og over 100 millionar i anslått kostnad, og kor mykje ei eventuell kompensering av desse innbyggjarane kan gje i frigide midlar til andre rassikringsprosjekt i fylket.
Nummer: 4
Fremja av: Selje FrP
Transfeitt
Transfeitt er eit skadeleg feitt og namnet på eit kjemisk endra vegetabilsk feitt til bruk i næringsmiddelindustrien.
Herdeprosessen feittet går gjennom ,gir det eit høgre smeltepunkt og ei fastare form. Transfeittet som blir danna under herdinga ,fører til at feittet ikkje harsknar og at ei vare kan holde seg i månadsvis.
Det ein no ser er at det er ein klar samanheng mellom inntak av transfeitt og auking av det dårlige kolesterolet LDL og at det svekkar det gode kolesterolet HDL. Dette aukar risikoen for hjerte /karlidelser ,kreft, demens osv. Transfeittet påverkar også hormona som styrer kronisk betennelsar alt frå psoriasis, astma, allergi, leddgikt, fibromyalgi, bekhterevs sjukdom og mage-og tarmbetennelse
Hovudkjeldene til transfeitt er:
Frityrfeitt som nyttast i gatekjøkken og fastfood-bransjen.
Frityrlaget som omgir frossenvare som fiskepanettar ,snitslar og liknande
Bakefeitt i kjeks, kaker og anna bakverk (særleg i produkt med lang holdbarheitsdato)
Suppe og sausposar
Potetchips og tilsvarande
Det fins gode erstatningar for transfeitt. Myndigheiter og fabrikantar jobbar no for å fjerne /minske transfeittet. Men for å få fortgang i dette ,er det to tiltak som må innførast snarast.
Det eine er å påby merking av andelen transfeitt på matvare som selgast i mat butikkane . Det andre er å innføre maksverdier.
Danmark har innført ei maksgrense på 2% av totalt feittinntak i alle matvare. I staten New York har dei forbudt transfeitt totalt, og nye retningslinjer frå USA går ut på at dei skal gå ned til 0,5% av det totale feittinnhaldet i ei vare.
I Noreg ville effekten av eit godt regelverk vere med på å auke kvaliteten på maten vi et og slik førebygge utvikling av sjukdomar og kroniske lidingar.
Kjelde:NTNU- Professor Berit Johansen i studioet i Trondheim Schrødingers katt NRK. Nett-Tv Berit er professor i molekyllærbiologi ved NTNU, og forskar på samanhenger mellom kosthald ,inflammasjonar og kroniske sjukdomar.
Nummer: 5
Fremja av: Selje FrP
Utdanning
Når elevar har gjennomført ein skrifteleg eksamen får dei ei tid seinare tilbake eksamensresultat med karakter. Til orientering står det at 6 er høgast og 1 er lågast karakter. Bestått karakter er 2 eller høgre.
Vidare står det under klage at du kan ikkje krevje grunngjeving av karakter til skrifteleg eksamen. Du kan klage på karakteren men for at den skal hevast, er det ikkje tilstrekkeleg at svaret kan synast noko strengt bedømt.
Når ein skal begrunne kvifor ein klager på ein karakter er det vanskeleg å ikkje bruke anna ord enn streng bedømt, sidan ein ikkje har fått noko grunngjeving av tildelt karakter.
Men uansett karakter, når elevar brukar tid og energi på å ta ei utdanning og har gjennomført ei skrifteleg eksamen burde dei automatisk få igjen kopi av utført eksamensoppgåve, samt skriftleg grunngjeving av karakter. Dette burde vere sjølvsagt, alle treng å bli gjort oppmerksam på kva feil dei har gjort, bli retta og rettleia for å forstå feila og slik vidare lære av dei.
Vist sensor gjev ei grunngjeving eller ein fasit løyst på oppgåve er det lettare for kvar enkelt elev å forstå nøyaktig det dei treng å arbeide vidare med.
Nummer: 6
Fremja av: Eid FrP
E39 skal fylgje dagens trasé
Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane FrP meiner at dagens E39-trasé over Anda-Lote og Stigedalen er det mest framtidsretta og det beste alternativet for framtidig E39 Skei-Ålesund.
Sogn og Fjordane FrP sin viktigaste prioritet er å få ein fullverdig stamvegstandard (gul stripe) gjennom heile fylket. Dette er viktig å få på plass før ein eventuelt startar med fjordkryssingar i milliardklassen.
I utgangspunktet var E39 tenkt som ein kyststamveg heilt frå Kristiansand til Trondheim, derav namnet «Kyststamvegen E39». I dei politiske prosessane med stamvegen såg ein seg også tent med at E39 skulle være eit verktøy for regional utvikling i dei mest folkerike områda av fylket, blant anna Førde. Vegen skulle være ei hovudåre gjennom fylket, med tilførselsvegar frå dei områda vegen ikkje gjekk gjennom. Denne situasjonen står framleis ved lag.
Fylkesårsmøtet ber om at Fylkestinget vedtek SV-K6 som framtidig trasé for E39, og at SV-K3 vert nytta som trasé fram til K6 kan realiserast.
Nummer: 7
Fremja av: Stryn FrP og Flora FrP
Ny trasé for E39
Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane FrP tilrår at alternativ SV K9 vert vald som eit første steg for E39 gjennom Nordfjord. Dette alternativet inneber at Fv60 frå Byrkjelo til Stryn vert oppgradert til riksveg, at det vert bygd tunnel gjennom Utvikfjellet og at E39 fylgjer Kvivsvegen frå Hornindal til Volda. Dette konseptet vil gje ferjefri riksveg gjennom Nordfjord raskt, og til ein realistisk kostnad, samstundes som ein får korta inn og opprusta Byrkjelo – Stryn som uansett vil være ein viktig gjennomgangsveg med stor trafikk.
Sogn og Fjordane FrP vil vidare tilrå at alternativ SV-K10 med bru ved Svarstad vert vald som framtidig E39 trasé. Dette vil korte inn vegen mellom Skei og Volda med 41 km i høve til SV-K2 (dagens trasé om Kvivsvegen). Denne framtidige løysinga vil nytte seg av tunnellen gjennom Utvikfjellet som er ein del av første byggesteg.
Sogn og Fjordane FrP vil presisere at E39, uansett vegval gjennom indre Nordfjord, ikkje kjem til å verte nokon «Kyststamveg» gjennom Sogn og Fjordane, og at den må supplerast med ein regional sambindingsveg langs kysten. Vi syner her til samarbeidet «Kystvegen Ålesund-Bergen» som er initiert av alle kystkommunane frå Bergen til Ålesund.
Fylkesårsmøtet støttar også framlegget om å justere traséen for E39 gjennom Sunnmøre slik at den vert lagt via Hareid-Sula i staden for Festøy-Solavåg som i dag. Dette vil legge til rette for at E39 og Kystvegen i framtida kan få felles ferjefritt samband over Sulafjorden.
Nummer: 8
Fremja av: Bjørg Sølvi Refvik
Forandring i grunnlovens § 2
Det har kome fram forslag i Stortinget om å endre grunnlovens § 2 i løpet av våren 2012. I dag seier § 2:
«Alle Indvaanere af Riket have fri religionsutøvelse. Den lutherske religion forbliver Statens offentlige Religion. De Indvaanere, der bekjende sig til den, ere forpliktede til at oppdrade deres Børn i samme.»
Samtlige Stortingspartier har no blitt enige om å endre § 2 til:
«Alle Indvaanere av Riget have fri Religionsutøvelse. Den kristne og humanistiske arv forbliver Statens verdigrunnlag.»
Det store problemet her er den store sjølvmotseiinga som er i setninga: «Den kristne og humanistiske arv.» Skal vi ha kristendom eller humanisme? Humanisme betyr. «å ha mennesket i sentrum.» Ein har trua på at mennesket sjølv er i stand til å ordne opp i livets problemer.
Kristendom betyr at Gud kjem i sentrum. Når mennesket kjem til for kort, kan Gud, som skapte himmel og jord, kome inn og hjelpe. Å ha desse to orda i same setning er totalt sjølvmotseiande. Kan slike motsatser vere formulert i vår grunnlov?
Spørsmålet er, når ein skal skrive ny grunnlov:
1 Skal ein ha Gud i sentrum?
2 Skal ein ha mennesket i sentrum?
Kven vil Norge stole på når «hav og bernning brusar»? Landet vårt er bygt på dei 10 Bud. Skal desse takast vekk slik at det
blir fritt fram? Vegen blir no kort til å forandre grunnlova ein gong til, der ein tek vekk orda «den kristne arven».
Framstegspartiet i Sogn og Fjordane ser med bekymring på utviklinga i samfunnet vårt der dei grunnverdiane som landet vårt er bygd på no blir tatt vekk bit for bit. Ekteskapet er blitt til ei pakt mellom «Intetkjønn», familierelasjonar blir totalt løyste opp og borna mister ei trygg ramme å vekse opp i. Vidare blir verdiane i kristendomen plukka vekk i alle samfunnslag. Alle religionar står likt.
Samtidig ser ein at vold og drap sprer seg i vårt samfunn og gjer det utrygt både ute og heime. Psykisk liding og rusproblematikk er eit aukande problem. Infrastruktur og trygg sjukehusstruktur går i oppløysing. Behova er enorme. Greier vi å ordne opp sjølve?
Vi har oppfatta det slik at partia på Stortinget trur at grunnlova må endrast slik for at kyrkje og stat kan skiljast. Det stemmer ikkje. Vi ber om at Stortingsgruppene revurderer si avgjerd og tenker over konsekvensen av ei slik endring av grunnlova, og kjem fram til at grunnlova skal bevarast som den er.
Nummer: 9
Fremja av: Sogn og Fjordane FpU
Religionsfridom
Norge vert eit stadig meir fleirkulturelt, og fleirrelgiøst samfunn. Framstegspartiet er eit liberalistisk parti som bygger på norsk og vestleg tradisjon og kulturarv med basis i det kristne livssyn, likevel er det viktig å være bevisst på forskjellen mellom den kristne tru og det kristne livssyn. Tru er ei privatsak, og FrP har aldri, og kjem aldri til å legge seg opp i kva folk trur eller ikkje, eller om dei veljer den kristne trua. Religionsfridom er ein av grunnpilarane i Framstegspartiet sin liberalistiske ideologi.
Med auka innvandring kjem det i større grad tilflyttarar til Sogn og Fjordane med fleirkulturell bakgrunn, som har ei annan tru (Jødar, Muslimar, Budistar, etc) en den norske statskyrkja. Mange av desse ynskjer å aktiv utøve sitt livssyn, og blant anna har Førde Islamsk Senter lenge jobba for å etablere ein moskè i Sogn og Fjordane.
Framstegspartiet vil ikkje gje økonomisk støtte til etablering av ein moske eller nokon andre religiøse bygg, utover det ansvaret vi har gjennom statskyrkjeordninga. Utover det, så forventar Framstegspartiet at utbyggingar av alle typar, ikkje berre religiøse, forhold seg til gjeldande lovverk både med tanke på Plan- og byggingslov, støygrenser i forureiningslova, og andre aktuelle lovverk. Så lenge lovkrav og finansiering vert handtert frå utbyggjar si side, vil ikkje Framstegspartiet motsette seg ei slik etablering.
Det er ingenting som heiter "litt religionsfridom", og Sogn og Fjordane Framstegsparti støttar ein reel religionsfridom og ynskjer ikkje at det offentlege skal blande seg inn i kva menneskjer trur, korleis dei utfører si tru, eller kvar dei utfører si tru, så lenge det ikkje strir med norsk lov.
Nummer: 10
Fremja av: Naustdal FrP
Fiber
Breibandstilknytting er svært viktig for at distriktsnorge skal vere konkurransedyktig med resten av landet. Medan Sogn og Fjordane har begynt å nærme seg nasjonalstandard på ADSL teknologi, ligg vi framleis milevis bak i utbygging av fiber.
Breibandstilknyttinga i Sogn og Fjordane nyttar seg i hovedsak av kopparlinjer og radiosamband, og har svært begrensa kapasitet. I tettbebygde områder kan det vere kommersielt lønnsamt å bygge ut fibernett, mens lengre ute i distrikta er det nærmast umogleg å bygge utan subsidiar.
Fiber og høgkapasitets breibandsnett vil være svært viktig for samfunns- og næringsutviklinga over heile Norge dei kommande åra, og dersom utviklinga held fram slik som den er i dag, vil Sogn og Fjordane komme ut blandt dei dårlegaste i klassen. Dersom Sogn og Fjordane skal ha folketalsutvikling, næringsutvikling og trivsel til innbyggarane er vi avhengige av ein god infrastruktur, og i tida framover vil høghastigheitsinternett vere like viktig som annan infrastruktur.
Sogn og Fjordane Framstegsparti skal vere ein forkjempar på fylkestinget og i kommunane for fibernett. Vi erkjenner at utan høghastigheitsbreiband er ikkje Sogn og Fjordane konkurransedyktige med resten av landet, som har denne infrastrukturen. Sogn og Fjordane Framstegsparti skal jobbe for at det skal vere mogleg å få kvalitetsbreiband i heile fylket, også utanfor fylkessentera.
Nummer: 11
Fremja av: Naustdal FrP
Gruvedrift
Norge er eit land som har store naturresursar, og har som ein konsekvens fått robuste næringar blandt anna innan olje, fisk og fornybarenergi. Ei næring som i mindre grad er utbred i Sogn og Fjordane er mineralindustrien, på tross av at vi har store mineralforekomstar i fjella våre.
I Naustdal ynskjer Nordic Mining å etablere gruvedrift på Engebø, med sjødeponi. Dette gruveprosjektet vil halde på i minimum 50 år, vil ha over 100 arbeidsplassar, og skal utvinne rutil frå Engebøfjellet. Det har vert usemje om sjødeponi er eit miljøforsvarleg og bærekraftig alternativ, noko fleirtalet i kommunen har stemt for at det er. Sjølv om det vart fleirtal i å sende planane vidare til miljøverndepartementet, er det stor usemje blandt partia i fylket, og det er viktig at Framstegspartiet leder vegen med å støtte gruvedrift og mineralindustrien.
Sogn og Fjordane Framstegsparti støttar gruvedrift med sjødeponi på Engebø, og vil vere positive til andre gruveprosjekt i fylket. Framstegspartiet ser at mineralindustrien kan bli ei viktig og robust næring i Sogn og Fjordane i åra som kjem
Nummer: 12
Fremja av: Naustdal FrP
Omkøyringsveg Florø-Førde
Florø er ein viktig del av næringslivet i Sogn og Fjordane, og etter nye oljefunn utanfor kysten er det mykje som tydar på at utviklinga i kystbyen vil halde fram i lengre tid. I dag går all trafikk til Florø fra Førde og omegn via Naustdalstunellen, og einaste omkjøyringsveg er vegen via Stavang. Dersom det skjer ei ulukke i tunellen kan vegen bli stengt i lengre tid, og det vil i stor grad gå ut over næringslivet i Flora Kommune.
Omkjøyringsveg mot Stavang er i svært dårleg stand og det er nærmast umogleg for store kjøyretøy å nytte seg av vegen. I eit samarbeid mellom Nordic Mining og fylkeskommunen skal vegen mellom Naustdal og Vevring delvis utbetrast dersom det vert gruvedrift på Engebø. Det er stor usikkerheit om dette vil bli ein realitet, då det framleis ikkje er avgjort om det vert gruvedrift. Dette er ein prosess som kan ta svært lang tid, og prosjektet vert tidlegast starta i 2015.
Tidlegare RV 5 over Ramsdalsheia er den gamle hovudvegen til Florø, men vart stengt då Naustdalstunellen åpna. Det er er truleg ei mykje rimlegare løysing å ruste opp denne vegen, en å gjere store omleggingar på vegen mot Stavang.
Årsmøtet i Sogn og Fjordane Framstegsparti krev at gamle RV 5 over Ramsdalsheia skal takast over av fylkeskommunen, og utbetrast så det vert ein omkjøyringsveg til Florø som også kan nyttast av store kjøretøy. Det er svært viktig at det finnast alternativt vegsamband til kystbyen, dersom Naustdalstunellen vert stengt.
Nummer: 13
Fremja av: Bremanger FrP
Barnevern
Tenkjer ein seg ei framtidig auke i barnevernssaker slik det har synt seg i fleire år, vil ikkje ressursane som tildelast strekkje til å kunne utføre dei lovpålagde oppgåvene barnevernet har. Dei seinare åra har mengda oppgåver og ansvarsområde auka betrakteleg innan barnevernet, men ressursane i same periode har ikkje auka i samsvar med dette.
Dersom ein tek dei tre siste åras auke i saker og tenkjer seg at den vil fortsette fram mot 2030, vil det seie at 140 000 barn og unge vil kunne ha behov for hjelp frå barnevernet. Slik at ein kan sikre dei som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får den naudsynte hjelp og omsorg dei treng.
Ressursane som settast inn i dag rekk knapt nok til å dekkje dagens behov, på tross av nye stillingar og at barnevernet har brukt mykje tid på å rette opp tidlegare feil, så styrast barnevernet i dag etter eit reknestykke som på sikt kan gje ein økonomisk kollaps i framtida.
Sogn og Fjordane FrP meiner at for å unngå ein barnevernskollaps i framtida er det naudsynt å auke ressursane til barnevernet monaleg og då med øyremerka midlar. Fylkesårsmøtet ber Stortingsgruppa ta tak i dette.
![]() |


